Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Tilskot til naturforvaltingstiltak i 2015

Fylkesmannen i Hordaland betalte ut over seks millionar kroner til naturforvaltingstiltak og rovvilttiltak i 2015. Den største delen av desse midlane gjekk til tiltak for å ta vare på elvemuslingen. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 18.03.2016

Elvemusling. Foto Magnus Johan Steinsvåg

Det var høve til å søke om midlar til følgjande tiltak:

  • Tilskot til fisketiltak
  • Tilskot til forvaltningstiltak i kulturlandskapsområder
  • Tilskot til trua naturtyper
  • Tilskot til trua arter
  • Tilskot til vassmiljøtiltak – generell vassforvaltning (forvaltast av Miljødirektoratet)
  • Tilskot til vassmiljøtiltak – kalking
  • Tilskot til vilttiltak
  • Tilskot til rovvilttiltak

Tilskudd til fisketiltak

Det blei utbetalt 330 000 kr til 13 ulike fisketiltak. Mellom anna blei det utbetalt midlar til biotopforbetrande tiltak, til undervisning av barn og unge, til ulike kurs og til mange andre tiltak. 

Tilskot til forvaltningstiltak i kulturlandskapsområder

Dette er midlar som går til dei områda som er registrert i Miljødirektoratet sin oversikt over "Nasjonalt verdifulle kulturlandskap". Her blei det i 2015 utbetalt 25 000 kr til tiltak for å restaurere kystlynghei i Fitjarøyane. 

Tilskot til trua naturtypar

Ca. 1,5 millionar gjekk til tiltak for å ta vare på trua naturtypar. I hovudsak er dette naturtypar i kulturlandskapet. Midlane har bidratt til aktiv drift av nesten 250 dekar verdifulle slåttemarker og nesten 20 000 dekar kystlynghei. Skjøtsel av desse områda er svært arbeidskrevjande, og vi gjev tilskot for å kompensere for dette. Med det oppnår vi at eit utval av dei mest verdifulle areala kan haldast i hevd. Mellom anna får grunneigarar på Ånuglo tilskot for å halde i hevd ei tradisjonelt driven slåttemark.

Berre område der vi veit at det finst verdifulle naturkvalitetar har fått tilskot. Vi prioriterer å gje tilskot til skjøtsel av dei områda der vi på førehand har skjøtselsavtale, og der det er utarbeidd ein eigen skjøtselsplan.

Slåttemark på Ånuglo. Foto Solveig Kalvø Roald

Tilskot til trua artar

Over fire millionar gjekk til drift av «elvemuslinghotellet» i Austevoll, som husar 34 trua bestander frå heile landet. Styrking av elvemuslingbestandane er svært viktig for å berga mange trua førekomstar i Hordaland og resten av landet.

Tilskot til vassmiljøtiltak – generell vassforvaltning

Denne ordninga blir forvalta av Miljødirektoratet. Oppe til høgre finn du ei lenke til Miljødirektoratet si nettside som skildrar korleis desse midlane blei forvalta i 2015.  

Tilskudd til vassmiljøtiltak – kalking

Kalking i forsura vatn i Hordaland held fram, i hovudsak finansiert med driftsmidlar frå Miljødirektoratet til Fylkesmannen og utvalde kommunar. I 2015 blei det løyvd om lag 3,5 millionar kroner til dette arbeidet i Hordaland. I tillegg kunne ein søke om tilskotsmidlar frå Fylkesmannen til nye kalkingsprosjekt, men i 2015 var det ingen som søkte om slike tilskot.

Tilskot til vilttiltak

Her blei det utbetalt 200 000. Midlane gjekk mellom anna til tiltak for GPS-merking av villrein, til informasjonsarbeid, til kartlegging og tiltak for å ta vare på vipe, jaktfalk og måker og til utarbeiding av forvaltingsplan for gjess i Austrheim, Fedje og Radøy.

Tilskot til rovilttiltak

Når det gjeld rovvilt, så betalte vi ut til saman 100 000, der 90 000 gikk til Norske kadaverhundar for at dei skulle gjennomføre kadaverhundkurs og praktiske søk etter kadaver i Fitjarøyane.