Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Rovvilt

Bjørn, ulv, gaupe, jerv og kongeørn regnes som rovvilt. Det er et hovedmål å sikre levedyktige bestander av de fire store rovdyrartene og av kongeørn. Samtidig er det et mål å opprettholde et aktivt landbruk for å utnytte beiteressursene for sau og rein i utmark. For å nå dette todelte målet må vi forvalte rovviltbestanden, samtidig som landbruket må tilpasse seg noe i kjerneområdene for rovvilt.

Dette er noen av Statsforvalterens oppgaver i forvaltningen av rovvilt:

  • tildele midler til forebyggende tiltak mot rovviltskader og behandle søknader om erstatning for skader på bufe som er forårsaket av fredet rovvilt
  • behandle søknader om båsfangst av jerv og gaupe
  • gi tillatelse til skadefelling av gaupe, jerv, ulv og bjørn innenfor tildelt kvote fra rovviltnemnda
  • stå for forvaltningen av kongeørn, mellom anna å vurdere søknader om skadefelling
  • være sekretariat for den regionale rovviltnemnda, som skal sørge for at rovdyrstammene forvaltes slik at antallet dyr er så nært bestandsmålet i regionen som mulig 

Vis mer


04.01.2018

Gir løyve til felling av jerv

Fylkesmannen har gitt løyve til skadefelling av ein jerv i Odda kommune fram til og med 15. februar. Det regionale fellingslaget for rovvilt i Hordaland har ansvar for fellingsforsøket.


09.10.2017

Snart frist for å søke rovvilterstatning

Når husdyr blir drepne eller skada av freda rovvilt skal staten yte erstatning til dyreeigaren. Føresetnaden er at krava i erstatningsforskrifta er oppfylte, og at dyreeigaren har gjort sitt for å dokumentere at tapa skuldast rovvilt. Søknaden skal leverast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter innan 1. november.


31.08.2017

Forlenger løyve til felling av jerv

Fylkesmannen utvidar perioden for betinga skadefelling av jerv i eit område i Odda, Ullensvang og Eidfjord kommunar. Løyvet er gitt til det regionale fellingslaget for rovvilt i Hordaland og gjeld til og med 14. september.


18.08.2017

Gir løyve til felling av jerv

Fylkesmannen har gitt løyve til skadefelling av ein jerv i Odda, Ullensvang og Eidfjord kommunar. Løyvet gjeld frå 18. august til og med 31. august. Det regionale fellingslaget for rovvilt i Hordaland er ansvarlege for fellingsforsøket.


06.07.2017

Kva gjer ein viss ein mistenkjer tap til freda rovvilt?

Det viktigaste ein må tenkje på når ein mistenkjer tap husdyr til freda rovvilt er dokumentasjon. Det er heilt sentralt for utmåling av erstatning for husdyr drepne av freda rovvilt. Statens naturoppsyn (SNO) utførar dokumentasjonsarbeid, medan Fylkesmannen handsamar erstatnings- og skadefellingssøknadar.


19.05.2017

Informasjonsmøte om rovvilt og beitedyr på Voss

Fylkesmannen inviterer til informasjonsmøte om rovvilt i Hordaland på Voss Tinghus 29. mai kl. 19.30.


20.04.2017

Jerv felt i Suldal i Rogaland

Tysdag 18. april gjennomførte Statens naturoppsyn ekstraordinært uttak av ein hannjerv ved Kvanndalsvatnet i Suldal kommune. Grunnlaget for uttaket er at jerv har tatt sau i Hordaland og Rogaland dei siste to åra.


22.12.2016

Søk om tilskot til miljøtiltak for 2017

Kommunar, organisasjonar og private kan no søkje om økonomisk støtte til tiltak for å betre miljøtilstanden i Hordaland.


17.10.2016

Snart frist for å søke rovvilterstatning

Når husdyr blir drepne eller skada av freda rovvilt skal staten yte erstatning til dyreeigaren. Føresetnaden er at krava i erstatningsforskrifta er oppfylte, og at dyreeigaren har gjort sitt for å dokumentere at tapa skuldast rovvilt. Søknaden skal leverast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter innan 1. november.


06.09.2016

Forlenger løyve til felling av jerv

Det regionale fellingslaget for rovvilt i Hordaland fekk 18. august løyve til felling av ein skadegjerande jerv knytt til den vestre delen av Hardangervidda. På bakgrunn av nye kadaverfunn helga 3.-4. september forlenger vi no løyvet til å gjelde ut fredag 9. september.


01.09.2016

Rutinar ved mistanke om rovviltskade

Når husdyr blir drepne av jerv, gaupe, ulv, bjørn eller kongeørn har dyreeigaren rett på erstatning. Ofte blir tap på utmarksbeite først oppdaga under sankinga. Då er det viktig å kontakte Statens naturoppsyn så snart kadaver blir oppdaga og ein mistenker rovvilt som dødsårsak. Frist for å søke erstatning er 1. november.


22.08.2016

Utvida jaktområde for skadefelling av jerv

Fylkesmannen gav 18. august løyve til felling av ein jerv i delar av Odda og Ullensvang. På bakgrunn av ein observasjon av jerv nord for det godkjente jaktområde utvidar vi no området fellingslaget for rovvilt kan operere i.


19.08.2016

Løyve til felling av jerv i Odda kommune

Fylkesmannen har gitt løyve til skadefelling av ein jerv i Valldalen og kringliggjande område i Odda og Ullensvang. Løyvet gjeld frå 19. august til og med 4. september, og det regionale fellingslaget for rovvilt i Hordaland er ansvarleg for fellingsforsøket.


12.04.2016

Jerv felt i Ullensvang

Miljødirektoratet har vedtatt ekstraordinært uttak av jerv i Hordaland. Bakgrunnen for dette er fjorårets tap av sau til jerv i Røldal og behovet for å førebygge tap kommande beitesesong. I går vart ein jerv felt av Statens naturoppsyn ved Veig i Ullensvang herad.


18.03.2016

Tilskot til naturforvaltingstiltak i 2015

Fylkesmannen i Hordaland betalte ut over seks millionar kroner til naturforvaltingstiltak og rovvilttiltak i 2015. Den største delen av desse midlane gjekk til tiltak for å ta vare på elvemuslingen. 


02.10.2015

Snart frist for å søke rovvilterstatning

Når husdyr er drepne eller skada av freda rovvilt skal staten yte erstatning til dyreeigaren. Føresetnaden er at krava i erstatningsforskrifta er oppfylte og at dyreeigaren har gjort sitt for å få dokumentert at tapa skuldast rovvilt. Søknaden skal leverast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter innan 1. november.


24.09.2015

Lisensjakt på åtte jervar

Rovviltnemnda har vedteke at åtte jervar kan fellast under årets lisensjakt i Region 1. Jakttida er frå 10.september 2015 til 15.februar 2016. Kvoten gjeld Hordaland, Sogn og Fjordane, Rogaland og Vest-Agder.


12.06.2015

Forsøk med kadaverhund

Fitjarøyane er eitt av to referanseområde for kystlynghei i Hordaland. I fleire år har tapstala for sau vore store i dette området og vi veit at kongeørn står bak ein del av tapa. Tap av utegangarsau til kongeørn kan vere vanskeleg å dokumentere. I år har Fylkesmannen løyvd midlar til forsøk med kadaverhund for å auke sjansen for å finne att tapte dyr.


16.12.2014

No kan du søke om tilskot til miljøtiltak

Kommunar, organisasjonar og private kan no søkje om økonomisk støtte til tiltak for å betre miljøtilstanden i Hordaland.


29.10.2014

Kvotejakt på gaupe i Hordaland

Rovviltnemnda i region 1 har vedtatt kvotefri gaupejakt i Hordaland i 2015. Gaupe gjeld som storvilt og jegarar må følgje alle reglane som for anna jakt. I tillegg gjeld nokre ekstra reglar som jegarar pliktar å gjere seg kjent med. Jakttida er frå og med 1. februar til og med 31. mars.


29.10.2014

Siste frist for å søke erstatning for rovdyrskadar

Når gaupe, jerv, bjørn, ulv eller kongeørn er årsak til tap av husdyr har dyreeigaren rett på erstatning. Søknadane må leverast elektronisk i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter innan 1. november.


15.05.2014

Kongeørn i Fitjar

Fylkesmannen i Hordaland gav i april avslag på søknad om fellingsløyve for skadegjerande kongeørn i Fitjar. Avslaget er påklaga og klagen er no sendt vidare til Miljødirektoratet for endeleg avgjerd.


02.01.2014

Søk om tilskot innan 15. januar

Nå kan kommunar, organisasjonar og private søkje om økonomisk støtte for å betre miljøtilstanden i Hordaland.


10.01.2013

Søk om tilskot innan 15. januar