Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Søk om tilskot til miljøtiltak for 2017

Kommunar, organisasjonar og private kan no søkje om økonomisk støtte til tiltak for å betre miljøtilstanden i Hordaland.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 22.12.2016

Tilskot til kommunar, organisasjonar, verksemder og personar

Ofte er styresmaktene avhengige av samarbeid med andre aktørar for å få gjennomført gode miljøtiltak. For å stimulere til dette gir Klima- og miljødepartementet tilskot til tiltak som blir sett i verk av kommunar, organisasjonar, private verksemder og privatpersonar, innanfor ei rekke område.

Mange miljøtema er omfatta

Ordningane omfattar mellom anna tilskot til klimatilpasning, naturforvaltning, friluftsliv, kalking i vassdrag, tiltak for å redusere tap av husdyr til rovvilt og anna lokalt miljøvern.

Søk i det elektroniske søknadssenteret

Du kan no søke om slike midlar i Søknadssenteret på Miljødirektoratet sine heimesider. Det ligg lenkje i menyen til høgre. For mange av ordningane er fristen for å søke allereie 15. januar 2017.

Sjå òg rundskrivet frå Klima- og miljødepartementet og i tilskotskalenderen for meir informasjon om dei ulike ordningane.