Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Framleis kalking av forsura ferskvatn

Det er nedbør forureina av svovel- og nitrogen som gjer at innsjøar og elvar i Noreg kan bli unaturleg sure. I 2016 blei det i Hordaland nytta om lag 6 millionar kroner til kalking for å redusere skadane på biologisk mangfald i vatn av denne forsuringa.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 31.01.2017

Kalking eit avbøtande tiltak

Den statlige miljøvernforvaltinga i Noreg arbeider på fleire plan for å redusere problemet med forureina nedbør. Hovudstrategien er å freiste å stoppe denne forureininga ved å redusere utsleppa til luft ute i Europa og i Noreg. Med dei internasjonale avtalene som no gjeld på dette området, reknar ein likevel med at forsuring  vil være eit problem i Noreg i fleire år framover.

Kalking er eit tiltak som skal hjelpe livet i vatn over kneika til vasskvaliteten igjen er blitt leveleg for fisk og andre former for liv i vatn. Fordi kalking er dyrt og fordi kalking ikkje heilt maktar å gjenskape det naturlege miljøet i vatn, er i det i Hordaland lagt stor vekt på å kalke berre i dei vatna og elvene  der det er vist at livet verkeleg er truga av forsuringa. 

Kalking i Hordaland før og no

Basert på kommunale kalkingsplanar nådde omfanget av innsjøkalking sitt høgdepunkt i Hordaland rundt tusenårsskiftet. Etter kvart som forsuringa er blitt mindre alvorleg, er talet på innsjøar som blir kalka blitt stadig mindre. Det førebels siste året med innsjøkalking i Hordaland var 2013.

For tida er det difor mest fokus på kalkingsprosjekta i laksevassdrag i Hordaland. I perioden 1994-2014 blei det starta opp slike prosjekt i Frøysetelva i Masfjorden kommune, Vosso i Voss kommune, Ekso i Vaksdal kommune og i Uskedalselva i Kvinnherad kommune. 

Overvaker effektane av kalkinga

Det er viktig å følgje med på korleis dei biologiske resultata blir av kalkinga. Dei kalka laksevassdraga blir difor overvaka. Det same gjeld for utvalde innsjøkalkingsprosjekt der kalkinga er avslutta. Det kan vere aktuelt å starte opp innsjøkalkinga om det viser seg at forsuringsproblema kjem tilbake.

Kalkinga i Hordaland i tida framover

Kalkdoseraren i Modalselva blei starta opp i 2016 som del av reetableringsprosjektet for laks i dette vassdraget. I 2017 kan det vere aktuelt å etablere nye kalkdoserarar i dette og andre eksisteranda prosjekt for å optimalisere kalkinga.

I 2017 er det òg planen å starte opp igjen nokre innsjøkalkingsprosjekt som blei førebels avslutta etter 2013.

Det er Miljødirektoratet som har det overordna økonomiske og faglege ansvaret for vassdragskalking i Noreg, medan Fylkesmannen i Hordaland har det regionale ansvaret i Hordaland. Kalking og overvaking blir gjennomført i samarbeid med kommunar, utgreiingsfirma, entreprenørar og lokale lag.

Totalt er det løyvd om lag 90 millionar kroner til kalkinga i Noreg i 2017. Vi reknar med at om lag 6 - 7 millionar vil bli nytta i Hordaland.

Les meir om kalkinga i Hordaland i lenkjer og dokument i høgremenyen.