Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Nei til meir kraftutbygging i Valldalen

Olje- og energidepartementet har avslått fire kraftutbyggingsprosjekt i Valldalen i Odda. Grunngjevinga er at utbygging vil vere i strid med nasjonalt villreinområde på Hardangervidda, friluftsinteresser og landskap.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 16.08.2017

Dei aktuelle prosjekta er Grøno kraftverk, Middalen kraftverk, Holdøla sør og Holdøla nord kraftverk. Søknadsprosessen knytt til småkraftutbygging i Valldalen starta for over ti år sidan, og prosjekta har vore endra fleire gonger. Fylkesmannen har hatt motsegn til utbyggingane ut frå omsyn til villrein, store samanhengjande naturområde, landskap og friluftsliv.  

I vedtaket har departementet lagt vekt på at prosjekta ligg innanfor nasjonalt villreinområde, og at utbygging vil føre til meir uro og ferdsel. Usikkerheit knytt til konsekvensane for villrein gjer at departementet har vektlagt føre-var-prinsippet i naturmangfaldlova. Også vurdering av høg samla belastning på vassdragsnaturen i Røldal og omsyn til landskap og friluftsliv har vore avgjerande for vedtaket. Valldalen er ein viktig innfallsport til turområda på Hardangervidda og Hardangervidda nasjonalpark, og departementet vurderer at utbygging vil redusere opplevingsverdien i Valldalen.

Les heile brevet på OED si nettside.