Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Verneområder

Den største trusselen mot naturmangfoldet i Norge er at leveområder for dyr og planter blir ødelagt og delt opp. Naturreservater, nasjonalparker og andre verneområder bidrar til å sikre naturverdier og bevare områder av internasjonal, nasjonal og regional verdi. Verneområder kan også opprettes for å ta vare på landskapets egenart og kulturminner.

Forvaltning av verneområdene

Ansvaret for å forvalte verneområdene er delt mellom sentrale og lokale myndigheter. Statsforvalteren er forvaltningsmyndighet i de fleste naturreservatene. Fra 2010 har kommuner med areal i nasjonalparker og større landskapsvernområder fått tilbud om å overta forvaltningsansvaret. Det er opprettet flere interkommunale verneområdestyrer. En statlig ansatt verneområdeforvalter er sekretær for styrene.

Forvaltningsmyndighetene skal først og fremst håndheve vernereglene og utarbeide forvaltnings- og skjøtselsplaner. De har også ansvar for informasjon og merking i verneområdene. Dette gjøres i samarbeid med Statens naturoppsyn (SNO).

Du kan ferdes i verneområdene

Allemannsretten gir deg mulighet til å ferdes fritt i verneområdene. All ferdsel må skje hensynsfullt, slik at dyr og planter ikke blir skadet eller forstyrret. I enkelte områder kan det være ferdselsforbud deler av året, som i hekke- og yngletida. Av hensyn til dyrelivet er det forbud mot å jakte i fuglefredningsområder og en del naturreservat, men i mange verneområder kan du jakte og fiske så sant du har gyldig jakt- og fiskekort. Du kan fritt plukke bær og sopp.

Det er et mål at motorisert ferdsel i verneområdene skal begrenses, både av hensyn til dyre- og plantelivet, faren for sporskader og for at man skal kunne oppleve naturen uten forstyrrende bråk. Du kan søke om å drive motorferdsel i et verneområde. Det er Statsforvalteren som behandler søknaden.

Vis mer


07.12.2018

Tre nye skogreservat i Hordaland

Kongen i statsråd vedtak 7. desember 2018 oppretting av tre nye naturreservat i Hordaland. Det er Alsåker i Ullensvang, Fyksesund i Kvam og Uranes i Granvin herad.


03.12.2018

Oppstart av frivillig skogvern i Fusa og Kvinnherad

Etter ønskje frå grunneigarane, melder vi start av arbeid med frivillig skogvern i Sæteråsen og Håvikvatnet i Fusa og Kvinnherad. Frist for innspel er 31. desember 2018.


17.04.2018

Forvaltingsplan for Kalandsvika naturreservat

Fylkesmannen i Hordaland har godkjent forvaltingsplanen for Kalandsvika naturreservat. Naturreservatet ligg nordaust for Kalandsvatnet i Bergen kommune.


12.04.2018

Oppstart av frivillig skogvern i Lio i Os

Etter ønskje frå grunneigar og Vestskog SA, melder vi start av arbeid med frivillig skogvern i Lio i Os kommune. Frist for innspel er 4. mai 2018.


06.04.2018

Opning av fugleobservasjonstårn på Herdla

Den 19. april blir det nye fugleobservasjonstårnet på Herdla offisielt opna. Det blir eit enkelt program med foredrag på Herdla museum etterfulgt av kaffiservering ved tårnet.


19.03.2018

Høyring av frivillig skogvern på Alsåker, Skåro og Uranes

Etter ønskje frå grunneigar og Vestskog SA, melder vi med dette start av arbeid med frivillig skogvern på Alsåker i Ullensvang, Skåro i Fyksesund i Kvam og i Uranes i Granvin herad. Frist for innspel er 23. mai 2018.


06.02.2018

Oppstart av frivillig skogvern i Kvam og Granvin

Etter ønskje frå grunneigarar og Vestskog SA, melder vi med dette offisiell start av arbeid med frivillig skogvern på Skåro i Fyksesund i Kvam og i Uranes i Granvin herad. Frist for innspel er 5. mars 2018.


10.01.2018

Oppstart av frivillig skogvern på Alsåker i Ullensvang

Etter ønskje frå grunneigar og Vestskog SA, melder vi med dette offisiell start av arbeid med frivillig skogvern på gnr. 114 bnr. 2 på Alsåker i Ullensvang.


20.11.2017

Forvaltingsplan for Fedjemyrane landskapsvernområde

Fylkesmannen i Hordaland har no utarbeidd forvaltingsplan for Fedjemyrane landskapsvernområde. I forvaltingsplanen oppsummerer vi korleis vi ønskjer at området skal forvaltast i åra framover. 


08.11.2017

Tilrår vern av tre marine område

Framlegg om vern av tre større marine verneområde i Hordaland har vore til høyring i 2017. No har vi summert opp høyringa og sendt over saka til vidare handsaming i Miljødirektoratet. Fylkesmannen rår til vern av alle 3 områda.


25.10.2017

Har du innspel til forvaltingsplan for Kalandsvika naturreservat?

Forslag til forvaltingsplan for Kalandsvika naturreservat ligg no ute til offentleg ettersyn. Frist for uttale er 4. desember 2017.


29.09.2017

Brenner sitkagran på holmar ved Herdla

Herdla naturreservat er det rikaste fugleområdet i Hordaland, men fuglane har få gode hekkeplassar. Som mange stader langs kysten er holmane rundt Herdla planta til med sitkagran. No er sitkagrana fjerna, og holmane blir svidd av for å få tilbake eit meir fuglevenleg landskap.


13.09.2017

Nytt fugleobservasjonstårn på Herdla

Fylkesmannen i Hordaland har, i samarbeid med Museum Vest og Herdla gård, sett opp eit nytt fugleobservasjonstårn i Herdla naturreservat. Fugletårnet er ope for ålmenta og gir godt utsyn til heile Herdlevalen.


22.06.2017

Fagre Tjongspollen i Bømlo er verna

Kongen i statsråd vedtok onsdag 21. juni å verne skog i Tjongspollen i Bømlo. Avgjerda er svært viktig for naturmangfaldet og friluftslivet.


16.06.2017

Har du innspel til forvaltingplan for Fedjemyrane?

Forslag til forvaltingsplan for Fedjemyrane landskapsvernområde ligg no ute til offentleg ettersyn. Frist for uttale er 11. august 2017.


20.03.2017

Byggjer nytt fugletårn på Herdla

Herdla er det viktigaste fugleområdet i Hordaland, samstundes som det er eit svært populært utfartsområde. Våren 2017 blir det bygd eit nytt fugletårn for å skjerme fuglane i Prestvika og betre tilbodet for besøkjande i naturreservatet.


23.02.2017

Har du innspel til marin verneplan?

Fylkesmannen har sendt marin verneplan for Hordaland på høyring. Verneplanen gjeld tre område; Lurefjorden og Lindåsosane, Krossfjorden og Ytre Hardangerfjord. Høyringsdokumenta er sendt til dei aktuelle kommunane og relevante høyringspartar. Høyringsfristen var 1. juni 2017.


15.02.2017

Forvaltingsplan for Vinnesleiro naturreservat

Forvaltingsplan for Vinnesleiro naturreservat er godkjent av Fylkesmannen i Hordaland. Reservatet er eit produktivt gruntvassområde som ligg i Fusa kommune. 


31.01.2017

Barlind i verneområda skal vernast mot hjorteskader

Statens Naturoppsyn er no i gang med å sette beskyttelse på utvalde barlind-tre i Barlind-Kristtorn-område i Hordaland. 


22.12.2016

Søk om tilskot til miljøtiltak for 2017

Kommunar, organisasjonar og private kan no søkje om økonomisk støtte til tiltak for å betre miljøtilstanden i Hordaland.


19.12.2016

To nye skogreservat i Hordaland

Kongen i statsråd vedtok fredag 16. desember å verne skog på Åkre og Vikane, og Ullensvang begge i Ullensvang herad. Totalt 18 områder i heile landet vart verna.


22.11.2016

Planteskog skal fjernast i Ånuglo naturreservat

Fylkesmannen har inngått kontrakt med Vestskog om hogst av framande treslag på Ånuglo. Over tid er målet å vinne attende tapte naturverdiar og få ein skog som liknar meir på den opphavelege.


16.09.2016

Miljødirektoratet tilrår skogvern

Miljødirektoratet har tilrådd 20 nye område for skogvern i Noreg. Tre av reservata er i Hordaland og har eit samla areal på 5 995 dekar Endeleg vernevedtak vert truleg ved Kongeleg resolusjon i desember 2016.


07.09.2016

Høyring av forvaltingsplan for Vinnesleiro naturreservat

Planen skal mellom anna gjere det lettare for brukarar å vite kva for aktivitet som er tillate i verneområdet, kva som er søknadspliktig og kva som er ulovleg. Frist for å komme med innspel til forvaltingsplanen er 14. oktober.


03.05.2016

Høyring av frivillig skogvern på Åkre og Vikane i Ullensvang

Skogen i utmarka på Åkre og Vikaneset i Ullensvang er blant den eldste, mest intakte og naturprega i Hordaland. Vi sender no ut høyring om frivillig skogvern ford et 1846 da store området. Frist for innspel til oppstarten er 15. juli 2016.


03.05.2016

Høyring av frivillig skogvern i Tjongspollen Bømlo

I utmarka i Tjongspollen i Bømlo finst det variert natur, mellom anna regnskogar med mange trua artar. Vi sender forslaget om frivillig skogvern på høyring. Frist for innspel er 15. juli 2016.


28.04.2016

Hugs strandryddedagen 7. mai

7. mai er det den årlege strandryddedagen i 2016. Fylkesmannen ryddar i vernområda. Vi oppmoder alle om å bli med på ryddeaksjonar i sine område!


27.04.2016

Lyngbrenning i verneområda våre

I april brente Fylkesmannen lyng i Fedjemyrane landskapsvernområde, og vi har og planar om lyngbrenning i fleire av fuglereservata langs kysten. 

 


07.03.2016

Oppstart av frivillig skogvern på Åkre og Vikaneset i Ullensvang

Skogen i utmarka på Åkre og Vikaneset i Ullensvang er blant den eldste, mest intakte og naturprega i Hordaland. Vi startar no opp arbeidet med frivillig skogvern. Frist for innspel til oppstarten er 8. april 2016.


04.03.2016

Oppstart av frivillig skogvern i Tjongspollen i Bømlo

I utmarka i Tjongspollen i Bømlo finst det variert natur, mellom anna regnskogar med mange trua artar. Vi startar no opp arbeidet med frivillig skogvern. Frist for innspel er 4. april 2016.


17.02.2016

Ønskjer innspel til forvaltingsplan for sjøfugl

Planen omtalar alle fugleartar som held til i kystsona, deira status og kva faktorar som påverkar bestandane. I planen har vi sett fokus på tiltak som kan bidra til at kysten også i framtida skal vere levande, med livskraftige bestandar av sjøfugl.


08.12.2015

Freda tre i Hordaland

I Naturbase kan du finne opplysningar om både verneområde og verneobjekt, i tillegg til viktige område for biologisk mangfald. Det har vore lite informasjon om freda tre i Naturbase, men no har alle objekta i Hordaland fått ein liten omtale.


29.10.2015

Informasjonsmøte på Fedje

Fylkesmannen i Hordaland inviterer til ope informasjonsmøte i Fedje fleirbrukshall 5. november kl. 18.00. Tema for møtet er arbeid med forvaltingsplan for Fedjemyrane landskapsvernområde og den nye forvaltingsplanen for sjøfugl i Hordaland.


21.08.2015

Minkar det på minken i Hordaland?

Mink er ein framand og svartelista art, og ei av årsakene til  mindre sjøfugl. I ein artikkel skriv assisterande miljøvernsjef Stein Byrkejalnd at uttak av mink er eit prioritert tiltak i mange sjøfuglreservat, men spør om det nok for å redde sjøfuglane?


02.07.2015

Forvaltingsplan for Fedjemyrane landskapsvernområde

Klima- og Miljøvernavdelinga har meldt om oppstart av arbeid med å utarbeide forvaltingsplan for Fedjemyrane landskapsvernområde som ligg på vestsida av Fedje.


02.06.2015

Høyring om frivillig skogvern på Skarvatun

Utmarka på Skarvatun husar mange sjeldsynte artar og stor variasjon av naturtypar og vil vere eit godt bidrag i å sikra skog på høg bonitet i låglandet. Frist for uttale er 3. august 2015.


12.05.2015

Vinnes friskule adopterer Vinnesleiro naturreservat

Den 6 mai var det overrekking av adopsjonsbrev. Det blei og arrangert strandryddedag i reservatet. 


30.04.2015

Folgefonna nasjonalpark ti år

Det er no ti år sidan oppretting av Folgefonna nasjonalpark og fire landskapsvernområder på Folgefonnhalvøya. Nasjonalparken utgjer i dag eit verdifullt naturområde med store opplevingskvalitetar.  


17.04.2015

Godkjent forvaltingsplan for Nesvika naturreservat

Fylkesmannen har laga ein forvaltingsplan for Nesvika naturreservat i Bergen. Planen inneheld ei skildring av natur og tilstand til verneområdet. I tillegg er det skildra mål og tiltak for å nå ønska miljøtilstand i verneområdet.


27.03.2015

Oppstart av frivillig skogvern på Skarvatun

Utmarka på Skarvatun ved Ølve i Kvinnherad husar ein stor variasjon av naturtypar og mange sjeldsynte artar. Vi startar no opp arbeidet med frivillig skogvern. Frist for innspel til oppstarten er 11. mai 2015.


25.03.2015

Påmelding til informasjonsmøter om marint vern

Vi inviterer alle interesserte til å delta på våre informasjonsmøte i samband med oppstart av marint vern i Hordaland. Det blir servert kaffi og noko å bite i.


23.03.2015

Oppstart av marint vern

Fylkesmannen melder no oppstart av verneprosess for tre marine kandidatområde i Hordaland. Oppstartsmeldinga blir sendt til dei berørte kommunane og aktuelle høyringspartar.


18.12.2014

Høyring av forvaltingsplan for Nesvika naturreservat

Nesvika naturreservat blei verna i desember 1995 som ein del av verneplanen for våtmark i Hordaland. Føremålet med fredinga er å ta vare på eit våtmarksområde med verdi for våtmarksfuglar.


12.12.2014

Rik natur på Ånuglo er verna

Ånuglo, Midtøya, Seløya og Flornes er i dag verna som naturreservat ved Kongeleg resolusjon. Dermed er eit viktig og rikt vestnorsk skoglandskap verna for framtida. Her veks mellom anna mykje eføy, kristtorn og barlind.


04.11.2014

Forvaltingsplanen for Heltveit-Bjørge naturreservat er klar

Fylkesmannen har godkjent forvaltingsplanen for Heltveit-Bjørge naturreservat. Planen inneheld mellom anna ei naturfagleg skildring av området, retningslinjer for bruk og føreslåtte tiltak i reservatet.


18.08.2014

Revisjon av vernereglar for Herdla naturreservat

Fylkesmannen har sett i gang arbeid med revisjon av vernereglar og områdeavgrensing for Herdla naturreservat i Askøy kommune. Dei gjeldande vernereglane er frå 1985 og er ikkje tilpassa dagens situasjon. Frist for innspel er 15. oktober 2014.


11.08.2014

Godkjent forvaltingsplan for fire våtmarksreservat i Sveio

Fylkesmannen har no laga forvaltingsplan for naturreservata Færås, Bjellandsvatnet, Mannavatn og Skiftestad i Sveio kommune.


10.07.2014

Folgefonnkonferansen 2014

27. og 28. august 2014 inviterer Fylkesmannen og Folgefonna nasjonalparkstyre til konferanse om naturmangfaldet i Hardanger. Retten til ein mangfaldig natur er ein del av grunnlova, og konferansen er vår feiring av grunnlovsjubileet.


10.07.2014

Ny nettside om forvaltning av Folgefonna nasjonalpark

Folgefonna nasjonalparkstyre har ansvar for sida, som vil innehalde informasjon om forvaltning av Folgefonna nasjonalpark og dei fire landskapsvernområda omkring.


30.04.2014

Oppstart av arbeid med forvaltingsplan for fire våtmarksreservat

Fylkesmannen startar no arbeid med å lage forvaltingsplan for fire våtmarksreservat i Hordaland. Alle verna i desember 1995 som ein del av verneplanen for våtmark i Hordaland. Føremålet med fredinga er å ta vare på produktive våtmarksområde med verdi for fuglar knytte til våtmark.


11.04.2014

Årets bossaksjon på Herdla!

Den 9 april blei den årlege strandryddedagen i naturreservatet på Herdla avvikla i strålande vèr. Klasse 8a og 8b ved Fauskanger ungdomsskule gjorde ein kjempeinsats og reservatet er no klart for å ta i mot både folk og fugl i påska.


06.03.2014

Foreslår vern av prestegardsskogen i Ullensvang

Verneforskrift, vernekart og forvaltingsplan for Ullensvang naturreservat er no sendt på lokal og sentral høyring. Området har variert vegetasjon frå fjord til fjell og er typisk for indre strok av Hardanger. Høyringsfrist er 4. mai 2014.


17.02.2014

Regnskog i Lindås verna

Heltveit-Bjørge naturreservat vart verna ved kongeleg resolusjon 14. februar. Reservatet er det første verneområdet i Hordaland som er blitt til gjennom frivillig vern. 29 område i andre delar av landet vart verna samtidig.


06.02.2014

Framlegg til vern av Ånuglo naturreservat

{PagePropertyPlugin}

02.01.2014

Søk om tilskot innan 15. januar

Nå kan kommunar, organisasjonar og private søkje om økonomisk støtte for å betre miljøtilstanden i Hordaland.


02.01.2014

Ny forvaltingsplan for fire våtmarksreservat i Sveio

Færås, Bjellandsvatnet, Mannavatn og Skiftestad naturreservat vart verna i 1995 som del av verneplan for våtmark i Hordaland. Føremålet er å ta vare på produktive våtmarksområde med verdi for fuglar. Fylkesmannen har no laga eit utkast til forvaltingsplan for naturreservata.


05.06.2013

Forvaltingsplan for Sagvatnet naturreservat

Utkast på forvaltingsplan for Sagvatnet naturreservat i Bømlo kommune er nå lagt ut på høyring. Frist for å gje innspel er 15. juli 2013.


13.05.2013

Verneframlegg for Heltveit-Bjørge naturreservat

Fylkesmannen gjer framlegg om å opprette naturreservat ved Hindnesfjorden i Lindås kommune. I området finst mellom anna sjeldne lavartar, som er karakteristiske for temperert regnskog. Frist for innspel til verneforslaget og forvaltingsplanen er 15. juli 2013.


24.04.2013

Oppstart av forvaltingsplan for fire våtmarksreservat i Sveio

Fylkesmannen skal lage forvaltningplan for våtmarksreservata Viksefjord, Færås, Bjellandsvatnet, Mannavatn, Skiftestad og Lokna. Vi åpner no for innspel til forvaltningsplanen og inviterer til oppstartmøte 8. mai.


19.04.2013

Nye forvaltningsplanar for tre verneområde

Berge landskapsvernområde, Otterstadstølen og Skogafjellet naturreservat har fått nye forvaltningsplanar. Her er informasjon om naturverdiar, brukarinteresse, vernereglar, retningslinjer og mål.


02.04.2013

Informasjonsmøte om vern av Ånuglo

Fylkesmannen inviterer til eit informasjonsmøte om verneprosessen for tidlegare statskogeigedom på Ånuglo, Midtøya, Seløya og Flornes i Tysnes kommune. Møtet blir halde 16. april klokka 1900 i Seløystova på Onarheim.


15.03.2013

Informasjonsmøte om sjøfugl

I 1987 vart 69 sjøfuglreservat oppretta i Hordaland. Mykje har skjedd med sjøfuglbestandane sidan den tid, og diverre har fleire av artane gått kritisk tilbake. I samband med arbeid med samla forvaltingsplan for desse naturreservata, vert det invitert til opne informasjonsmøte om sjøfuglane sin situasjon i Hordaland.


29.01.2013

Oppstart av verneplanarbeid for Ånuglo

Fylkesmannen ønskjer innspel til arbeidet med vern av eit stort område rundt øya Ånuglo i Tysnes kommune. Vi ber om innspel innan 01.04.2013.


10.01.2013

Søk om tilskot innan 15. januar


02.01.2013

Høyring av forvaltingsplanar for tre verneområde

Fylkesmannen har skrive utkast til forvaltingsplanar for tre verneområde i Hordaland. Her kan du gi høyringsuttale. Fristen for å gje uttale er 1. mars 2013.


04.12.2012

Vurderer skogvern på Heltveit og Bjørge

Det er foreslått frivillig vern av eit skogområde på Heltveit og Bjørge i Lindås kommune. Området omfattar fleire ulike skogtypar, og er ein kjent lokalitet for sjeldne artar av lav. Vi ber om innspel til planarbeidet innan 15. januar 2013.