Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Forurensning

Statsforvalteren er forurensningsmyndighet for en lang rekke virksomheter og tiltak, og kan gi tillatelse til aktiviteter som kan medføre forurensning. Ansvarsområdene våre omfatter blant annet helse- og miljøfarlige kjemikalier, avfall og gjenvinning, luftforurensning og støy samt forurensning av vann og grunn.

Dette er noen av Statsforvalterens oppgaver etter forurensningsloven:

  • behandle utslippssøknader og føre tilsyn med landbaserte industribedrifter. Mange bedrifter trenger ikke egen tillatelse fra Statsforvalteren, men skal følge gjeldende forskrifter. Dette gjelder blant annet for pukk- og asfaltverk, fyringsanlegg og skipsverft.
  • behandle utslippssøknader og føre tilsyn med avfallsbehandlingsanlegg som avfallsdeponier, mottaks- og sorteringsanlegg, bilvrakplasser og behandling av avløpsslam.
  • behandle utslippssøknader og føre tilsyn med avløpsanlegg i store tettsteder.
  • behandle søknader om mudring, dumping og utfylling i sjø og vassdrag.
  • føre tilsyn med at virksomheter oppfyller leveringsplikten for farlig avfall og andre generelle plikter i forurensings- og avfallsforskriftene
  • følge opp områder med forurenset grunn og nedlagte kommunale deponier.
  • veilede og føre tilsyn med kommunene på områder der kommunen er forurensningsmyndighet.

Vis mer


07.11.2018

Ein av tre verksemder manglar oversikt over risiko

Tilsynsaksjonen i 2018 viste at ein av tre verksemder har ikkje kartlagt, vurdert eller laga handlingsplanar for å redusere risiko i verksemda.


23.10.2018

Søknad om utsleppsløyve for bygging av Løkjelsvatn Kraftverk i Etne

SKL AS søker om løyve til utslepp i samband med bygging av Løkjelsvatn kraftverk i Etne kommune. SKL AS har fått løyve frå NVE og bygginga vil vare om lag tre år og ta til i 2018. Frist for å gje uttale er 21. november 2018.


11.10.2018

Foredling av fisk og kjøt utan forureining?

Fylkesmannen skal i haust føre tilsyn med slakteri og verksemder som foredlar fisk og kjøt. Vi skal sjekke om bransjen tar ansvar for å hindre forureining.


06.09.2018

Søknad om endring av løyve til lagring av forureina massar i Straume Næringspark

Veidekke Entreprenør AS søkjer om endra løyve til mottak og mellomlagring av forureina massar i Straume Næringspark i Fjell kommune. Frist for uttale er måndag 10. oktober 2018.


31.08.2018

Søkjer endra løyve til utfylling av massar i Store Lungegårdsvann

Bybanen Utbygging søkjer om endra løyve etter forureiningslova.  Frist for å gje uttale er 17. september 2018.


31.08.2018

Bybanen søkjer om løyve etter forureiningslova for anleggsarbeid på Mindemyren

Bybanen Utbygging søkjer om løyve for utslepp av reinsa byggegropsvatn og støy og støv frå sorteringsverk og asfaltknuseverk.  Frist for å gje uttale er 8. oktober 2018.


24.08.2018

Søknad om utslepp frå fjørfeslakteri i Kvam

Økodrift Homlagarden AS søker om løyve til utslepp av reinsa prosessvatn frå produksjon av inntil 600 tonn økologisk fjørfe per år ved sitt nye fjørfeslakteri i Kvam herad. Frist for uttale er 28. september 2018.


17.08.2018

Lite farleg avfall på avvegar hos avfallsselskapa, men dokumentasjonen må bli betre

Fylkesmannen kontrollerte i vår anlegg som tek imot og mellomlagrar farleg avfall for å sjå om dei følgjer miljøregelverket. Kontrollane viste at farleg avfall ikkje er på avvegar og at det ikkje er stor fare for forureining, men mange mottak manglar dokumentasjon knytt til det farlege avfallet.


07.08.2018

No er det enklare å søke om løyve til avfallsanlegg

Vi har laga nytt søknadsskjema for avfallsanlegg, så no er det enklare å søke om nytt eller endra løyve. Alle søknadar om drift av slike anlegg må bruke skjemaet. Les heile saka for meir informasjon.


29.05.2018

Sjekker om pukkverk forureinar

Fylkesmannen kontrollerer i mai og juni om pukkverk følgjer miljøregelverket. Kontrollane er del av ein landsomfattande aksjon.


16.05.2018

Korleis kan verksemder hindre plastforsøpling?

Miljødirektoratet har laga eit faktaark om kva verksemder kan gjere for å redusere marin forsøpling og mikroplast. På Fylkesmannens tilsyn med forureining er plastforsøpling no fast tema.


30.04.2018

6.8 millionar kroner til å rydde marint avfall i Hordaland

Heile 5 millionar av dette er tildelt  Bergen og Omland Friluftsråd. Det er Miljødirektoratet som står for tildelinga etter tilråding frå Fylkesmannen. Midlane vil bidra til reinare kyst, og god tilrettelegging for innsats på strandryddedagen 5. mai.


20.04.2018

Søknad om endring av utsleppsløyve for E39 Svegatjørn - Rådal

Statens vegvesen søkjer om endring av nokre vilkår utsleppsløyvet for anleggsvatn og tunnelvaskevatn frå E39 Svegatjørn – Rådal. Frist for å gje uttale er 22 mai 2018.


02.03.2018

Søknad om utsleppsløyve frå anleggsarbeid ved bygging av Bybanen

Bybanen Utbygging søkjer om mellombels utslepp av vatn frå byggegrop i Fløen og frå tunneldriving under Haukeland sjukehus. Frist for uttale er 6. april 2018.


22.02.2018

100 verksemder får tilsyn

Fylkesmannen i Hordaland skal gjennomføre om lag 100 tilsyn med forureining i 2018. Viktige tema vil vere prioriterte miljøgifter, handtering av farleg avfall og kjemikal, utslepp, forureining og internkontroll. I år vil marin forsøpling og vedlikehald vere tema på alle tilsyn.


14.02.2018

Statkraft søker om løyve etter forureiningslova

Statkraft søker om mellombels løyve til utslepp etter forureiningslova i samband med bygging av Storlia Kraftverk i Eidfjord kommune. Frist for uttale er 15. mars.


13.11.2017

Søkjer om mudring, utfylling og dumping på Eldøyane

Kværner AS Lokasjon Stord søkjer om løyve etter forureiningslova til mudring, undervassprenging, dumping og utfylling. Arbeidet er planlagt gjennomført i 2018. Frist for uttale er 15. desember 2017.


03.11.2017

Søknad om utfylling i Hopsvatnet på Askøy

Det vert søkt om å fylle ut om lag 2500 kubikkmeter sprengstein i eit areal på 360 kvadratmeter mellom Haugane og Holmen. Frist for uttale er 3. desember 2017.


03.11.2017

Søknad om utfylling i Olavika

Statens vegvesen søkjer om løyve til å fylle ut i Olavika på Askøy. Frist for uttale er 3. desember 2017.


16.10.2017

Onesubsea Processing AS avd. Horsøy søkjer om endra utsleppsløyve

Onesubsea Processing AS avd. Horsøy søkjer om å auke utslepp av oljehaldig vatn og kjølevatn til sjø frå anlegg for testing av undervassuststyr.


12.09.2017

Framo Holsenøy AS søkjar om løyve for overflatebehandling

Verksemda søkjar om løyve etter forureiningslova for kjemisk overflatebehandling på Hjertås i Meland. Det skal ikkje vere utslepp til sjø frå prosessane. Utslepp til luft kan innehalde låge verdiar av flussyre og salpetersyre. Frist for uttale er 25. oktober 2017. 


12.09.2017

Utslepp av tunneldrivevatn til Kiplevatnet i Bergen og til sjø ved Knarrevik i Fjell

Statens vegvesen søkjer på vegner av BKK Nett AS om utslepp av drivevatn i samband med bygging av tunnelar for høgspent. Frist for å gje uttale er 20. oktober 2017.


05.07.2017

Vilkår for opprydding i forureina sjøbotn i Store Lungegårdsvatn

Bergen kommune har fått løyve etter forureiningslova til å legge eit lag med reine massar over forureina sjøbotn i Store Lungegårdsvatn. Tiltaket vil stanse spreiing av tungmetall og organiske miljøgifter frå sjøbotn. Det er sett ei rekkje vilkår for å redusere forureining under anleggsarbeidet.


23.06.2017

Er oppdrettarane gode på botnen?

Dette skal Fylkesmannen sjekke ut i august og september. Aksjonen er ei oppfølging av tilsynsaksjonen for akvakultur i 2011, og skal gjennomførast i alle kystfylka frå Rogaland til Finnmark. I år skal vi sjå på matfiskanlegga i sjø.


22.06.2017

Tilsyn har gitt betre miljøtilstand i betongbransjen

Hausten 2016 vart 16 betongverksemder kontrollert. Ved tilsynet visste få om vaskevatnet frå betongproduksjonen inneheldt miljøfarlege stoff. Dei fleste er no i gong med målingar og fleire har investert i betre reinseanlegg.


21.06.2017

Envir AS søkjer om endring av løyve på Laksevåg

Envir AS søkjer om endring av løyve etter forureiningslova på Laksevåg i Bergen kommune. Frist for uttale er 15. august 2017.  


20.06.2017

Søknad om etablering av avfallsanlegg ved Flesland

Metallco Bergen AS søkjer om løyve etter forureiningslova til å etablere avfallsanlegg i Fleslandveien 67 i Bergen kommune. Frist for uttale er 15. august 2017.


16.06.2017

Har sjekka forureining ved ti plast- og glasfiberprodusentar

Tilsyna vart gjennomført hausten 2016 og var del av ein nasjonal tilsynsaksjon i regi av Miljødirektoratet. Verksemdene vi besøkte produserte mellom anna isoporprodukt, produkt i termoplast og glasfiberbåtar. Dei fleste avvika er no retta.


22.05.2017

Utslepp av tunneldrivevatn til sjø ved Våge i Fjell kommune

FjellVAR AS søkjer om utslepp av drivevatn i samband med bygging av tunnelar og fjellhall til nytt avløpsreinseanlegg. Anlegget skal lokaliserast ved Våge, og anleggsstart er planlagt i august 2017.


22.05.2017

Innlegg frå forureiningsseminaret 30. mai

120 deltakarar frå kommunar i Hordaland og Sogn og Fjordane var med på seminaret 30. mai i Bergen med tema Korleis bli ein betre miljøkommune. Sjå program og innlegg frå seminaret.


16.05.2017

Redusert miljøtilstand i Masfjorden

Fylkesmannen trekker tilbake utsleppsløyva frå Erko Seafood AS for lokalitetane Bergsvik og Barlingebotten. Havforskningsinstituttet og Engesund Fiskeoppdrett AS får redusert løyve på lokalitetane Knappen/Solheim, Smørdalen og Ådnekvamme.


25.04.2017

Undersøkjer plastforureining på strender i Sørfjorden

Fylkesmannen har fått melding om funn av skyteleidningar av plast i fjæra fleire stadar i Ullensvang. No ber vi dei som har fått løyve til utfylling i området gje informasjon om dei er kjelde til forureininga og om gjennomførte og planlagte tiltak.


05.04.2017

Korleis bli ein betre miljøkommune?

Fylkesmannen i Hordaland og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane inviterer alle som arbeider med miljø og klima i kommunane til seminar i Bergen 30. mai 2017. Her får du høyre om forureiningsregelverket og organisering av arbeidet med miljø og klima. Gode inneleiarar vil snakke om miljøgifter, overvatn, marin forsøpling og nyttig bruk av avfall.


20.03.2017

Vil ta imot asfalt på Brandaneset

Os kommune søkjer om løyve etter forureiningslova til mottak og lagring av asfalt på Brandsneset. Frist for uttale er 1. mai 2017. 


10.03.2017

Søknad om utsleppsløyve frå TINE SA, avd. Bergen

TINE SA, avd. Bergen søkjer om utsleppsløyve etter forureiningslova. Verksemda skal flytte frå Minde til nytt produksjonslokale på Espehaugen, gnr. 107 og bnr. 497 i Bergen kommune. Frist for å gje uttale er 1. mai 2017.


07.03.2017

Norsk Gjenvinning Metall AS søker om endra løyve på Storaneset

Norsk Gjenvinning Metall AS avd. Arna søker om endring i løyvet til mottak og miljøsanering av kasserte kjøretøy, løyve til av mottak og behandling av stål og metaller, og løyve til mottak av EE-avfall på anlegget sitt på Storaneset 42, Indre Arna.


01.03.2017

Skal sjekke forureining ved 80 verksemder

Fylkesmannen i Hordaland skal gjennomføre om lag 80 tilsyn med forureining i 2017. Viktige tema vil vere prioriterte miljøgifter, handtering av farleg avfall og kjemikal, utslepp, forureining og internkontroll. I år, som i fjor, vil levering av avfall og farleg avfall vere tema på alle tilsyn. 


28.02.2017

Mindre forureining frå avløp gjev reinare fjord

Nye krav vil føre til at avløpsvatnet frå større tettstader i Hordaland vil bli betre reinsa. Det vil bli bygd mange nye reinseanlegg og utslepp som i dag går til sårbare resipientar vil bli overført til betre sjøområde. Nye og oppgraderte avløpsleidningar vil gje mindre lekkasjar.


20.02.2017

Søknad om mottak av auka mengd asfalt på Øystese

GBS Entreprenør AS søkjer om endring i løyvet etter forureiningslova til mottak av auka mengd asfalt og auka maksimal mengd på lager i Sjusetevegen 91B på anlegget sitt i Øystese. Frist for uttale er fredag 31. mars 2017.


17.02.2017

Søknad om løyve til handtering av avfall på Mongstad

Ragn Sells AS avd. Mongstad søkjer om mottak, sortering og lagring av avfall frå Statoil og andre næringskundar i området. Frist for uttale er 26. mars 2017.


08.02.2017

Søknad om utsleppsløyve for Oddaprodukt AS

Oddaprodukt AS søkjar om utsleppsløyve etter forureiningslova for vaskeridrifta i Odda. Frist for uttale er 10. mars 2017.


24.01.2017

Søknad om auka mengd avfall på Knarrevik

Norsk Gjenvinning AS avd. Knarrevik søkjer om endring i løyvet etter forureiningslova til auka mengd avfall på avfallsanlegget sitt på Knarrevik. Frist for uttale er onsdag 1. mars 2017.


20.01.2017

Utslepp av svevestøv krev tiltak

Fylkesmannens tilsynsrapport viser at Bergen kommune ikkje har utreda effektive tiltak for å redusere utslepp til luft frå mindre fyringsanlegg.


11.01.2017

Utslepp av finstoff frå jernmalm i sjø

Technip Norge AS søkjer om løyve etter forureiningslova til utslepp av 5,4 tonn finpartikulær jernmalm i Digernessundet, ca. 2,5 km aust for Stordalsbrua (E39). Tiltaket vil skje i løpet av ei veke i august eller september 2017. Frist for uttale er 13. februar 2017.


22.12.2016

Foreslår endringar i utsleppsløyvet til Hordafor AS

Fylkesmannen foreslår å gjere den midlertidige delen av løyvet til å ta imot ensilert fiskeavfall på Salthella i Austevoll permanent, men med dei same strenge vilkåra for utslepp til luft og vatn. Vi foreslår også nokre andre mindre endringar. Frist for uttale er 27. januar 2017.


23.11.2016

Tilsynsaksjon med produsentar av plast- og glasfibervarer

I november gjennomfører Fylkesmannen tilsyn ved produsentar av plast- og glasfibervarer. Tilsyna er del av ein landsomfattande aksjon, og verksemder over heile landet vert kontrollerte.


26.10.2016

Søknad om handtering av stål og metall i Knarrevik

Norsk Gjenvinning Metall AS (NGM) søkjer om løyve til å ta imot, handsame og mellomlagre stål og metall i Knarrevik i Fjell kommune. Frist for uttale er torsdag 1. desember 2016.


07.10.2016

Jordmassar frå problem til ressurs

I rettleiaren som Region Nordhordland har laga er det samla råd om korleis kommunane ved god sakshandsaming kan legge til rette for at jord vert brukt som ein ressurs for landbruk og samfunn. Prosjektet har fått skjønsmiddel frå Fylkesmannen.


23.09.2016

Høgt koparinnhald under fleire oppdrettsanlegg

Konsentrasjonen av kopar i sedimenta like under fleire oppdrettsanlegg har nådd eit urovekkande høgt nivå. I snitt er koparmengda ved dei undersøkte anlegga meir enn tre gongar høgare enn Miljødirektoratet reknar som akutt toksisk for dyr . Næringa nyttar om lag 1000 tonn kopar årleg til notimpregnering.


20.09.2016

Utslepp av finstoff frå jernmalm i sjø

Statoil ASA søkjer om løyve etter forureiningslova til utslepp av 165 tonn finpartikulær jernmalm til sjø på to alternative lokalitetar. Berre ein lokalitet vert nytta. Lokalitetane er sjøområde aust for Stord verft og i Klosterfjorden i Kvinnherad. Tiltaket vil skje i løpet av ein månad i mars - april 2017. Frist for uttale er 24. oktober 2016.


12.09.2016

Utfylling i Store Lungegårdsvann

Bybanen Utbygging søkjer om løyve etter forureiningslova til utfylling av inntil ein million kubikkmeter stein over 54 dekar sjøbotn i Store Lungegårdsvann. Arbeidet er planlagt frå januar 2017 til januar 2019. Frist for uttale er 24. oktober 2016.


12.09.2016

Vil dekke til forureina sjøbotn i Store Lungegårdsvann

Bergen kommune søkjer om løyve etter forureiningslova til å dekke til forureina sjøbotn i Store Lungegårdsvann. Frist for uttale er 24. oktober 2016.


08.09.2016

Søknad om lagring av forureina massar på Straume Næringspark

Veidekke Entreprenør AS søkjer om løyve til å lagre lett forureina grave- og rivemassar frå bygg og anlegg på Straume Næringspark i Fjell kommune. Frist for uttale er måndag 10. oktober 2016.


05.09.2016

Variert miljøtilstand på settefiskanlegga

Dei siste fem åra har Fylkesmannen gjennomført tilsyn ved alle dei 29 verksemdene og dei fleste av dei 45 settefiskanlegga i fylket. Fem anlegg hadde ingen avvik, men mange anlegg mangla mål for miljøtilstand i resipienten. Også risikovurderingane var mangelfulle på mange anlegg.


31.08.2016

Spreiing av husdyrgjødsel

Spreiing av husdyrgjødsel skal skje i vekstsesongen. Siste frist for overflategjødsling på eng er 1. september i dei fleste kommunane i Hordaland.


26.08.2016

Gjennomfører du tilsyn med avløpsanlegg? Bli med på tilsynskurs!

Fylkesmannen og Norsk Vann inviterer alle som fører tilsyn med avløpsanlegg til kurs 16.- 17. november 2016 på Statens Hus i Bergen. Her får du informasjon om regelverk, heile prosessen med planlegging og førebuing, økonomi, datahandtering, sjølve kartlegginga og vurdering ute i felt, og oppfølging av avvik i etterkant.


02.08.2016

Etterkunngjering av løyvet til Fana Stein og Gjenvinning AS

Fylkesmannen har etter søknad frå Fana Stein & Gjenvinning AS gitt løyve til å deponere forureina jord med auka innhald av laust organisk karbon (DOC) på deponiet i Stendafjellet. Løyvet er avgrensa til å gjelde jordmassar frå Nye Minde Barnehage i Bergen kommune. Frist for å klage er 24. august 2016. 


14.07.2016

Søknad om løyve til mottak og handsaming av avfall på Knarrevik

Norsk Gjenvinning AS, avd. Knarrevik søkjer om løyve til mottak og mellomlagring av nye avfallsfraksjonar, nye prosessar, samt endring i eksisterande løyve til drift av avfallsanlegget på Knarrevik. Frist for uttale er onsdag 24. august 2016.


08.07.2016

Endra utsleppspunkt frå Storanipa avløpsanlegg i Fjell

Fjellvar vil flytte utsleppspunktet frå Byfjorden aust for Hjelteryggen til Hjeltefjorden/Hauglandsosen nord for Våge. Frist for å gje uttale er 1. september 2016.


30.06.2016

Må redusere utslepp til Puddefjorden

Når Puddefjorden i 2017 har fått rein, ny sjøbotn, er det viktig at det ikkje vert tilført ny forureining. Utslepp frå verksemder i området er derfor kartlagt. Mange må gjere tiltak for å redusere forureining, og fleire kan vente tilsyn i tida framover.


06.05.2016

Tilskot til arbeid med marin forsøpling i Hordaland

Miljødirektoratet har delt ut 1.8 millionar kroner til prosjekt knytt til marin forsøpling i Hordaland. 


28.04.2016

Utfylling i Sælevatnet

Statens vegvesen har søkt om løyve etter forureinignslova til fylling av sprengstein i samband med ny sykkelveg langs Bjørgeveien. Det skal også fyllast ut for å lage eit friområde. Frist for å gi uttale er 1. juni 2016. 


28.04.2016

Endring av utsleppsløyve for avløpsvatn på Askøy

Søre Askøy tettstad fekk utsleppsløyve med unntak frå kravet om sekundærreinsing i 2011. Kommunen har no vetatt ny framdriftsplan, og ber om at utsleppsløyvet vert endra. Frist for uttale er onsdag 1. juni 2016.


26.04.2016

Rein ny sjøbotn i Puddefjorden

Fylkesmannen har gitt løyve til tre oppryddingstiltak i forureina sjøbotn i Puddefjorden. Mesteparten av tiltaka vil vere å dekke til forureina sjøbotn med reine overskotsmassar frå den nye tunnellen gjennom Ulriken. Arbeidet skal starte hausten 2016 og vil pågå ut 2017.


07.04.2016

Mange avvik i vaskeri- og reinseribransjen

Fylkesmannen kontrollerte hausten 2015 sju vaskeri og tre reinseri. Vi fann mange avvik ved handtering av farleg avfall og kjemikal, utsleppskontroll og internkontroll. Alle bedriftene er no godt i gang med å rette avvika.


12.01.2016

Skal sjekke forureining ved 90 verksemder

Fylkesmannen i Hordaland skal gjennomføre om lag 90 tilsyn med forureining i 2016. Viktige tema vil vere prioriterte miljøgifter, handtering av farleg avfall og kjemikal, utslepp, forureining og internkontroll. I år vil levering av avfall og farleg avfall vere tema på alle tilsyn.


09.12.2015

Forsvarsbygg vil redusere spreing av miljøgifter i Nordrevågen

Forsvarsbygg søkjer om løyve etter forureiningslova for å gjere tiltak for å redusera spreiing av miljøgifter som i dag ligg i sedimenta i Nordrevågen, Laksevåg. Frist for uttale er 18. desember 2015.


04.12.2015

Søknad om tildekking av sjøbotnen i Sandviken i Bergen

{PagePropertyPlugin}

11.11.2015

Søknad om løyve til utslepp frå Austevoll vassbehandlingsanlegg

{PagePropertyPlugin}

09.11.2015

Tilsyn på Haakonsvern orlogsstasjon

Tilsyn med forureining på Haakonsvern orlogsstasjon viste at det ikkje var god nok samordning av internkontollen mellom verksemdene på basen, og at oppfølging av aktivitetar med risiko for forureining ikkje var god nok. Verksemda er i gang med å rette opp avvika.


08.09.2015

Søknad om nytt løyve til etterdrift av Rådalen avfallsdeponi

Bergen kommune søkjer om nytt løyve etter forureiningslova til etterdrift av avfallsdeponiet i Rådalen. Frist for uttale er 10. oktober 2015.


31.08.2015

Kontroll av vaskeri og renseri

I september skal Fylkesmannen delta i nasjonal kontrollaksjon med vaskeri og renseri. Vi vil sjekke bruk og lagring av kjemikal, lagring og levering av farleg avfall og om verksemdene har kontroll med utsleppa sine.


24.08.2015

Korleis bli miljøkommune – seminar for kommunane om avfall og massar

Fylkesmannen inviterer alle som arbeider med forureining, avfall og miljø i kommunane i Hordaland til seminar 13. oktober 2015 i Bergen. Her får du informasjon om reglane i forureningslova om handtering av avfall og massar, og erfaringar frå praksis i kommunane. Du finn foredraga frå seminaret her.


31.07.2015

Utslepp av kommunalt avløpsvatn i Fjell

Fylkesmannen har endra løyve til utslepp av kommunalt avløpsvatn og utslepp av overvatn frå avløpsanlegg i tettbygd område i delar av Fjell kommune.


30.07.2015

Varslar pålegg om opprydding i Jekteviken

Gassverkstomta i Jekteviken i Bergen kommune er sterkt forureina av mellom anna tjørestoff. I juni varsla Fylkesmannen pålegg til grunneigarane om å kartlegge forureininga i grunnen, og lage tiltaksplan for opprydding.


30.07.2015

Løyve til å arrangere NM i drifting

Norsk Motor Klubb Bergen har fått løyve til å arrangere NM i drifting på Eikås Motorsenter i Bergen kommune 8. og 9. august 2015. Det er sett ei rekkje vilkår, mellom anna krav til maksimal grense for støy og dokumentasjon av støy ved stevne.


27.07.2015

Kloakkens bybane

I ein kronikk i Bergens Tidende samanlika miljøvernsjef Kjell Kvingedal utbygginga av nye avløpsreinseanlegg og leidningsnett i Bergen kommune med løftet bygging av bybanen har gitt kollektivtrafikken. Han peika og på klimaeffekten av at kloakkslam blir til drivstoff for bussane i det nye biogassanlegget i Rådalen.


26.06.2015

For dårleg utgreiing av belastning frå støy

Fylkesmannen meiner Bergen kommune må vurdere på ny om det er nødvendig med helsekonsekvensutgreiing av Krohnegården skytebane.


26.06.2015

Vil dekke forureina sjøbotn i Puddefjorden

Bergen kommune søkjer om løyve etter forureiningslova til å mudre og dekke til forureina sediment i indre Puddefjord. Arbeidet vil skje frå sommaren 2016 til sommaren 2017. Frist for uttale er 1. september 2015.


10.06.2015

Søknad om utslepp frå bygging av fjellanlegg i Os kommune

Os kommune søkjer om utslepp av drivevatn frå bygging av tunnelar og fjellhall til nytt avløpsreinseanlegg. Anleggsstart er hausten 2015.


10.06.2015

Skipsverfta har retta dei fleste avvika

Hausten 2014 gjennomførte Fylkesmannen tilsyn med forureining på ni skipsverft. Det ser ut til at tilsyna har hatt god effekt, og at skipsverfta i fylket har arbeidd godt. Alle som hadde tilsyn har gitt tilbakemelding, og dei fleste avvika er no retta opp.


07.05.2015

Søkjer om løyve til NM i drifting på Eikås

Norsk Motor Klubb, Bergen søkjer om løyve etter forureiningslova til å arrangere NM i drifting på Eikås Motorsenter 8-9. august 2015.


07.05.2015

Søkjer om utslepp frå bygging av kraftverkstunell i Modalen

Nottveit Energi AS søkjer om løyve etter forureiningslova for utslepp av vatn frå bygging av tunell. Tunellen er del av eit nytt kraftverk i Nottveitelva.


06.05.2015

Kontroll av biloppsamlingsplassar

I mai gjennomfører Fylkesmannen kontroll av alle biloppsamlingsplassar i fylket. Kontrollane er del av ein landsomfattende aksjon. Målet er at miljøsanering og lagring av bilvrak skal føre til mindre forureining.


23.04.2015

Tilsyn for å redusere forureining

Fylkesmannen skal gjennomføre om lag 90 tilsyn med forureining i 2015. Tema i dei fleste aksjonane vil vere handtering av farleg avfall og kjemikal, utslepp, forureining og internkontroll.


27.03.2015

Laksepakkeri på Storebø søkjer om auka utslepp

Austevoll Laksepakkeri AS og Pelagia AS søkjer om utviding av gjeldande utsleppsløyve for slakting og foredling av fisk på Storebø i Austevoll. Frist for uttale til søknaden er 8. mai 2015.


13.03.2015

Søkjer om utslepp av baneavisingsvæske på Haakonsvern

I samband med bygging av ny helikopterplass på Haakonsvern, søkjer Haakonsvern orlogsstasjon om å sleppa ut restar etter baneavising.


26.01.2015

Søkjer om utslepp frå Risnes vassverk til Risnesbekken

Bergen kommune skal oppgradere Risnes vassverk på Skyggestranda, og søkjer derfor om utsleppsløyve for prosessvatn til Risnesbekken.


17.12.2014

Kommunane er ikkje i mål på avløpssektoren

Kommunane har ein stor jobb å gjere på avløpssektoren. Dette er konklusjonen etter tilsyn av åtte kommunar med avløpsreinseanlegg i dei store tettstadene i fylket.


15.12.2014

Skipsverfta måler ikkje miljøgifter

Kontroll av skipsverft i haust viser at ingen verft hadde oversikt over kva dei slepp ut i sjøen. Dei fleste hadde også manglar ved handtering av farleg avfall og internkontroll. Verfta har frist til februar 2015 til å rette opp feil og manglar.


10.12.2014

Strenge vilkår skal gi mindre lukt

Hordafor AS har fått utvida løyve til mottak av ensilert fiskeavfall for produksjon av fôr for to år. Vi har tatt hensyn til endra arealbruk i området og til nærmiljøet ved å skjerpe vilkåra for utslepp til luft og vatn.


25.11.2014

Urovekkande auke i bruk av koparimpregnering

Siste året har vi fått rappportar om auka bruk av kopar på oppdrettsanlegga, og Fylkesmannen har no for første gong gitt ein oppdrettar pålegg om å måle koparforureining under anlegget.


10.10.2014

Kontroll av skipsverft

I oktober skal Fylkesmannen delta i ein landsomfattande kontrollaksjon for å sjekke om skipsverfta følgjer miljøregelverket.


17.06.2014

Vil sprenge og dumpe masse i sjø ved Færøyfluene på Askøy

Kystverket søkjer om løyve til utdjuping av farleden og dumping av utsprengd stein ved Færøyfluene i Askøy kommune. Tiltaket vil gi sikrare farled inn mot Bergen havn. Frist for uttale er 4. august 2014.


28.05.2014

Søknad om utfylling i sjø på Haakonsvern

Forsvarsbygg søkjer om utfylling av reine steinmassar ved eksisterande fylling i Skværvika på Haakonsvern orlogsstasjon. Sjøbotnen er forureina av TBT, og søkjar vil nytte siltgardin for å redusere spreiing.


27.05.2014

Har kommunen kontroll med utslepp av avløpsvatn?

Det skal Fylkesmannen få svar på etter ein tilsynsaksjon med dei store kommunale avløpsanlegga. Aksjonen vert gjennomført i desse dagar.


07.05.2014

Søkjer om utslepp av tunnelvatn og dumping av stein i Ringedalsvatnet

Statskraft Energi AS søkjer om mellombels utslepp av prosessvatn frå sprenging av tunnelar og bergrom ved Ringedalen kraftverk i Odda kommune. Søknaden omfattar også dumping av om lag 70 000 m3 steinmassar i Ringedalsvatnet.


09.04.2014

Kan dekke forureina sjøbotn med tunnelstein frå Ulriken

Fylkesmannen har gitt løyve til å dekke forureina sjøbotn i Store Lungegårdsvatn med stein frå ny jernbanetunnel gjennom Ulriken. Strenge miljøkrav skal redusere forureining i anleggsperioden. Tildekkinga vil hindre spreiing av miljøgifter og betre miljøtilstanden.


14.03.2014

Får grave på Gassverkstomta

I samband med bygging av ny terminal har Bossnett AS fått løyve til å grave i forureina grunn på Gassverkstomta i Bergen. Arbeidet skal gjennomførast i tråd med tiltaksplan, og alle forureina massar i byggeområdet skal fjernast og transporterast vekk sjøvegen.


10.03.2014

Søkjer unntak frå reinsekrav

Fjell kommune har søkt om å sleppe ut kommunalt avløpsvatn frå tettbygde område på Litle Sotra, Bildøyna, Kolltveit - Morlandstø. Kravet i forskrifta er sekundærreinsing, men kommunen søkjer om primærreinsing som er mindre omfattande.