Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Nye kraftutbyggingar i Voss kan skade laksen

Fylkesmannen meiner at  to utbyggingsprosjekt som påverkar Vossovassdraget kan skade laksen i dette nasjonale laksevassdraget. Difor har Fylkesmannen fremja motsegn mot prosjekta.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 01.10.2013

BKK har søkt NVE om konsesjon til å føre vatn frå nedslagsfeltet til Tverrelvi/ Muggåselvi til magasinet til Evanger kraftverk. Dei har også søkt om å føre vekk vatn frå Teigdalselva til det same magasinet.

Etter Fylkesmannens meining kan dette føre til problem for laksen i Vossovassdraget fordi vassføringa på viktige gyteplassar vil minke. Vossovassdraget er eit nasjonalt laksevassdrag. I desse vassdraga er det ikkje lov å gjere inngrep som skader laksen nemneverdig. Fylkesmannen har derfor fremja motsegn mot dei to prosjekta.

Håving i Bolstad 2012. Foto Oddbjørn Helland
Håving i Bolstad. Foto Oddbjørn Helland.