Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Fortsatt stor interesse for ny vasskraftutbygging i Hordaland

Talet på søknader om ny vasskraftutbygging i Hordaland heldt seg høgt også i 2015. Fylkesmannen fekk i fjor nær 20 nye konsesjonssaker til uttale, mellom anna fleire i Masfjorden, Voss/Vaksdal og Hardanger. Energistyresmaktene slutthandsama i fjor om lag 30 konsesjonssaker frå Hordaland. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 08.03.2016

Fylkesmannen fremjar motsegn i saker der viktige miljøinteresser vert skadelidande

I fjor fremja Fylkesmannen motsegn i 8 konsesjonssøknader og rådde frå utbygging i to saker. Dette gjaldt utbyggingar i konflikt med nasjonale eller vesentlege regionale miljøinteresser, som landskap, friluftsliv, naturmangfald og fisk. Nesten alle nye prosjekt ligg i område prega av tidlegare innngrep og utbyggingar. Omsyn til samla belastning på naturmangfaldet vert difor viktig når ein skal vurdere nye prosjekt. I alle høyringssakene ga Fylkesmannen faglege råd med krav om avbøtande tiltak, særleg for å sikre tilhøvet til fisk og anna plante- og dyreliv knytt til vassdraga.

Fint våtmarksområde i øvre del av Sulelva er planlagt neddemt

Opprustings- og reguleringsprosjekt vinn fram

Dei siste åra har energistyresmaktene hatt aukande fokus på prosjekt som omfattar opprusting og utviding av eksisterande kraftverk. I følgje NVE vil regulerbar vasskraft bli viktig i tida framover for å stabilisere kraftsystemet. Vi har i dag mange småkraftverk utan regulering.

Dei prosjekta i Hordaland som fekk konsesjon eller positiv tilråding frå OED og NVE omfattar soleis dei større utbyggingsprosjekta, Tokagjelet kraftverk, Fjellhaugen kraftverk, Palmafossen kraftverk, Øystese kraftverk og overføringa av Vossodalsvatnet i øvre del av Øystesevassdraget til Samnanger. Desse prosjekta har samla årleg produksjonspotensial på nærare 250 GWh. Samstundes ga NVE ga konsesjon til 10 nye småkraftverk, med samla produksjonspotensial på om lag 100 GWh.

Store samanhengjande naturområde i Hordaland blir fragmentert gjennom kraftutbygging

Grunngjevinga i energistyresmaktene sine vedtak er i stor grad i tråd med Fylkesmannen sine faglege råd og innspel. Fylkesmannen ser likevel med uro på at det vert opna for utbyggingar som vil fragmentere og gjere inngrep i større samanhengjande naturområde med nasjonal og regional verdi for friluftsliv, naturoppleving og naturmangfald. Dei viktigaste av desse er overføringa av øvre del av Øystesevassdraget til Samnanger og bygging av Holdøla kraftverk på vestsida av Valldalsvatnet i Odda. Dette er prosjekt der Fylkesmannen har fremja motsegn. Dei skal slutthandsamast i OED.

Valldalsvatnet mot nord

Valldalen er viktig innfallsport til Hardangevidda nasjonalpark og har stor verdi i friluftssamanheng. Fjella rundt vatnet er heilt sentrale for villreinstamma på Hardangervidda, der Norge har internasjonalt forvaltingsansvar. Fylkesmannen meiner det ikkje må opnast for utbygging i desse fjellområda, som og er blant dei dei siste attverande villmarkprega området i Sør-Norge.

Om lag halvparten av småkraftsakene får avslag og mange blir ikkje realiserte

I alt 14 søknader om småkraftutbygging i Hordaland fekk avslag i 2015. Dette er om lag halvparten av søknadene, noko som viser at trenden frå seinare år heldt seg i 2015.

På landsbasis handsama NVE nærare 200 småkraftsøknader i 2015. Ein god del saker vart trekt eller omarbeidd, truleg på grunn av låge kraftprisar og dårleg lønsemd i næringa. Mange konsesjonsgitte prosjekt vert difor ikkje bygd ut. Vi ser samstundes ei utvikling med skifte i eigarstrukturen innan småkraftverk i Norge. Ny eigarar kjøper seg inn i bransjen, og bak desse står både norske og utanlandske interesser.

Grafen viser tal på småkraftsaker og avslag på søknader

Sjå lenke til høgre. Her kan du laste ned:  

  • Liste over vassdragssaker handsama av Fylkesmannen i 2015
  • Liste over vassdrgssaker avgjort i NVE og OED i 2015
  • Dokument knytt til dei einkskilde søknadane på NVE på si nettside
  • Artikkel på NVEs nettside 28. januar 2016 om tildelte konsesjonar i 2015
  • Lenke til omtale av vassdragssaker i Hordaland i 2014, 2013 og 2012