Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Marint vern - Lurefjorden

Lurefjorden og Lindåsosane

Tareskog og blautkorallen daudmannshand veks i dei straumrike sunda inn til Lurefjorden. Foto: Espen Rekdal ©

Unikt fjordsystem

I verdssamanheng er Lurefjorden eit unikt fjordsystem, og heilt spesielle artar har teke bustad her. Sterk straum gjennom sunda gir gode vilkår for tareskog og blautkorallar. I Lurefjorden dominerer kronemaneten heile næringskjeda og vi finn store mengder av ishavsåte.

Grunne tersklar og djupe pollar

Lindåsosane er skilt frå Lurefjorden gjennom to grunne sund som avgrensar vasstraumen frå fjordsystemet utanfor og gjer botnvatnet oksygenfritt. Utveksling av vatn mellom pollane og fjorden utanfor skjer gjennom tidevasstraumen. Lindåsosane har sin eigen sildestamme, som lever heile sitt liv innanfor pollane. For meir informasjon om dette unike fjordsystemet, sjå rapport og faktaark i meny til høgre.

Verneforslag

Det foreslåtte verneområde ligg innanfor kommunane Lindås, Radøy og Austrheim.

For meir informasjon om område, sjå lenke til faktaark, saksframstilling og grunngjeving i menyen til høgre.