Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Tilsyn

Tilsyn

Fylkesmannens tilsyn med forureining

Fylkesmannen fører tilsyn med at verksemder følgjer krava i forureiningslova med forskrifter.  Vi kontrollerer utslepp til luft, vatn og grunn og handtering av avfall og kjemikal. Vi kontrollerer ved å gå gjennom dokumentasjon og snakke med tilsette. I tillegg sjekker vi ute på anlegget at det vi har fått vite i dokument og intervju stemmer med det vi ser.

Tilsynsaksjonar

Mange av tilsyna inngår i aksjonar, enten landsdekkjande eller regionale. Aksjonane vert gjennomførte i samarbeid med Klima og forureiningsdirektoratet.

Tilsyn der risikoen er størst

Vi kontrollerar der det er mest truleg at det er brot på regelverket, og der dette har størst verknad på miljøet. Tema i dei fleste tilsyna er prioriterte miljøgifter, handtering av farleg avfall og kjemikal, forureining og internkontroll.

Oppfølging etter tilsyn

Vi følgjer opp alle tilsyna der vi har avdekka brot på regelverket. Vi gir ein tidsfrist for å rette opp avvika. Ved manglande tilbakemelding vert det varsla tvangsmulkt. I tillegg kan vi følgje opp med strengare reaksjonar ved alvorlege brot.

Informasjon

Vi informerer på nettsida om planlagde tilsynsaksjonar, aktuelt regelverk og resultat av tilsyn. Rapportar etter tilsyn ved verksemder med utsleppslyve vert lagt ut på nettstaden Norske utslipp.

Oversikt over tilsyn

Fylkesmannen fører kvart år tilsyn med forureining og avfall ved omlag 100 verksemder. Nedanfor finn du oversikt over våre tilsyn dei siste åra.

Tema  Verksemd 2009 2010 2011   2012 2013   2014 2015 2016 2017
Akvakultur Settefiskanlegg, matfiskanlegg             3 4 21 16 16 8 7 9 17
Avfall Avfallsanlegg                                            4 24 11 11 27 17 14 10 21
Deponi Avfallsdeponi 7 4 1 0 0 7 0 0 1
Avløp Avløps-anlegg 0 13 0 0 0 11 3 0 0
Landbasert

Div. industri som galvano, fiskeforedling, pukkverk, skipsverft, notvaskeri, asfaltverk, avfallsforbrennings-
anlegg, verkstader mv.

43 18 22 31 35 23 27 45 24
Eingongs-tiltak Bygg og anlegg, utfylling, massetipppar mv. 12 11 7 8 4 4 2 1
Diverse Div butikkar, småbåt-hamner mv.                                                             37 16 3 27 11 23 14 11
Sum   106 90 65 93 93 93 67 74 72 

Akutt forureining

Ring 110 ved akutt forureining

Ved akutt forureining ring 110 eller kontakt Kystverket