Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Haukåselva får nye innbyggjarar

Den 20. april vart 185 unge elvemuslingar satt ut i Haukåselva i Bergen. Elvemuslingane er ala fram i kunstige elvar på Austevoll, og skal vere framtida for den elles forgubba bestanden i Haukåselva. Utsetjinga er ein viktig milepel i arbeidet med å ta vare på trua bestandar av elvemusling i Noreg.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 22.04.2016

Tore Mjånesøy fekk æra å vere den første som sette ut elvemuslingar i Norden. Han er tilsett idet nasjonale elvemuslingprosjektet og har i fleire år stelt med elvemuslingane i anlegget saman med Per Johan og Ragnhild Jakobsen. Foto: © Magnus Johan Steinsvåg

 

Milepel for nasjonalt viktig art

Den 20. april vart 185 unge og lovande elvemuslingar satt ut i Haukåselva. Elvemuslingane kjem frå to årsklassar på fire og fem år. Dei er ekte Haukåsmuslingar, men «fødd» i det nasjonale elvemuslinganlegget på Austevoll. Utsetjinga har vore planlagd lenge og er ein del av den nasjonale satsinga på trua artar. Det er første gong kultivering og utsetjing har blitt gjort for å styrke trua elvemuslingbestandar i Norden. Dette vil vere ein sentral metode i å styrka trua bestandar av elvemusling i Noreg og våre naboland i tida framover.

Elvemusling er lista som trua (VU) i den nasjonale raudlista og derfor klassifisert av Miljødirektoratet som ein svært viktig art og med særleg stor forvaltingssinteresse. Over 95 % av bestandane i Europa er allereie utrydda. Vi har eit særleg forvaltaransvar for elvemuslingen ettersom om lag 25 % av bestandane, og over halvparten av individa i Europa lever i Noreg. Det er utarbeidd nasjonal handlingsplan for å berga elvemusling i Noreg og denne er no under rullering.

Desse unge elvemuslingane er framtida for livet i Haukåselva. Dei ulik storleikane reflekterer ulik årsklassar og individuelle genetiske eigenskapar. I løpet av dei neste vekene skal ytterlegare 60 unge elvemuslingar setjast ut. Foto: M.J.S.© 

Kritisk trua

God vasskvalitet er viktig for elvemuslingen, men den er vel så avhengig av mat i form av organiske partiklar som kjem frå landareal omkring vassdraga. Ved fleire vassdrag er viktig areal på land byta ut med asfalt, betong og utbyggingsområder. Dette er areal som gjev lite mat, men ved nedbør mykje jord – og steinpartiklar i vassdraga våre. Partiklane legg seg som eit teppe på elvebotnen og kveler dei yngste muslingane som ligg nedgraven i elvegrusen. Konsekvensen er ingen rekruttering og forgubba bestandar.

Av totalt 22 kjende bestandar i Hordaland, har vi berre to att som livskraftige, ti bestandar er allereie utrydda og dei resterande bestandane ti er kritisk trua (pr 2016).

I Bergen er tre av totalt fire bestandar utrydda. Dei unike bestandane i Nestunvassdraget, Apaltunvassdraget og Arnaelva er borte for alltid. Dermed er elvemuslingen i Haukåselva siste førekomst i Bergen. Denne er også genetisk særleg viktig ettersom den er den einaste attlevande bestand i denne delen av fylket. 

Tidlegare var det perlefiske som var hovudtrugsmålet. No er det utbygging og forureining som tek knekken på elvemuslingane i Hordaland. Utan førstehjelp vil vi mista endå fleire av elvemuslingbestandane.

Finpartiklar frå utbyggingar i nedbørsfeltet til renn ut i Mjåtveitelva 2011. Partiklane legg seg på elvebotnen og kveler elvemuslingane. Elvemuslingbestanden i Mjåtveitelva vart konstatert utrydda i 2012. Hauksåelva er også sterkt prega av mykje partiklar og lite oksygen i elvegrusen. Foto: M.J.S.

 

Styrka bestandar

Fylkesmannen, Universitetet i Bergen, Rådgivende Biologer og Bergen kommunane har sidan 2012 jobba med ein bergingsaksjon for elvemusling i Hordaland. Eit representativt utval av vaksne elvemuslingar frå trua bestandar vert samla inn til eit nasjonalt spesialanlegg på Austevoll. Her under «hotellopphaldet» får dei reint vatn og godt med mat i kunstige elvar. Elvemuslingane reproduserer og nye elvemuslingar frå dei respektive bestandane vert ala fram. Når dei er store nok skal dei tilbakeførast til heimelvane, og Haukåselva er først ut i landet og Norden.

Reinare vassdrag

Parallelt med dette nyttar Fylkesmannen og aktuelle kommunar store ressursar på å gjere elvane reinare og meir levelege for liv i vassdraga. Då er fokuset betre omsyn i arealforvaltinga, auka oppfølging av kloakkutslepp og forureining hjå verksemder som er lokalisert i nærområda til viktige vassdrag. Å redusere landbruksavrenning har vi også hatt eit særleg fokus på gjennom prosjektet Miljøplan Elvemusling i landbruket (sjå aktuelle lenke i til høgre på sida).

Elvemuslingen reinsar opptil 50 liter vatn i døgnet. Den er også ein nøkkelart i økosystema i vassdraga og har svært store positive ringverknader for anna artsmangfald. Foto: M.J.S.©


Elvemuslingen er eit «økologisk kraftverk»

Tidlegare pynta vi både kongekroner og hardingfeler med perler og perlemor frå elvemuslingane våre. No veit vi at elvemuslingen også leverer viktige økosystemtenester. Kvar elvemusling kan filtrere og reinse 50 liter vatn i døgnet. Fleire tusen elvemuslingar kan såleis har stor reinseeffekt i mange elvar og bekkar. Til og med avfallsprodukta som elvemuslingen spyttar ut er eit gode for elvane. Det er kvalitetsmat for insekt, som igjen er føde for fisk og andre organismar høgare oppe i næringskjeda. Såleis er elvemuslingen både eit gratis vassreinseanlegg, ein nøkkelart og «økologisk kraftverk» med svært store positive ringverknader for anna artsmangfald i vassdraga.

Derfor vil det å sikra levedyktige elvemuslingbestandar eksempelsvis også vere ei rimeleg og klok investering for mange kommunar, når ein skal nå lovkravet i vassforskrifta om god miljøtilstand i vassdraga innan 2021.

Fleire bestandar i løypa

Totalt er det no 34 elvemuslingbestandar frå heile Noreg representert i det nasjonale anlegget på Austevoll. Og prosjektleiar i Austevoll, professor Per Johan Jakobsen ventar å få inn fleire bestandar i løpet av året. Forutan Haukåselva, har vi elvemuslingar på «hotellet» i Austevoll frå andre bestandar i Hordaland. Frå Fusa: Fossåa, Femanger, Hopselva. Samnanger: Skjelåna. Bømlo: Åreidelva. Osterøy: auremusling og laksemusling frå Lonevassdraget. Os: Oselva.

For å nå målsetjinga om levedyktige bestandar i elvemuslingvassdraga i Hordaland, ønskjer vi å samle inn elvemusling frå resterande bestandar i løpet av året.

Denne utsetjinga i Hauksåelva vil vere eit viktig bidrag for å gjere elvemuslingbestanden der meir levedyktig. Minst like viktig er at den vil gje oss nyttig kunnskap om korleis vi best kan gjennomføre utsetjing i andre vassdrag i framtida.

Per Johan Jakobsen (Uib) viser nokre av dei kunstige elvane i anlegget på Austevoll for Torfinn Sørensen og Jarl Koksvik begge frå Miljødirektoratet, og Olav Overvoll frå Fylkesmannen i Hordaland. Foto: M.J.S.©