Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Småkraftutbygging i Vossovassdraget i strid med nasjonale mål?

Vossovassdraget sin status som verna vassdrag og nasjonalt laksevassdrag må gi føringar på omfanget av ny kraftutbygging. Fylkesmannen har motsegn til tre av seks omsøkte utbyggingar.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 27.09.2012
Vosso er nasjonalt laksevassdrag
Det er søkt om bygging av i alt seks nye småkraftverk i Vossovassdraget, spreidd på strekninga frå Bolstad til Bordalen. Fylkesmannen har i høyringsuttalen vist til at Vosso har status som nasjonalt laksevassdrag og at NVE ikkje kan opne for inngrep og aktivitetar som kan vere til skade for laksen.

Vossalaksen er rekna som ei av verdas mest storvaksne laksestamme, og det er gjennom ei årrekkje lagt ned store ressursar for å få opp att bestanden på sjølvproduserande nivå.

Samla belastning i verna vassdrag
Ut frå at vassdraget har vernestatus må ein og leggje til grunn rikspolitiske retningsliner for verna vassdrag. For å bestemme omfanget av eventuell ny kraftutbygging i Vossovassdraget må NVE vurdere samla belastning på naturmangfaldet, inkludert eksisterande kraftutbygging og andre inngrep.

Motsegn mot tre av søknadane
På denne bakgrunn har Fylkesmannen fremja motsegn til utbyggingsplanane for Nedre Dyrvo kraftverk, Tesgjolo kraftverk og Vassvøre kraftverk (Vossadalselvi). Dersom det vert opna for utbygging av Geitelvi kraftverk, Jørnevik kraftverk og Gosland kraftverk må ein innarbeide omsyn til laksefisk, landskap og friluftsliv i konsesjonsvilkåra. Motsegna har heimel i vassdragsreguerlingslova § 25.

Du kan lese heile uttalen i lenka under. Les og om vossolaksen på Miljøstatus i Hordaland og om bakgrunnen for vernevedtak om Vossovassdraget.