Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Vegetasjonen langs vassdrag skal takast vare på

Illustrasjonsfoto: Kantvegetasjon.
Illustrasjonsfoto: Kantvegetasjon. Foto: Svein Kornerud / Fylkesmannen i Hordaland.

Den vanlege vegetasjonen inntil vassdrag og vatn har eit særskilt vern etter vassressurslova. Du kan ikkje ta bort denne vegetasjonen utan å søke Fylkesmannen. Fylkesmannen i Hordaland har oppheva vedtak i Kvinnherad kommune der kommunen ikkje tok omsyn til vegetasjonen langs vassdrag.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 03.07.2017

Kantvegetasjonen langs vassdrag og vatn har eit særleg vern etter vassressurslova av 24.11.2000 § 1 og § 11. Den vanlege vegetasjonen langs vassdrag skal motverke vassavren­ning og gi ein levestad for plantar og dyr. Det er ikkje eit vern etter naturmangfaldlova. Det er ikkje tale om ein vegetasjon med særlege kvalitetar, men heilt vanleg vegetasjon på staden. Fylkesmannen er gitt mynde som vassdragsstyresmakt til å gjere unntak frå regelen. Slik regelen om vern av kantvegetasjonen er utforma, skal det mykje til å gjere unntak frå vernet.

Det er tale om eit avgrensa, men naturleg vegetasjonsbelte. Fylkesmannen kan også krevje at kommunane fastset breidda på vegetasjonsbeltet i arealplanar, til dømes i arealdelen til kommuneplanen eller i reguleringsplanar. Men regelen i vassressurslova vil gjelde uansett om det er fastsett ei slik breidde eller ei byggegrense i arealplanane i kommunen.

Kva er vassdrag etter vassressurslova?

Definisjonen av vassdrag etter vassressurslova er vid. Han gjeld for alt overflatevatn med årsikker vassføring, både stilleståande vatn og rennande vassdrag. Lova gjeld både for store og små vatn og bekker og elvar. Det er altså nok at det kvart år er vatn på staden. Det gjeld også for kunstige damanlegg og vassmagasin knytte til eit vassdrag, og der det ikkje er årsikker vassføring, men vassdraget skil seg tydeleg frå omgivnadene.

Sakshandsaming

Dersom ein skal bygge inn i kantvegetasjonen til eit vassdrag, må ein få samtykke frå Fylkesmannen til å ta bort vegetasjonen. Det er eit vilkår for all sakshandsaming etter plan- og bygningslova. Det må difor først søkast om samtykke etter vassressurslova før saka eventuelt blir handsama vidare etter plan- og bygningslova. Det er mest effektivt og vil kunne spare både tiltakshavar og kommunen for tid og ressursar.

Mørketal og ulovlege vedtak

Fylkesmannen får få søknader om å fjerne kantvegetasjon langs vassdrag og vatn. Vernet for kantvegetasjonen til vassdrag er vid og gjeld for alle vassdrag og vatn. Vedtak om bygging som bryt med vernet, er ugyldige vedtak. Det er derfor grunn til å tru at det er store mørketal for ugyldige byggevedtak som bryt med vegetasjonsvernet.

Kvifor oppheva Fylkesmannen kommunen sitt vedtak?

Vi har sett oss nøydd til å oppheve ein kommune sitt vedtak der omsynet til kantvegetasjonen ikkje var vurdert rett. Vi reknar med at vurderingane våre kan vere viktige for fleire kommunar og viser særleg til side 3 i brevet. Klikk på lenka for å lese.