Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Inngrep i vassdrag er søknadspliktig

Flaum har store følgjer for vassdraga våre, og kommunane får fleire planar og søknader om tiltak for å førebyggje eller reparere skadane. Regelverket for tiltak i vassdrag er komplisert, og vi har samla informasjon om korleis sakene skal handsamast.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 10.03.2017

Kommunen er saman med Norges Vassdrags- og energidirektorat (NVE) og Fylkesmannen sentrale parter i slike saker, og må opplyse tiltakshavar om gjeldande regelverk. Sjølv små inngrep kan føre til skadar av vassdragsnaturen. Fylkesmannen ber kommunane sjå til at etatar med ansvar for byggje- og plansaker, landbruk og vassdrag er kjent med regelverket og søknadskrav som gjeld tiltak i vassdrag, sjå brev i høgremenyen.

Regelverk for inngrep i vassdrag er komplisert
Tiltak i vassdrag blir styrt av mange ulike lover, og myndigheit er delegert til ulike forvaltningsnivå. Dette gjer det ofte vanskeleg å vurdere om eit aktuelt tiltak er søknadspliktig eller ikkje, kven som har myndigheit og korleis ein skal søkje.

På NVE si nettside er det nyttig informasjon om inngrep i vassdrag.

Generell plikt til aktsemd
I følgje vassressurslova § 5 skal tiltak i vassdrag bli planlagt og utforma slik at dei er

  • til minst mogleg skade og ulempe for almenne og private interesser, og
  • ikkje utgjer fare for menneske, miljø eller eigedom

Denne plikta til aktsemd gjeld også ved små tiltak i vassdrag som ikkje treng løyve frå myndigheitene. Naturmangfaldlova § 6 gir tilsvarande plikt til aktsemd for å unngå skade på naturmangfaldet. Den som skal gjere inngrep i vassdrag har sjølv ansvar for å følgje reglane. Vidare må ein etter grannelova passe på at tiltaket ikkje fører til ulempe for naboeigedommar. 

Nedanfor finn du omtale av nokre tema som gjeld fysiske inngrep i vassdrag.

Fysiske tiltak i og langs vassdrag 
Alle planar om fysiske tiltak i vassdrag treng løyve for å sikre omsyn til fisk og andre ferskvassorganismar. Kravet gjeld alle fysiske inngrep i vassdraget som har verknad på naturmangfaldet. Døme er tiltak mot flaum og erosjon, å leggje bekk i røyr, kanalisering og bygging av landbruksvegar. Sjølv habitatforbetrande tiltak krev løyve. 

Reglane er nedfelt i Forskrift om fysiske tiltak i vassdrag som har heimel i lov om laks og innlandsfiske. Det er Fylkesmannen som handsamer søknader og eventuelt gir løyve. Vi kan sette vilkår for å sikre omsyn til laks, sjøaure og kreps. Unntak gjeld om tiltaket er regulert gjennom vassressurslova eller vassdragsreguleringslova. Grøfting og opprensking i grøfter på dyrka mark treng ikkje løyve.

Kantvegetasjon langs vassdrag har særskilt vern i lova
Vassressurslova set forbod mot å fjerne kantvegetasjon mot vassdrag, jf. § 11. Det naturlege vegetasjonsbeltet langs vassdrag er levestad for plantar og dyr, og difor viktig for det biologiske mangfaldet i og nær vasstrengen. Kantvegetasjonen er og viktig som buffer mot øydeleggingar som følgje av stor vassføring og flaumar. Regelen gjeld for vassdrag med årsikker vassføring.

Ansvaret for oppfølging av § 11 i vassressurslova ligg til Fylkesmannen.

Kommunen kan fastsette bredde på kantvegetasjon etter plan- og bygningslova. Det kan til dømes opnast for plukkhogst, men ikkje flatehogst. Det er særleg viktig å vere merksam på desse reglane i samband med landbrukstiltak og tilskottsaker. I følgje nydyrkingsforskrifta skal det ved nydyrking langs vassdrag bli sett igjen ein vegetasjonssone på minst seks meter målt ved normal vassføring.

Mange plassar langs vassdrag er kantvegetasjon fjerna før forbodet om å fjerne kantvegetasjon blei innført, og dyrka jord går heilt ut til elvekanten. Det er ikkje krav om å gjenopprette naturleg vegetasjon her. Men særleg langs mindre bekkar kan gjenoppretting av vegetasjon med buskar og tre vere ønskjeleg av omsyn til levetilhøva for fisk. 

For jordbruksføretak som mottar produksjonstilskot er det alltid krav til å unngå jordarbeiding inntil vassdrag. Her skal det ikkje vere open jord, men ei vegetasjonssone. Vegetasjonssona kan vere gras som blir hausta eller beita. Vegetasjonssonen skal vere tilstrekkeleg brei til å motverke avrenning til ope vatn under normal vassføring, minimum to meter.

Kontakt
Ta kontakt med kommunen, Fylkesmannen eller NVE dersom du er i tvil om kva regelverk som gjeld.