Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Vann

Vann er en livsnødvendig ressurs for alle. Vi har mye rent vann i Norge, men ikke alt vannet har like god kvalitet.

Dette er de viktigste årsakene til dårlig vannkvalitet:

  • forurensning som forsuring, overgjødsling og spredning av miljøgifter
  • fysiske endringer som vassdragsregulering, hindringer som for eksempel veier og jernbaner, og grøfting og andre tiltak som styrer vannet i kanaler
  • biologiske påvirkninger som fremmede fiskearter, rømt oppdrettsfisk og lakselus

Samarbeid om vannforvaltning

Vannet renner dit det vil. De fleste vannkildene strekker seg over flere kommuner eller fylker, og noen deler vi med våre naboland. Derfor må vannet forvaltes i samarbeid mellom lokale, regionale og sentrale myndigheter. Her samarbeider vi også med nabolandene våre Sverige, Finland og Russland.   

Norge er delt inn i elleve vannregioner. En fylkeskommune i hver region er utpekt som vannregionmyndighet. 

Statsforvalterens oppdrag

Klima- og miljødepartementet er ansvarlig myndighet for innføringen av EUs rammedirektiv for vann. Statsforvalteren er departementets representant på regionalt nivå, og skal   

  • samle kunnskap om vannets tilstand og gi en vurdering av miljøtilstanden
  • overvåke og kartlegge problemer
  • fungere som miljøfaglig rådgiver for andre involverte myndigheter

Vannet blir påvirket på mange ulike måter. Hensynet til at vi skal ha rent vann nå og i framtiden, må være en del av vurderingen på alle fagområder.

Vis mer


11.10.2018

Dårleg vasskvalitet i fleire vassdrag

Fleire elvar og innsjøar i Hordaland har dårleg vasskvalitet. Etter Vassforskrifta skal ein gjere tiltak for å betre tilstanden. I denne samanheng er rundt 80 lokalitetar i Hordaland undersøkt i 2017 og 2018.


16.05.2018

Godt grunnlag for vidare arbeid med flaumsikring i Opo

Fylkesmannen uttaler at forprosjekt om flaumluke i Sandvinvatnet gir grunnlag for vidare planlegging av sikringstiltak i Opo. Lukealternativet er mindre konfliktfylt for vassdragsnaturen enn bygging av kraftverk.


29.01.2018

Mange vassdragssaker også i 2017

Talet på nye søknader om vasskraftutbygging har halde seg høgt i Hordaland også i 2017. Sentrale styresmakter ga konsesjon til mange nye utbyggingar, men har og avslått mange. 


16.08.2017

Nei til meir kraftutbygging i Valldalen

Olje- og energidepartementet har avslått fire kraftutbyggingsprosjekt i Valldalen i Odda. Grunngjevinga er at utbygging vil vere i strid med nasjonalt villreinområde på Hardangervidda, friluftsinteresser og landskap.


03.07.2017

Vegetasjonen langs vassdrag skal takast vare på

Den vanlege vegetasjonen inntil vassdrag og vatn har eit særskilt vern etter vassressurslova. Du kan ikkje ta bort denne vegetasjonen utan å søke Fylkesmannen. Fylkesmannen i Hordaland har oppheva vedtak i Kvinnherad kommune der kommunen ikkje tok omsyn til vegetasjonen langs vassdrag.


10.03.2017

Inngrep i vassdrag er søknadspliktig

Flaum har store følgjer for vassdraga våre, og kommunane får fleire planar og søknader om tiltak for å førebyggje eller reparere skadane. Regelverket for tiltak i vassdrag er komplisert, og vi har samla informasjon om korleis sakene skal handsamast.


31.01.2017

Framleis kalking av forsura ferskvatn

Det er nedbør forureina av svovel- og nitrogen som gjer at innsjøar og elvar i Noreg kan bli unaturleg sure. I 2016 blei det i Hordaland nytta om lag 6 millionar kroner til kalking for å redusere skadane på biologisk mangfald i vatn av denne forsuringa.


25.01.2017

Vassdraga er fortsatt under press

Interessa for ny vassdragsutbygging i Hordaland heldt fram også i 2016. På landsbasis har talet på nye konsesjonssøknader begynt å gå ned, men i Hordaland er talet fortsatt høgt.


22.12.2016

Søk om tilskot til miljøtiltak for 2017

Kommunar, organisasjonar og private kan no søkje om økonomisk støtte til tiltak for å betre miljøtilstanden i Hordaland.


28.10.2016

Fylkesmannen går mot kraftutbygging i Øystesevassdraget

Fylkesmannnen skriv i brev til Olje- og energidepartementet at det ikkje bør opnast for kraftutbygging i Øystesevassdraget fordi den samla belastninga på landskap og natur er for stor.


22.04.2016

Haukåselva får nye innbyggjarar

Den 20. april vart 185 unge elvemuslingar satt ut i Haukåselva i Bergen. Elvemuslingane er ala fram i kunstige elvar på Austevoll, og skal vere framtida for den elles forgubba bestanden i Haukåselva. Utsetjinga er ein viktig milepel i arbeidet med å ta vare på trua bestandar av elvemusling i Noreg.


18.03.2016

Tilskot til naturforvaltingstiltak i 2015

Fylkesmannen i Hordaland betalte ut over seks millionar kroner til naturforvaltingstiltak og rovvilttiltak i 2015. Den største delen av desse midlane gjekk til tiltak for å ta vare på elvemuslingen. 


08.03.2016

Fortsatt stor interesse for ny vasskraftutbygging i Hordaland

Talet på søknader om ny vasskraftutbygging i Hordaland heldt seg høgt også i 2015. Fylkesmannen fekk i fjor nær 20 nye konsesjonssaker til uttale, mellom anna fleire i Masfjorden, Voss/Vaksdal og Hardanger. Energistyresmaktene slutthandsama i fjor om lag 30 konsesjonssaker frå Hordaland. 


08.07.2015

Mange småkraftsøknader i Midt-Hordaland har fått avslag

Fylkesmannen har gitt fråsegn i ei rekke ulike småkraftsaker i Kvam, Fusa og Samnanger kommunar. Landskap, friluftsliv og biologisk mangfald er viktige omsyn i vedtak om utbygging. Av tolv saker NVE har gitt løyve til utbygging i tre, og positiv innstilling til OED i ei sak, Tokagjelet kraftverk.  NVE har gitt avslag i alt åtte saker. Vedtaka er på mange felt i tråd med Fylkesmannen sine tilrådingar.


16.04.2015

Vil skjerme friluftsområde mot kraftutbygging i Voss og Vaksdal

Fylkesmannen har gitt uttale til sju søknadar om småkraftutbygging. Flerie av utbyggingane ligg i område med viktige friluftsinteresser mellom Bergsdalen og Kvamskogen. Vi har gått mot fem av sakene. Grunnen er samla belastning på naturverdiane, inkludert friluftsliv og landskap, og følgjer for laksefisk.  


05.02.2015

Mange vassdragssaker i 2014

I 2014 handsama NVE rekord mange vassdragssaker i Hordaland. Om lag halvparten av søknadane fekk avslag, på grunn av konflikt med nasjonale verdiar for landskap, friluftsliv, naturmangfald og fisk. Fleire utbyggarar har trekt eller omarbeidd sine søknadar.


16.12.2014

No kan du søke om tilskot til miljøtiltak

Kommunar, organisasjonar og private kan no søkje om økonomisk støtte til tiltak for å betre miljøtilstanden i Hordaland.


27.10.2014

Fylkesmannen går mot planlagt kraftutbygging i Eidfjord

Overføring av Skytjedalsvatnet til Sima har store negative følgjer for landskap og natur. Lite vassføring vil forverre situasjonen for laksefisk i Sima. Tidlegare utbyggingar gjer området særleg sårbart for nye inngrep.


23.01.2014

Fylkesmannens råd i vassdragssaker når fram

Energistyresmaktene sine vedtak i vassdragssaker er ofte i samsvar med Fylkesmannens faglege råd. Omsyn til landskap, friluftsliv, biologisk mangfald, verna vassdrag og fisk er viktige tema.  Stort press på ny utbygging  gjer det likevel vanskeleg å vurdere samla belastning på naturen i fylket. 


10.01.2014

Skal undersøke straumen i Sørfjorden

Vi ønskjer å vite meir om straumtilhøva i Sørfjorden. Vi har derfor lyst ut eit oppdrag på straummålingar i fjorden. Grundig kjennskap til straumningstilhøva vil vere viktig i vurdering av tiltak som kan vere nødvendige for å få redusert forureininga i fjorden. Fristen for å gi tilbod er 31. januar 2014.


02.01.2014

Søk om tilskot innan 15. januar

Nå kan kommunar, organisasjonar og private søkje om økonomisk støtte for å betre miljøtilstanden i Hordaland.


01.10.2013

Nye kraftutbyggingar i Voss kan skade laksen

Fylkesmannen meiner at  to utbyggingsprosjekt som påverkar Vossovassdraget kan skade laksen i dette nasjonale laksevassdraget. Difor har Fylkesmannen fremja motsegn mot prosjekta.


16.08.2013

Omfattande ny kraftutbygging på Folgefonnhalvøya krev grundig vurdering

Våren 2013 var 13 nye kraftverk på vestsida av Folgefonnhalvøya på høyring. Fylkesmannen har motsegn til 5 og frarår utbygging i fleire av søknadane.


18.04.2013

Stort press på vassdraga i Hordaland

Nasjonale mål om fornybar energi og ordninga med elsertifikat har ført til stor interesse for å bygge småkraftverk. Presset er aller høgast på Vestlandet, og i Hordaland var det i 2012 rekordmange søknadar om bygging av småkraftverk.


10.01.2013

Søk om tilskot innan 15. januar


27.09.2012

Småkraftutbygging i Vossovassdraget i strid med nasjonale mål?

Vossovassdraget sin status som verna vassdrag og nasjonalt laksevassdrag må gi føringar på omfanget av ny kraftutbygging. Fylkesmannen har motsegn til tre av seks omsøkte utbyggingar.


19.04.2012

Krafutbygging og veg i unikt landskap

Holmen kraft AS vil byggje kraftverk i Verdsarvområdet og landskapsvernområde i Nærøydalen. Utbygginga vil gje ny veg til Jordalen, og dette er ein viktig drivkraft for planane. Utbygginga lyt skje på vilkår gitt i vernereglane.