Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Fylkesmannen går mot planlagt kraftutbygging i Eidfjord

Overføring av Skytjedalsvatnet til Sima har store negative følgjer for landskap og natur. Lite vassføring vil forverre situasjonen for laksefisk i Sima. Tidlegare utbyggingar gjer området særleg sårbart for nye inngrep.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 27.10.2014

 
Skytjedalen. Foto Gry Walle

Skytjedalen er eit markert og dramatisk landskapsrom med store opplevingsverdiar. Utbygginga vil gi nye og synlege inngrep. Vassføringa i Skytjedalsfossen vert vesentleg redusert, og fossen sin verdi som attraksjon for reiseliv og friluftsliv vert redusert.

Fylkesmannen går mot prosjektet, og har motsegn av omsyn til sjøaure. Tidlegare reguleringar gjer at det alt i dag er for lite vatn for sjøauren i vassdraget. Vi meiner det er nødvendig å revidere vilkåra som gjeld for kraftanlegga for å optimalisere bruken av vatn i Simavassdraget.  

Last ned Fylkesmannens motsegn frå kolonna til høgre.


Skytjedalselva og Skytjedalsvatnet. Foto: Gry Walle

Skytjefossen i Simadalen. Foto: Statkraft AS