Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Omfattande ny kraftutbygging på Folgefonnhalvøya krev grundig vurdering

Våren 2013 var 13 nye kraftverk på vestsida av Folgefonnhalvøya på høyring. Fylkesmannen har motsegn til 5 og frarår utbygging i fleire av søknadane.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 16.08.2013

Prosjekta ligg mellom Alsaker i nord til Valen i sør.

I Fylkesmannens fråsegn viser vi til at området har nasjonale og regionale verdiar knytt til natur og landskap, fjellområde, friluftsliv, reiseliv og inngrepsfrie område.

Omsøkt kraftutbygging i Børsdalen vil føre til tap av inngrepsfri natur i fjellmassivet med kjente og karakteristiske toppar som Ulvanosi, Geitadalstind og Englafjell i Kvinnherad.  Foto Fylkesmannen i Hordaland
Omsøkt kraftutbygging i Børsdalen vil føre til tap av inngrepsfri natur i fjellmassivet med kjente og karakteristiske toppar som Ulvanosi, Geitadalstind og Englafjell i Kvinnherad. Foto Fylkesmannen i Hordaland.

Tidlegare kraftutbygging og mangelfulle konfliktvurderingar gjer det utfordrande å vurdere samla belastning på natur og miljø. Frå før er det bygd ut eller gitt løyve til minst 30 kraftverk på vestsida av Folgefonnhalvøya. Om ein tek med heile Folgefonnhalvøya vert talet langt høgare. Klikk på karta under for å sjå omsøkt og eksisterande kraftutbygging i området.Kraftutbygging i Jondal og Ullensvang. Klikk for større kart. Kraftutbygging i Kvinnherad. Klikk for større kart.

Tabellen under gir oversyn over dei 13 prosjekta.  Les Fylkesmannens uttale i lenke til høgre på sida.

Kommune Prosjekt Produksjon GWh/år Tilråding frå fylkesmannen
Ullensvang Øvre Alsaker kraftverk 19,1 Motsegn. Konflikt med landskap og friluftsliv og INON
Jondal Grimeelvi kraftverk 5,2 Rår til samla vurdering i Herand
Sæverhagen kraftverk 13,3 Frarår ut frå landskap. Må vurdere samla verknad for Herand
Brattebøelvi kraftverk 12,4 Ingen særlege merknadar 
Krossdalselvi kraftverk 19,8 Bør vurderast ut frå samla belastning på Jondalselva
Vassenden kraftverk 6,8 Frarår ut frå omsyn til friluftsliv
Breisete kraftverk 8,88 Motsegn. Konflikt med landskap og friluftsliv
Tveddal kraftverk 13,3 Frarår. Rår til samla vurdering av vassdraget.
Kvinnherad      Auno kraftverk 2,6 Motsegn. Konflikt med anadrom laksefisk
Tverrelva kraftverk 20,43 Ingen særlege merknadar
Børsdalselva kraftverk 17,1 Motsegn. Konflikt med landskap, friluftsliv og urørt natur
Eikeelva kraftverk 6,5 Ingen særlege merknadar
Valedalen kraftverk 9,0 / 7,4 Frarår. Må vurdere samla verknad for landskap og friluftsliv
Sitautevatn kraftverk 1,5 Motsegn. Konflikt med landskap, friluftsliv og urørt natur.

 

Kraftutbygging kan føre til stor inngrep som vegar og røyrgater, her frå Valen kraftverk i Kvinnherad. Vegar gjer områda meir tilgjengeleg, men kvaliteten på friluftsområda vert redusert når stiar vert utvida til breie vegar. Foto Fylkesmannen i Hordaland
Kraftutbygging kan føre til store inngrep som vegar og røyrgater, her frå Valen kraftverk i Kvinnherad. Vegar gjer områda meir tilgjengeleg, men kvaliteten på friluftsområda vert redusert når stiar vert utvida til breie vegar. Foto Fylkesmannen i Hordaland.

Regulering av Vassendvatnet i Jondal kan få negative verknader for landskap, friluftsliv og opplevingsverdiar i området.
Regulering av Vassendvatnet i Jondal kan få negative verknadar for landskap, friluftsliv og opplevingsverdi. Foto Fylkesmannen i Hordaland.