Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Fylkesmannens råd i vassdragssaker når fram

Energistyresmaktene sine vedtak i vassdragssaker er ofte i samsvar med Fylkesmannens faglege råd. Omsyn til landskap, friluftsliv, biologisk mangfald, verna vassdrag og fisk er viktige tema.  Stort press på ny utbygging  gjer det likevel vanskeleg å vurdere samla belastning på naturen i fylket. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 23.01.2014

Ulvanosi, Kvinnherad
Fylkesmannen går mot Børsdalselva kraftverk i fjellområda ved Ulvenosi i Kvinnherad på grunn av konflikt med friluftsliv, landskap og biologisk mangfald.

Tal frå NVE viser at om lag halvparten av søknadane om ny vassdragsutbygging får konsesjon, både i Hordaland og på landsbasis.

Vedtak om utbygging i Hordaland i 2013
I 2013 vart det gitt konsesjon til bygging av 12 nye kraftverk i Hordaland, og åtte saker vart avslått. Fylkesmannens faglege innspel er stort sett innarbeidd i konsesjonsvilkåra. Nær alle saker som fekk avslag frå energistyresmaktene hadde Fylkesmannen tidlegare gått i mot, ut frå at utbygginga vil vere i strid med nasjonale eller regionale miljøomsyn. Tre av avslaga gjaldt utbygging i verna vassdrag. Dette viser at det er samsvar mellom våre faglege råd og kva som vert vektlagt av energistyresmaktene.

Fortsatt mange søknader i Hordaland
I 2013 fekk Fylkesmannen 30 nye konsesjonssøknader til uttale, same høge tal som i 2012. Av desse rådde vi frå utbygging i 14 saker og hadde motsegn i sju. I dei andre sakene ga Fylkesmannen råd om naturfaglege vilkår ved eventuell utbygging. Nokre utbyggingsplanar er omarbeidd eller trekt i ettertid. Tala viser at det fortsatt er stort press på utbygging av vassdraga i Hordaland.

Kvennelvi  i Steinskvanndalen på Kvamskogen
Søknad om utbygging av Kvennelvi  i Steinskvanndalen vart avslått av NVE, som var samd med Fylkesmannen i at utbygging her vil vere i konflikt med friluftsinteressene på Kvamskogen. 

Tal for ny vasskraftproduksjon i Hordaland og resten av landet
Nye konsesjonar i Hordaland utgjer ei produksjonsauke på 155 GWh. I heile landet vart det i 2013 gitt 58 nye vassdragskonsesjonar, med samla produksjonsauke på 458 GWh.

I grafen under kan du sjå utfall av konsesjonsaker i Hordaland.

Utfall av småkraftsaker i Hordaland
Valedalen i Sunnhordland
Valedalen og mange andre dalføre i Sunnhordland er sterkt prega av tidlegare utbyggingar.
Fylkesmannen ber enerigstyresmaktene vurdere kor stor samla belastning ein skal tillate i regionen.
Veganlegg i Valedalen
Røyrgatetrase og veg bygd i samband med kraftutbygging går i same trase som turstien. I uttalen til Valedalen kraftverk viser Fylkesmannen til at anlegget er negativt for opplevingsverdiane i området.    
Fiske i Valedalselva
Fylkesmannen rådde frå meir kraftutbygging i Valedalen, mellom anna på grunn av friluftsinteressane. 

Oversyn over sakene i Hordaland

Tabeller under viser oversyn over konsesjonssaker handsama i 2013, konsesjonar gitt i Hordaland i 2013 og konsesjonssaker som fekk avslag i 2013. Du finn link til Fylkesmannens uttale i saker handsama i 2013. 

Konsesjonssøknadar handsama av Fylkesmannen i 2013
Kommune Kraftverk Tilråding frå
Fylkesmannen
Merknad
Etne  Ripelselva Fråråding  
Miljateig Skålnes Fråråding  
Fusa  Lygre kraftverk Fråråding  Fått konsesjon 
Hjortedalselva kraftverk    
 Jondal       Grimeelvi kraftverk    
Sæverhagen kraftverk Fråråding  
Brattabøelvi kraftverk     
Krossdalselvi kraftverk    
Vassendelva kaftverk Fråråding  
Breisete kraftverk Motsegn  

Tveddal kraftverk

Fråråding  
Kvam Skeie kraftverk    
  Kvennelvi kraftverk Fråråding Avslått
Kvinnherad   

 

 

Auno kraftverk

Motsegn  

Tverrelva kraftverk

   
Børsdalselva kraftverk  Motsegn  
Eikeelva kraftverk     
Valedalen kraftverk Fråråding  
Sæverhagen, overføring Motsegn  
Middagsvatn, overføring Fråråding  
Modalen  Fjellstølen kraftverk Fråråding  Avslått
Langedalselvi kraftverk Fråråding Søknad trekt
Odda Kolåsåna kraftverk   Fått konsesjon
Ullensvang Øvre Alsaker kraftverk Motsegn  
Ulvik  Vambheim kraftverk Fråråding Handsama av settefylkesmann
Ulsberg kraftverk Fråråding  
Vaksdal Askjelldalen pumpekraftverk Fråråding Søknad trekt
Voss  Overføring av Horgaset mfl til Evanger Motsegn  
Jordalen kraftverk    
Tverrelvi og Muggåselvi Motsegn  

 

Oversikt over gitte konsesjonar i Hordaland i 2013

Kommune Prosjekt Vedtak
Fusa Lygre kraftverk Hordaland fylkeskommune
Odda     Kolåsåna kraftverk NVE
Grøndalselva kraftverk OED
Botnen kraftverk OED
Tufteelva kraftverk OED
Ringedalen kraftverk OED
Ullensvang   Storelvi kraftverk NVE
Bråberg kraftverk NVE
Byro kraftverk OED
Voss   Jørnevik  kraftverk NVE
Vassvøre/Vossedalselvi kraftverk NVE
Gosland kraftverk NVE

 

Oversikt over avslag i konsesjonssøknadar i Hordaland 2013

Kommune Kraftverk Vedtak
Granvin  Espelandselvi kraftverk NVE
Skorvo kraftverk OED
Kvam Kvennelvi kraftverk NVE
Modalen Fjellstølen kraftverk NVE
Ullensvang Bjotveit kraftverk OED
Voss Geitelvi kraftverk NVE
Bøfossen kraftverk OED
Nedre Dyrvo kraftverk NVE

 



Aktuelt

Om konsesjonar gitt i 2013 på  NVE si nettside.

Om vassdragsaker i 2012 på vår nettside.

Om vassdragsutbygging i Hordaland på Miljøstatus.