Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Naturmangfold

Naturen skal forvaltes slik at planter og dyr som finnes naturlig i Norge, skal sikres i levedyktige bestander. Vi skal også ta vare på den variasjonen som finnes i naturtyper, landskap og geologi.

Alle har ansvar for naturmangfoldet

Alle typer inngrep i naturen kan true naturmangfoldet. Vi må derfor alltid vurdere konsekvensene av inngrep som for eksempel større veier eller nye boligområder.

De to viktigste lovene for å ta vare på naturmangfoldet er naturmangfoldloven og plan- og bygningsloven. Naturmangfoldloven pålegger myndighetene å vurdere tiltak når naturen er truet.

Statsforvalteren bidrar til å sikre at leveområder, arter og naturressurser blir tatt vare på, blant annet ved å kontrollere at kommunene følger naturmangfoldloven, og sikre at kunnskap om miljøet blir lagt til grunn for kommunale beslutninger.

Truede arter og naturtyper

Mer enn 2000 plante-, sopp- og dyrearter står i fare for å bli utryddet i Norge. Regjeringen har utpekt noen av de truede artene og naturtypene som «prioriterte arter» eller «utvalgte naturtyper». Disse blir det tatt særlige hensyn til i forskrifter til naturmangfoldloven. Statsforvalteren har ansvar for det faglige grunnlaget for nye handlingsplaner for noen av de prioriterte artene og utvalgte naturtypene og for å gjennomføre tiltak når planene er vedtatt. I mange tilfeller blir tiltakene utført i samarbeid med grunneiere, kommuner og foreninger.

Fremmede arter

Fremmede arter er planter og dyr som ikke hører naturlig hjemme i vår natur. Mer reising, mer handel og et mildere klima er noen av årsakene til at det kommer nye fremmede arter til Norge.

Det er viktig at fremmede arter ikke skader økosystemene våre. Statsforvalteren deltar i arbeidet med å bekjempe fremmede skadelege arter, blant annet ved å fjerne fremmede planter fra verneområder og informere hageeiere om hvilke planter de helst ikkje bør bruke. Statsforvalteren har også oppgaver knyttet til kartlegging og overvåkning av fremmede arter. 

Vis mer


25.09.2018

Nasjonal elvemuslingkonferanse

Elvemuslingen er ein trua art i Norge og over 95 prosent av bestandane i Europa er allereie utrydda. Hovudtema på konferansen i Bergen 13.-14. november vil vere trugsmål og tiltak for å berge elvemuslingbestandar.


19.09.2018

Tiltak mot vestamerikansk hemlokk

Fylkesmannen har jobba med tiltak mot vestamerikansk hemlokk sidan 2010. I 2018 jobbar vi med oppfølging av tidlegare tiltak, og det er sett i gang tiltak i fleire nye område.


07.09.2018

Når planframlegg råkar prioritert art etter naturmangfaldlova

Naturmangfaldlova § 23 gjev heimel til å fastsette forskrifter som gir nokre særleg sårbare artar status som prioritert art. Dvergålegras er prioritert art etter naturmangfaldlova. Til saman er det i dag berre tretten artar som har fått slik status og desse har eit sterkt skydd som òg må følgjast opp i planlegginga.


06.07.2018

Enkel handlingsplan mot framande, skadelege artar i Hordaland

Fylkesmannen i Hordaland har utarbeidd ein enkel handlingsplan mot framande, skadelege artar


05.07.2018

Ta vare på kystregnskogen!

Hordaland, og særleg Sunnhordland, har vist seg å vere ein «hot-spot» for regnskog i Noreg. Dette har kome fram gjennom eit omfattande kartleggingsarbeid i perioden 2012-2017 i regi av Miljødirektoratet. Ein rapport som oppsumerar resultata frå denne kartlegginga vart publisert tidlegare i år. Aktuelle skogeigarar er orienterte om resultata frå kartlegginga.


08.06.2018

Hjelp oss å ta vare på Åkerriksa

Tenk på åkerriksa i slåtten. Åkerriksa er kritisk trua i Noreg, og vi prøver å ta vare på dei som enno finst her. Derfor vil vi gjerne ha beskjed om du observerer ho.


01.06.2018

Kartlegging av naturtypar i Hordaland i 2018

Sommaren og hausten 2018 blir det på oppdrag frå Miljødirektoratet gjennomført kartlegging av naturtypar i delar av Fjell og Øygarden kommunar og Kvam herad.


29.01.2018

Miljøtiltak som har fått støtte i 2017

I 2017 ble det tildelt nesten 7 millionar kroner til tiltak for å ta vare på trua artar og trua naturtypar. Her er eksempel på nokre av dei tiltaka som fekk støtte. 


12.12.2017

Søk om tilskot til miljøtiltak i 2018

Kommunar, organisasjonar og private kan no søkje om økonomisk støtte til tiltak for å betre miljøtilstanden i Hordaland.


17.11.2017

Hagerømlingar - hageplantar som blir miljøproblem

Fleire av plantane du har i hagen din kan skade naturmangfaldet om dei kjem seg forbi hagegjerdet og ut i naturen. Fylkesmannen har laga ein brosjyre der du som hageeigar, distributør av plantar eller entreprenør får tips til kva du kan gjere for å hindre spreiing av slike artar. 


02.11.2017

Fjernar vestamerikansk hemlokk i Langeskogen

I tida fram mot årsskiftet blir det hogd vestamerikansk hemlokk i Langeskogen ovanfor Fjøsanger gård. Arbeidet er ein del av Fylkesmannen sitt arbeid mot innførte, skadelege artar.


27.09.2017

Dagskonferanse om naturmangfald i sjø

Fylkesmannen inviterte til dagskonferanse om naturmangfald i sjø tysdag 7. november 2017. Vi retta søkjelyset på kunnskapsstatus om naturmangfald i sjø, og korleis vi nytter dette i forvaltninga av dei marine økosystema.

Du finn innlegga i menyen til høgre. 


18.08.2017

Kartlegg rynkerose i Hordaland

Den framande, svartelista arten rynkerose skal kartleggast for å få betre kunnskap om spreiing og om planten trugar det opprinnelege biologiske mangfaldet.


06.07.2017

Kommunen kan felle særleg aggressive knoppsvaner

Den siste veka har saka om «Havnesjefen» i Os fått mykje merksemd i media. På bakgrunn av spørsmål som er reist i saka gjer vi greie for reglane som gjeld når kommunen set i verk uttak av vilt etter eige tiltak.


28.06.2017

Sommarvêret er krevjande for ternene — vis omsyn!

Det er om lag like mange — eller like få — terner i Hordaland i år som for tre år sidan. Men det våte og småkalde sommarvêret gjer hekkesesongen vanskeleg. Meld gjerne frå på vårt skjema om du veit om hekkestader som ikkje er registrert.


14.06.2017

Kartlegging av naturtypar i Hordaland i 2017

Sommaren 2017 blir det på oppdrag frå Miljødirektoratet gjennomført kartlegging av naturtypar i delar av Bømlo og Stord kommunar.


23.02.2017

Har du innspel til marin verneplan?

Fylkesmannen har sendt marin verneplan for Hordaland på høyring. Verneplanen gjeld tre område; Lurefjorden og Lindåsosane, Krossfjorden og Ytre Hardangerfjord. Høyringsdokumenta er sendt til dei aktuelle kommunane og relevante høyringspartar. Høyringsfristen var 1. juni 2017.


14.02.2017

No er det på tide å brenne i lyngheiene!

Når mange no går i gang med brenning av lyngheiene, er det viktig å ha eit godt samarbeid med det lokale brannvesenet.


31.01.2017

Barlind i verneområda skal vernast mot hjorteskader

Statens Naturoppsyn er no i gang med å sette beskyttelse på utvalde barlind-tre i Barlind-Kristtorn-område i Hordaland. 


31.01.2017

Framleis kalking av forsura ferskvatn

Det er nedbør forureina av svovel- og nitrogen som gjer at innsjøar og elvar i Noreg kan bli unaturleg sure. I 2016 blei det i Hordaland nytta om lag 6 millionar kroner til kalking for å redusere skadane på biologisk mangfald i vatn av denne forsuringa.


16.01.2017

Ubeden gjest i vest – Seminar om spreiing av ørekyt i naturen

Den vesle fiskearten ørekyt finst naturleg i ein avgrensa del av Noreg, men menneskeleg aktivitet har gjort at dagens utbreiing er langt vidare. Det kan ha store konsekvensar for økosystemet når ein slik art kjem inn i eit nytt vassdrag. Seminaret summerer opp og evaluerer tiltak som har vore gjort for å motverke vidare spreiing av ørekyt på Hardangervidda.


21.12.2016

Søk om tilskot til miljøtiltak for 2017

Kommunar, organisasjonar og private kan no søkje om økonomisk støtte til tiltak for å betre miljøtilstanden i Hordaland.


07.10.2016

Jordmassar frå problem til ressurs

I rettleiaren som Region Nordhordland har laga er det samla råd om korleis kommunane ved god sakshandsaming kan legge til rette for at jord vert brukt som ein ressurs for landbruk og samfunn. Prosjektet har fått skjønsmiddel frå Fylkesmannen.


07.07.2016

Med fokus på dvergålegras på Huglo

Dvergålegras er ein svært sjeldan plante, og ein av dei viktigaste førekomstane i Noreg finn vi på Leira nordvest på Huglo. 27. juni møttest forvaltning og brukarar for å diskuterte korleis vi kan kombinere bruk av området med å ta vare på dvergålegraset.


07.07.2016

Botanikk-kurs på Varaldsøy

28. juni hadde vi botanikk-kurs i Gjuvslandslia på Varaldsøy, slik at dei som skjøttar dei mest verdifulle slåttemarkene i Hordaland skulle lære meir om artane dei tek vare på.


06.07.2016

Kartlegging av naturtypar i Hordaland

Sommaren 2016 vert det gjennomført kartlegging av naturtypar etter NiN-systemet på oppdrag frå Miljødirektoratet. I Hordaland skal det kartleggast åtte område i Askøy, Bergen, Bømlo, Kvinnherad og Voss.


22.04.2016

Haukåselva får nye innbyggjarar

Den 20. april vart 185 unge elvemuslingar satt ut i Haukåselva i Bergen. Elvemuslingane er ala fram i kunstige elvar på Austevoll, og skal vere framtida for den elles forgubba bestanden i Haukåselva. Utsetjinga er ein viktig milepel i arbeidet med å ta vare på trua bestandar av elvemusling i Noreg.


18.03.2016

Tilskot til naturforvaltingstiltak i 2015

Fylkesmannen i Hordaland betalte ut over seks millionar kroner til naturforvaltingstiltak og rovvilttiltak i 2015. Den største delen av desse midlane gjekk til tiltak for å ta vare på elvemuslingen. 


18.03.2016

Frå ei fjør til tusen gjess?

Sjølv om det er ganske få bønder som kjenner det på kroppen, har det likevel blitt mykje grågås og avlingsskader mange stader. Smarte og samkøyrte tiltak kan redusere både skadeomfang og konfliktnivået.


08.03.2016

Fortsatt stor interesse for ny vasskraftutbygging i Hordaland

Talet på søknader om ny vasskraftutbygging i Hordaland heldt seg høgt også i 2015. Fylkesmannen fekk i fjor nær 20 nye konsesjonssaker til uttale, mellom anna fleire i Masfjorden, Voss/Vaksdal og Hardanger. Energistyresmaktene slutthandsama i fjor om lag 30 konsesjonssaker frå Hordaland. 


07.03.2016

Oppstart av frivillig skogvern på Åkre og Vikaneset i Ullensvang

Skogen i utmarka på Åkre og Vikaneset i Ullensvang er blant den eldste, mest intakte og naturprega i Hordaland. Vi startar no opp arbeidet med frivillig skogvern. Frist for innspel til oppstarten er 8. april 2016.


04.03.2016

Oppstart av frivillig skogvern i Tjongspollen i Bømlo

I utmarka i Tjongspollen i Bømlo finst det variert natur, mellom anna regnskogar med mange trua artar. Vi startar no opp arbeidet med frivillig skogvern. Frist for innspel er 4. april 2016.


17.02.2016

Ønskjer innspel til forvaltingsplan for sjøfugl

Planen omtalar alle fugleartar som held til i kystsona, deira status og kva faktorar som påverkar bestandane. I planen har vi sett fokus på tiltak som kan bidra til at kysten også i framtida skal vere levande, med livskraftige bestandar av sjøfugl.


07.01.2016

Dagsseminar om Naturmangfald i sjø

Fylkesmannen arrangerte dagskonferanse om forvaltning av naturmangfald i sjø tysdag 19. januar 2016.


10.12.2015

Søk om tilskot innan 15. januar

No kan kommunar, organisasjonar, private verksemder og enkeltpersonar søkje om økonomisk støtte til tiltak for å betre miljøtilstanden i Hordaland.


02.12.2015

Blir ternene utrydda?

Den nye Raudlista for artar omfattar 4438 artar, om lag 20 prosent av alle artane som har blitt vurdert. Av desse finst 578 i Hordaland, og av desse igjen er 324 rekna som truga, m.a. har makrellterna fått status som sterkt truga.


11.11.2015

Bruk av utanlandske treslag i skogbruket er søknadspliktig

Bruk av utanlandske treslag til skogproduksjon eller til produksjon av juletre og pyntegrønt er søknadspliktig. Fylkesmannen handsamar søknadane og ein må søke seinast innan to månader før tiltaket er planlagt


21.08.2015

Minkar det på minken i Hordaland?

Mink er ein framand og svartelista art, og ei av årsakene til  mindre sjøfugl. I ein artikkel skriv assisterande miljøvernsjef Stein Byrkejalnd at uttak av mink er eit prioritert tiltak i mange sjøfuglreservat, men spør om det nok for å redde sjøfuglane?


12.06.2015

Forsøk med kadaverhund

Fitjarøyane er eitt av to referanseområde for kystlynghei i Hordaland. I fleire år har tapstala for sau vore store i dette området og vi veit at kongeørn står bak ein del av tapa. Tap av utegangarsau til kongeørn kan vere vanskeleg å dokumentere. I år har Fylkesmannen løyvd midlar til forsøk med kadaverhund for å auke sjansen for å finne att tapte dyr.


08.06.2015

Hjelp oss med å ta vare på åkerriksa

Husk på åkerriksa no når grasslåtten nærmar seg. Åkerriksa er kritisk trua i Noreg, og vi prøver å ta vare på dei som enno finst her. Derfor vil vi gjerne ha beskjed om du observerer ho.


27.05.2015

Beskjeden plante blir prioritert art!

Dvergålegras er ein sterkt trua plante som veks på grunne våtmarksområde i sjø. 22 mai vedtok kongen i statsråd at den no er ein prioritert art etter naturmangfoldlova. Det betyr at vi no må ta vare på dei områda der me framleis finn planten.


11.05.2015

Kystlynghei er Utvald Naturtype!

Torsdag 7. mai blei det vedtatt av kongen i Statsråd at Kystlynghei er Utvald Naturtype. I Hordaland har vi framleis ein del kystlynghei att, og den nye statusen gjev oss høve til å ta ekstra omsyn til denne verdifulle naturtypen.


29.04.2015

Folgefonna nasjonalpark ti år

Det er no ti år sidan oppretting av Folgefonna nasjonalpark og fire landskapsvernområder på Folgefonnhalvøya. Nasjonalparken utgjer i dag eit verdifullt naturområde med store opplevingskvalitetar.  


03.02.2015

Støtte til tiltak i dei mest verdifulle kulturlandskapa

Frå 3. februar kan du søke om tilskot til forvaltingstiltak i nasjonalt verdifulle kulturlandskap. Område som har fått status som utvalgte kulturlandskap er unntatt frå denne ordninga.


16.12.2014

No kan du søke om tilskot til miljøtiltak

Kommunar, organisasjonar og private kan no søkje om økonomisk støtte til tiltak for å betre miljøtilstanden i Hordaland.


12.12.2014

Rik natur på Ånuglo er verna

Ånuglo, Midtøya, Seløya og Flornes er i dag verna som naturreservat ved Kongeleg resolusjon. Dermed er eit viktig og rikt vestnorsk skoglandskap verna for framtida. Her veks mellom anna mykje eføy, kristtorn og barlind.


25.11.2014

Dagskonferanse om naturmangfaldlova

Fylkesmannen inviterte til dagskonferanse om naturmangfaldlova 27. november for kommunar, organisasjonar og konsulentfirma i Hordaland.


20.10.2014

Tiltak mot boersvineblom og kjempespringfrø har gitt gode resultat

Fylkesmannen har i fleire år gitt pengar til å bekjempe nokre utvalde framande artar her i fylket. Arbeidet er tidkrevjande, men gir gode resultat.


06.10.2014

Bidrar til naturmangfald i kulturlandskapet

I 2014 har Fylkesmannen betalt ut nær 1.5 million kroner til skjøtsel av verdifulle kulturlandskap i fylket. Midlane har bidratt til aktiv drift av 230 dekar verdifulle slåttemarker og nesten 20 000 dekar kystlynghei.


20.08.2014

Klima-og miljøministeren besøkte elvemuslingane

Tysdag 19. august var Klima - og miljøministeren og besøkte det nasjonale elvemuslinganlegget på Austevoll. I dag er det også 40 000 andre gjester på hotellet, og mange av dei er over 150 år gamle.


07.08.2014

Jegerprøven for jakt og fangst

Alle nye jegarar må avlegge jegerprøva for å drive med jakt og fangst. Kommunane er ansvarlige for gjennomføring av elektronisk eksamen og har rett på refusjon av utgifter knytt til dette. Frist for å sende inn refusjonskrav er 15. januar


15.07.2014

Kartlegging av regnskog i Hordaland

Denne sommaren kartlegg Miljødirektoratet kystfuruskog på Vestlandet. Målet med kartlegginga er å få betre oversikt over biologisk viktige førekomstar, og  auke kunnskapen om naturtypen slik at vi får eit betre grunnlag for forvalting.


15.07.2014

Folgefonnkonferansen 2014

27. og 28. august 2014 inviterer Fylkesmannen og Folgefonna nasjonalparkstyre til konferanse om naturmangfaldet i Hardanger. Retten til ein mangfaldig natur er ein del av grunnlova, og konferansen er vår feiring av grunnlovsjubileet.


19.06.2014

Miljøvedtaksregisteret

Klima- og miljødepartementet og Miljødirektoratet lanserer i dag Miljøvedtaksregisteret som er eit offentleg register der du kan finne vedtak etter naturmangfaldlova.


05.06.2014

Meir miljøvenleg landbruksdrift for trua elvemusling

Er du gardbrukar og driv innafor nedbørsfelt til elvemuslingvassdrag, kan du få tilskot for miljøomsyn. Å redusere landbruksavrenning er eitt av mange tiltak som no vert gjort for å betre vasskvaliteten i elvemuslingvassdrag i Hordaland. Frist for å signere Miljøavtale Elvemusling er 15.april 2015


02.04.2014

Framleis press på inngrepsfri natur

Villmarksprega naturområde forsvinn raskare enn før. Hovudårsaka til dette er bygging av vegar i jord- og skogbruket og inngrep knytt til energiproduksjon. Det fortel Miljødirektoratet som no har publisert tala for bortfall av inngrepsfri natur i perioden 2008-2013.


14.03.2014

Utsetting av utanlandske treslag til skogbruksføremål

Det er søknadsplikt for å plante utanlandske treslag til skogbruksføremål. Dette gjeld alle utsettingar av utanlandske treslag til juletre-, pyntegrønt- og skogproduksjon. Plikta følgjer av forskrift om utsetting av utanlandske treslag til skogbruksføremål.


07.03.2014

Korleis vert naturmangfaldlova brukt?

Det er gjennomført ei undersøking av kommunane sin bruk av naturmangfaldlova. Den viser at kommunane særleg nyttar lova i arealplansaker og søknadar om motorferdsel i utmark.


04.03.2014

Miljøvedtaksregisteret opnar 1. april

Frå og med 1. april 2014 blir det registreringsplikt for vedtak på utvalde miljøområdet. Plikta følgjer av at forskrift om Miljøvedtaksregisteret trer i kraft. Kva for vedtak som er registreringspliktige er definert i forskrifta. Formålet med registeret er å gjere informasjonen lett tilgjengelig for ålmenta.


14.02.2014

Ein million til kulturlandskapet

I 2013 delte fylkesmannen ut litt over ein million kroner i Hordaland til skjøtsel av kulturlandskap med særskilte naturverdiar. Målet er å ta vare på kulturlandskap med eit særleg stort mangfald av blomar, gras, insekt og smådyr, og som er arbeidskrevjande å drive.


13.02.2014

Har du sett eller høyrt hubro?

Fylkesmannen ønskjer tips om hubro i Hordaland. Arten er sterkt trua og betre kunnskap er viktig for å ta vare på den.


11.12.2013

Søk om tilskot innan 15. januar

Nå kan kommunar, organisasjonar og private søkje om økonomisk støtte for å betre miljøtilstanden i Hordaland.


07.11.2013

Konferansar om naturmangfaldlova

Fylkesmannen inviterte til konferansar om naturmangfaldlova i november 2013, i Bergen og Stord. Konferansane hadde fokus på erfaringar med bruk av naturmangfaldlova. Kommunane var sentral målgruppe, men invitasjonen gikk også til private konsulantar og miljøvernorganisasjonar.

Foredraga på konferansane ligg under Kurs og konferansar


05.11.2013

Uttale til planting av klimaskog

Fylkesmannen er positiv til ny planting av skog, under føresetnad av at planting skjer på rett stad og at kommunane vektar eigna areal for skogproduksjon mot andre samfunnsinteresser. I somme område bør også ivaretaking av naturskog vurderast som eit rimeleg og aktuelt klimatiltak.


04.09.2013

Nettkurs i naturmangfaldlova

Miljødirektoratet har laga digitalt kurs om kapittel 2 i naturmangfaldlova. Fylkesmannen oppmodar sakshansamarar og politikarar i kommunane om å ta kurset, som tek 1,5 time.


05.07.2013

Registrering av miljøvedtak til felles nytte

Kommunar og andre som fattar vedtak som gjeld verdifull natur skal frå 1. april 2014 registrere dei i Miljøvedtaksregisteret. Alle får dermed lett tilgang til vedtaka.


12.04.2013

Over ein million kronar til skjøtsel av verdifullt kulturlandskap i Hordaland

Miljøvernavdelinga har delt ut midlar til 31 mottakarar som driv skjøtsel i viktige kulturlandskap i Hordaland.


15.03.2013

Informasjonsmøte om sjøfugl

I 1987 vart 69 sjøfuglreservat oppretta i Hordaland. Mykje har skjedd med sjøfuglbestandane sidan den tid, og diverre har fleire av artane gått kritisk tilbake. I samband med arbeid med samla forvaltingsplan for desse naturreservata, vert det invitert til opne informasjonsmøte om sjøfuglane sin situasjon i Hordaland.


10.01.2013

Søk om tilskot innan 15. januar