Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Stort press på vassdraga i Hordaland

Nasjonale mål om fornybar energi og ordninga med elsertifikat har ført til stor interesse for å bygge småkraftverk. Presset er aller høgast på Vestlandet, og i Hordaland var det i 2012 rekordmange søknadar om bygging av småkraftverk.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 18.04.2013

Satsing på fornybar energi gir press på naturen 
Tal frå Noregs vassdragsog energiverk viser stor auke i talet på søknader om småkraftutbygging dei siste åra. Omfanget gjer at verknadane på landskap, friluftsområde og andre naturverdiar blir store og det vert viktig å vurdere den samla belastninga. Talet på søknadar som får avslag er aukande.

Blådalselva i Masfjorden før kraftutbygging
Bilde: Sjå endring i landskapet etter inngrep knytt til småkraftverk ved å flytte musespeikaren over bildet. 

Fylkemannen er høyringspart i småkraftsaker
I 2012 ga NVE konsesjon til 60 nye småkraftanlegg. 11 av desse ligg i Hordaland. Dei ga avslag på 28 saker, av desse 5 i Hordaland. Flytt musepeikaren over grafen under. Data til grafane  er henta frå NVE si nettside.

Sjå utvikling i utfall av småkraftsaker i Hordaland og Noreg

Grafen under viser kor stor del av sakene som er avslått dei seinare åra, i  Hordaland og i Norge. Tala til grafene er henta frå NVE sin nettside med oversyn over vasskraftsaker.

Utfall av småkraftsaker i Noreg og Hordaland. Saker som ikkje er avslått har fått konsesjon til kraftutbygging.

Fylkesmannen legg miljøverdiar til grunn
Fylkesmannen i Hordaland fremja motsegn i 15 vassdrags- og energisaker i 2012 på grunn av konflikt med regionale og nasjonale miljømål. Sakene er framleis til handsaming av energistyresmaktene.

Grunnlaget for Fylkesmannens motsegner er samansette. Dei viktigaste grunnane er:  

  • Urørt vassdragsnatur har ein eigenverdi som bør vektleggjast. Urørt natur er viktig grunnlag for reiseliv og friluftsliv.
  • Elvestryk og fossefall er viktige landskapselement som vert verdsett av mange. 
  • Uønska inngrep i landskapet. Utbygging fører til bygging av dammar, røyrgater, vegar og bygningar, inngrep som kan vere veldig synlege. Dette går ut over landskap og opplevingsverdi, anten isolert i det einskilde vassdrag, eller i større perspektiv, til dømes i ein fjord, eit dalføre eller fjellområde.
  • Samanhengande urørte fjellområde. Mange kraftanlegg har inntak høgt oppe i dalsida eller inn mot fjellet. Utbygginga fører til oppsplitting av sårbare fjellområde og inngrepsfri natur, i nokre saker og i nasjonale villreinområde. Bygging av nye energianlegg står for rundt 40 prosent av tap av villmark i Noreg. Denne utviklinga er svært merkbar i Hordaland. Sjå lenker til høgre.  
  • Viktig dyre- eller planteliv er knytt til vasstrengen eller fossar. Dette gjeld ofte mosar eller fugleartar knytt til fossesprøytsoner, trange gjel og andre område langs elveleiet.
  • Laks og sjøaure Utbygging kan øydelegge gyte - og oppvekstvilkår for anadrom laksefisk. Dette gir ytterlegare press på bestandar av laks og sjøaure som som frå før er truga av nedgang av andre grunnar, til dømes lakselus frå rømt opdrettsfisk. Vassdraga mister sin verdi i samband med rekreasjon og fritidsfiske.
  • Vassdrag med nasjonal vernestatus. I vassdrag som er varig verna eller har status som nasjonalt laksevassdrag er det gitt nasjonale rammer for kva ein kan tillate. 
  • Naturmangfaldlova skal leggjast til grunn for vedtak om utbygging. Fylkesmannen gjer eigne vurderingar etter dei miljørettslege prinsippa i lova. Ofte ber Fylkesmannen om meir kunnskap om konsekvensar for naturen ved utbygging, eller etterspør utbyggjar sin plan for å avgrense eller hindre skade på naturmangfaldet. Dette kan føre til krav om supplerande utgreiingar, reviderte planar og avbøtande tiltak. Les meir om naturmangfaldlova i lenke til høgre.

 Oddadalen
Vidfossen i Oddadalen er varig verna mot kraftutbygging.

Du kan lese Fylkesmannen sine fråsegner i aktuelle saker til høgre.

Auke i konsesjonssaker i Hordaland
I 2012 ga energistyresmaktene løyve til nye småkraft med samla utbyggingspotensiale på 618 GWh. Av desse er 121 GWh i Hordaland, 11 nye vassdragskonsesjonar for småkraftverk og 8 konsesjonsfrie utbyggingar, i hovudsak mini- og mikrokraftverk. 

Sum av konsesjonar og avslagI 2012 ga Fylkesmannen fagleg fråsegn til nærare 30 søknadar om nye energianlegg, for det meste vassdragsutbygging, men og kraftliner og transformatorstasjonar. I tillegg kjem søknadar om konsesjonsfritak.

Framtidig utbygging må vurderast opp mot eksisterande utbygging
Hordaland leverer over 13 prosent av vassdragsenergien i landet, og vassdragsnaturen i fylket er påverka gjennom tidlegare utbyggingar. Ved handsaming av nye utbyggingar er det nødvendig å ta med eksisterande inngrep og påverknad for å få eit bilde av sumverknadene. 

Ved bruk av karttenesta NVEatlas  og NVE sin oversikt over vasskraftsaker kan ein få eit samla bilde status og potensiell utnytting av våre vassdrag. Kartet viser utbygde vassdrag, vassdrag der det er gitt konsesjon eller søkt om  utbygging, og kraftpotensialet.

På Miljøstatuskartet under kan du sjå alle eksisterande kraftanlegg og krafleidningar i fylket.

NVE oppmoder om å trekkje søknadar
Det store talet på nye søknader gjer at NVE har oppmoda  søkjarar å trekke  søknader med høgt konfliktfyltnivå, høge kostnader eller manglande nettkapasitet. Sjå lenke til høgre.

Aktulle saker i Hordaland
Til høgre finn du oversyn over saker som Fylkesmannen ga uttale til i 2012.