Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Fylkesmannen går mot kraftutbygging i Øystesevassdraget

Fylkesmannnen skriv i brev til Olje- og energidepartementet at det ikkje bør opnast for kraftutbygging i Øystesevassdraget fordi den samla belastninga på landskap og natur er for stor.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 28.10.2016

Ørredalsfossen i Øystesevassdraget

To søknadar om kraftutbygging i Øystesevassdraget ligg til slutthandsaming i Olje- og energidepartementet. Dei var på synfaring i området i september. Etter at prosjekta var på høyring i 2012, har natur- og friluftsorganisasjonane utarbeidd ein rapport om naturmangfald i nedre del av vassdraget. Konsekvensutgreiinga viser svært store negativ konsekvensar for raudlista arter og viktige naturtyper.

I høyringsuttalen til Olje- og energidepartementet skriv Fylkesmannen at oppdatert kunnskapsgrunnlag og nye konsekvensvurderingar om naturmangfald må vege tungt i vedtak om mogleg overføring og utbygging i Øystesevassdraget. Vi viser til høg konflikt med viktig naturmangfald i vassdraget, samla belastning på sårbart høgfjellsområde og omsyn til regionale friluftsinteresser.