Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Vassdraga er fortsatt under press

Interessa for ny vassdragsutbygging i Hordaland heldt fram også i 2016. På landsbasis har talet på nye konsesjonssøknader begynt å gå ned, men i Hordaland er talet fortsatt høgt.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 25.01.2017

Fortsatt høgt tal på søknader i Hordaland

I 2016 sendte NVE 15 nye konsesjonssøknader i Hordaland på høyring. Fylkesmannen fremja motsegn i 4 av desse sakene og rådde frå utbygging i 6 saker, då vi meiner at utbygging vil råke nasjonale eller vesentlege regionale miljøverninteresser. Etter Fylkesmannens vurdering er soleis berre eit fåtal av dei konsesjonssøknadane som var på høyring i 2016 utan viktige konfliktområde. Lista i menyen til høgre viser saker der Fylkesmannen ga uttale i 2016.

Mange saker er handsama i NVE og OED

I 2016 slutthandsama NVE og OED til saman 28 konsesjonssaker i Hordaland. I alt 16 utbyggingsprosjekt fekk konsesjon, med samla potensiell årsproduksjon på 254 GWh. Samstundes ga NVE avslag til 12 prosjekt med samla årsproduksjon på 119 GWh. Lista i menyen til høgre viser alle sakene i vårt fylke som vart slutthandsama i fjor.

 
Fylkesmannens faglege innspel blir vektlagt i mange av de konfliktfylte planane. Omsyn til landskap, naturmangfald, sårbare høgfjellsområde og friluftsliv var avgjerande i avslag på søknader om utbygging i Bergsdalen (Vaksdal), Modalen, Ulvik og Eidfjord.

I løpet av året ga NVE positiv innstilling til OED i søknad om overføring av to vassdrag til Torfinnsvatn i Voss, medan dei sa nei til bygging av Møyåni kraftverk i same område. 

Vidare har NVE sagt nei til Isdøla kraftverk i Sysendalen, Eidfjord, men opna for utbygging av Drølstølsbekken, der Fylkesmannen har motsegn. Dette vassdraget ligg innanfor planområdet til ny kommunedelplan for Sysendalen, og Fylkesmannen hadde motsegn også til denne planen, som omfattar bygging av skiresort og alpelandsby. Viktige landskapsrom i høgfjellet, omsyn til regionale friluftslivsinteresser og nærleik til nasjonalpark og nasjonalt villreinområde er viktige tema i desse sakene. Søknad om utbygging av Drølstølsbekken vil gå vidare til endeleg handsaming i OED.

Fleire store utbyggingssaker i fylket ligg enno til handsaming i NVE, mellom anna fleire av BKK sine prosjekt som vil påverke verneverdiane i Teigdalselva og Vossovassdraget. 

Om ein ser på ny intallert effekt i våre kraftverk, ser vi at nokre få, større utbyggingar gir like mykje straum som mange små. Blant dei store nye kraftverka som no har fått konsesjon er Tokagjelet kraftverk i Kvam, og Bordalen i Etne. I pakka med fleire utbyggingsprosjekt i Rullestad - Skromme opna OED for utbygging i Bordalen og Skromme, men sa nei til utbygging i Rullestadjuvet. 

Usikker økonomi i både små og store utbyggingsprosjekt

I fjor valde Statnett å trekke fleire av sine prosjekt i fylket, på grunn av dårleg lønsemd. Dette gjer at presset på fleire viktige vassdrags- og naturområde nær Hardangervidda og Folgefonna er noko redusert. 

Mange kraftverksprosjekt i fylket har fått konsesjon, men står førebels utan investeringsvedtak. Dette skuldast i mange saker usikker økonomi og/eller manglande nett i produksjonsområdet.

Kraftutbygging krev bygging av nye og større kraftliner

Det nødvendig å byggje ut distribusjonsnettet fleire stader i fylket før ein kan auke kraftproduksjon. Press for bygging og utbetring av nettet vert forsterka av auka krav til sikkerheit mot utfall og forventa vekst i kraftforbruk.  

Kartet under illustrerer status for tilgjengeleg nettkapasitet i store deler av fylket.
 
Les meir om nettutbygging i rapportar om kraftsystemutgreiingar frå Bergen kommunale kraftselskap (BKK) og Sunnhordland Kraftlag (SKL) i høgremenyen. 

I 2016 var fleire planar for ny 132 kV line eller oppgradering av eksisterande liner på høyring  i Hordaland. Fylkesmannen har gitt uttale i planar for følgjande område:

  • Dalsbotnfjellet – Frøyset (Masfjorden)
  • Mauranger – Jukla – Eidesfossen – Herand (Kvinnherad og Jondal)
  • Kjønnagard – Myrkdalen (Voss).

Nye kraftliner kan føre til vesentlege inngrep på landskap, naturmangfald og friluftsliv, noko som Fylkesmannen har peika på sin uttaler i konsesjonssakene. 

Du kan lese meir om konsesjonssøknadne på NVE si nettside.

I høgremenyen finn du og tidlegare nettsaker om utbygging av vassdraga i Hordaland.