Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Mange vassdragssaker i 2014

I 2014 handsama NVE rekord mange vassdragssaker i Hordaland. Om lag halvparten av søknadane fekk avslag, på grunn av konflikt med nasjonale verdiar for landskap, friluftsliv, naturmangfald og fisk. Fleire utbyggarar har trekt eller omarbeidd sine søknadar.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 05.02.2015

Fortsatt stort press på utbygging av vassdraga 

Presset på utbygging av vassdrag er fortsatt høgt i Hordaland. Dette gjeld både småkraftverk (effekt under 10 MW), større kraftverk (større enn 10 MW), opprustingar og utvidingar av eksisterande kraftverk.

I fleire år har NVE handsama småkraftprosjekt som ligg i same geografiske område i såkalla i «pakker». Dette gjer det mellom anna letterare å vurdere sumverknad av prosjekta. I 2014 tok NVE stilling til fleire pakker i fylket. Desse omfattar prosjekt i Valldalen i Røldal, vestsida av Folgefonnahalvøya, Åkrafjorden og  Rullestad/Skromme-området og fleire prosjekt i Voss. Nokre saker gjeld innstilling til Olje- og energidepartementet, og er soleis enno ikkje slutthandsama.

Fylkesmannen gjev uttale om konsekvensane for naturen

Fylkesmannens rolle er å gi fagleg merknadar og gi råd til NVE om vilkår som bør innarbeidast dersom det vert gitt konsesjon. Når det gjeld utbyggingar som etter Fylkesmannens syn er i strid med nasjonale eller vesentlege regionale omsyn skal vi fremje motsegn.

I 2014 ga Fylkesmannen uttale i over 30 nye høyringssaker, inkludert ei pakke med i alt tolv søknader i Kvam, Fusa og Samnanger. Dei fleste sakene var konsesjonssøknader, men og meldingssaker og søknadar om konsesjonsfritak. I 2014 fremja Fylkesmannen motsegn i sju saker. Blant desse var mellom anna utbyggingsprosjekt nær Hardangervidda og Folgefonna nasjonalparkar og prosjekt i strid med nasjonalt laksevassdrag. Vi rådde frå utbygging i fem saker ut frå konflikt med verdiar i området. Viktige tema er biologisk mangfald, anadrom fisk, verna vassdrag, landskap og inngrepsfri natur, friluftsliv og opplevingsverdi og samla belastning på naturverdiar.

Sjå samanstilling av Vassdragssaker i Hordaland handsama av Fylkesmannen i 2014.

Klikk på bilda under for illustrasjon av naturverdiar Fylkesmannen legg vekt på i sine uttaler.

Fylkesmannen har og handsama to meldingar om vindkraftverk i Sveio kommune. Den eine av desse vart seinare trekt.

Vedtak i NVE i er stor grad i tråd med Fylkesmannens tilrådingar, sjå samanstilling av Vassdragssaker i Hordaland avgjort i NVE og OED i 2014

Fleire får avslag

Stadig fleire prosjekt får avslag, både i Hordaland og elles i landet. Omfanget av utbygd vassdragsnatur gjer at konflikten med andre samfunnsinteresser etter kvart vert meir tydelig. Vurdering av samla belastning på naturverdiar og landskap viser at ein legg større vekt på naturens tolegrense når det gjeld ny kraftutbygging.


Grafen viser tal på småkraftsaker og auke i avslag på søknadar

Søknadar vert trekt

Dei siste åra har fleire utbyggarar trekt sine søknader eller endra prosjekta slik at dei er mindre omfattande. Vi ser og at kraftselskapa skrinlegg prosjekt som har fått konsesjon, eller dei venter med å investere. Denne er ein trend som gjeld heile landet. Dårleg økonomi  og manglande nett er oppgitt som vanlege årsaker.

Sjå sak på NVE si nettside om mange småkraftverk på vent.

Nye konsesjonar i 2014 kan produsere 294 GWh

Prosjekta i Hordaland som fekk konsesjon i 2014 har eit samla utbyggingspotensiale på 294 GWh. Det er gitt ny konsesjon i 12 nye småkraft konsesjonar og tre konsesjonar om større utbyggingar. Desse er Holmen kraftverk ved Stalheim i Voss kommune, Håfoss kraftverk i Etne kommune og Herand kraftverk i Jondal kommune. I alt 16 søknader i fylket fekk avslag i 2014, gjennom vedtak i anten NVE eller i OED.   

Sjå sak på NVE si nettside om rekordmange løyve til fornybar energi i 2014