Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Marint vern

Unike marine miljø

Dei marine miljøa i Hordaland er blant dei mest mangfaldige og artsrike i landet. Fjordane våre og skjergarden er unike i verdssamanheng med tareskog, skjelsand, djuphavskorallar og svampar.

Sjå Espen Rekdals film Vestlandsfjordenes skjulte skattar frå områda som er foreslått verna ved å klikke på bilde under (filmen ligg på www.bt.no).

Espen Rkdals film om Vestlandsfordenes skjulte skattar på www.bt.no

Vegen mot marine verneområde

Behovet for å verne marine naturtypar har vore kjent i lang tid. Det er mål å verne minst 10 prosent av all natur for å ta vare på viktige miljøverdiar og eit representativt utval av norsk natur.

I Hordaland har eit rådgjevande utval peikt ut tre område med unike og verneverdige naturtypar og no føreslår vi desse områda for vern. Dei tre områda er Lurefjorden og Lindåsosane, Krossfjorden og Ytre Hardangerfjord. Verneplanen er no på høyring.

Avgrensing av verneområda

I verneforslaga varierer avgrensinga inn mot kysten avhengig av om kystlinja allereie er verna eller ikkje. Der det er eksisterande verneområde som går ut eller ned til sjøen, føreslår vi å trekke grensa slik at tidevassona blir inkludert. Elles føreslår vi at grensa blir trekt utanfor privat grunn ved marbakken på 2 meters djup.

Siste nytt:

 


08.11.2017

Tilrår vern av tre marine område

Framlegg om vern av tre større marine verneområde i Hordaland har vore til høyring i 2017. No har vi summert opp høyringa og sendt over saka til vidare handsaming i Miljødirektoratet. Fylkesmannen rår til vern av alle 3 områda.


23.02.2017

Har du innspel til marin verneplan?

Fylkesmannen har sendt marin verneplan for Hordaland på høyring. Verneplanen gjeld tre område; Lurefjorden og Lindåsosane, Krossfjorden og Ytre Hardangerfjord. Høyringsdokumenta er sendt til dei aktuelle kommunane og relevante høyringspartar. Høyringsfristen var 1. juni 2017.


22.03.2015

Oppstart av marint vern

Fylkesmannen melder no oppstart av verneprosess for tre marine kandidatområde i Hordaland. Oppstartsmeldinga blir sendt til dei berørte kommunane og aktuelle høyringspartar.