Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Mange vassdragssaker også i 2017

Talet på nye søknader om vasskraftutbygging har halde seg høgt i Hordaland også i 2017. Sentrale styresmakter ga konsesjon til mange nye utbyggingar, men har og avslått mange. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 29.01.2018

Talet på nye søknader om kraftutbygging har halde seg på same, høge nivå i mange år. I 2017 handsama Fylkesmannen over nye 20 saker, der dei fleste gjaldt konsesjon til kraftutbygging eller andre tiltak i vassdrag, som vassforsyning og settefiskanlegg.

Lite plass for nye utbyggingar i Hordalands vassdragsnatur

Fylkesmannen fremja motsegn eller rådde frå dei fleste konsesjonssakene vi handsama i 2017. Grunngjevinga er knytt til verneverdiane i vassdraget, friluftsliv og landskap, omsyn til anadrom fisk og samla belastning på naturmangfaldet. Fleire søknadar gjaldt prosjekt i verna vassdrag, som Vosso og Opo. I tre-fire saker hadde Fylkesmannen ingen avgjerande merknader. Samla sett viser dette at presset på vassdragsnaturen i fylket er så høgt at det er lite plass for ny utbygging.

Lista i lenke til høgre gir oversyn over sake som Fylkesmannen har handsama i 2017. 
Regnboge over Øvre Seljestadelvi, som er del av det verna Opovassdraget i Odda.

Sentrale vedtak om prosjekt i Hordaland

I løpet av 2017 gjorde NVE og  Olje- og energidepartementet vedtak i til saman 32 saker i Hordaland. I tillegg oversendte NVE fire større konsesjonssaker til endeleg avgjerd i OED.

I fjor ble det gitt løyve til ny utbygging av 14 nye kraftverk i Hordaland. Mange av desse ligg i Modalen og Voss, og var del av pakker med fleire konsesjonssøknader. NVE opna og for ny utbygging i andre kommunar, som Nedre Seljestadelvi kraftverk i Opovassdraget i Odda. Fylkesmannen hadde motsegn i denne saka då vassdraget er verna. NVE vurderte likevel saka slik at inngrepet ikkje var i strid med verneverdiane.

Talet på søkjarar som fekk avslag var likevel høgare enn dei som fekk løyve. Mellom dei nærare 20 konsesjonssøknadane som fekk avslag finn vi prosjekt i Vaksdal, Modalen og Voss. Viktige tema i grunngjevinga var konflikt med verdiane i verna vassdrag (Urdlandselvi kraftverk i Voss, Gjerstadfossen kraftverk i Osterøy og Øvre Seljestadelvi kraftverk i Odda), samla belastning og landskap (Hellandsdalen i Modalen der det var søkt om fleire prosjekt). Liste i lenke til høgre gir oversyn over saker som er handsama sentralt i 2017.

Miljøomsyn har hatt gjennomslag i fleire større saker i 2017

Også fire prosjekt i Valldalen i Odda fekk avslag i 2017, etter mange år med sakshandsaming. Viktige faktorar i avslaga var omsyn til samla belastning på naturmangfald, villrein og nasjonale frilufts- og verneinteresser på Hardangervidda. I fjor kom og vedtak med avslag på utbyggingsprosjekt i Øystesevassdraget i Kvam. Planlagde utbyggingar omfatta både nedre og øvre del av vassdaget, inkludert overføring av Vossadalsvatn til Samnanger. Desse prosjekta har vore tema for stort engasjement gjennom mange år, både på lokalt, regionalt og nasjonalt plan.

 

Grøne sertifikat på veg ut

Utbyggjarane som no har fått konsesjon vil truleg vere blant dei siste som får elsertifikat (grøne sertifikat). I tråd med Stortingets vedtak vil ikkje ordninga bli vidareført etter 2021, sjå lenke til høgre om nettsak frå Olje- og energidepartementet om Energimeldinga St. Meld 25 (2015 – 2016) - Kraft til ending. 

Meir natur, mindre kraft

Om ein ser på potensiell ny årsproduksjon i lys av fjorårets vedtak, så er det gitt løyve til 43 MW ny installert effekt, som vil gje 117 GWh ny årleg middelsproduksjon i Hordaland. Tokheimselva kraftverk i Odda vil gi det største enkeltbidraget til ny kraft, med installert effekt på 9 MW og årsproduksjon på 25 GWh/år. Avslått effektauke i fylket var på nærare 80 MW, som kunne gje ein årsproduksjon på om lag 275 GWh.  Øystesevassdraget og sakene i Valldalen hadde samla sett stort potensiale for ny produksjon, men konfliktar med andre interesser var for stort, sjå over.

Graf som viser konsesjon og avslag i Hordaland frå 2013 til 2017 (MW). Kjelde nve.no

Uavgjorte saker frå BKK

I 2017 sendte NVE si innstilling i fleire søknader frå BKK om overføringar til Evanger kraftstasjon i Voss.  NVE avslo overføringar frå Horgaset i øvre del av vassdraget, men opna likevel for å overføre deler av Tverrelva og Muggåselva til Evanger. Fylkesmannen meiner ein slik overføring vil skade laksen i Vosso og krever betre dokumentasjon av verknader på fisken i det nasjonale laksevassdraget. 

NVE opna og for bygging av Beinhelleren pumpe for å overføre vatn frå Eksingedalen til Evanger. Laksebestanden i Ekso er trua av låg vassføring grunna tidlegare kraftutbygging. Fylkesmannens meiner vi difor ikkje må redusere vassføringa i Ekso ytterlegare.

Fylkesmannen har motsegn i desse sakene, som no igg til endeleg avgjerd i Olje- og energidepartementet.