Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Marint vern - Krossfjorden

Krossfjorden

Steinkobbe er ein av mange artar som bur i tareskogen. Foto Espen Rekdal ©Bilde: Steinkobbe er ein av mange artar som bur i tareskogen.

Rikhaldig kystnatur

Kandidatområdet  består av eit fjordbasseng med djupne ned til 700 meter og kystområda vest for Sotra. Naturen her er rikhaldig, med variert undersjøisk topografi og eit stort mangfald av naturtypar. I dei opne kystområda finn vi store tareskogar med eit imponerande dyreliv. I fjorden er det bratte fjellveggar dekorerte med flotte korallar og svampar. Dette gjer at området er særs rikt på marine organismar og har høg verneverdi. Universitetet i Bergen har drive med utstrakt forskingsaktivitet her sidan 1955 og vi kjenner difor fjordsystemet godt.

Verneforslag

Det foreslåtte verneområde ligg innanfor kommunane Sund, Austevoll, Os og Bergen.

For meir informasjon om område, sjå lenke til faktaark, saksframstilling og grunngjeving i menyen til høgre.