Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Fiskereglar - Fiske i sjø

Laks og sjøaurefiske i sjø

Stang og handsnøre

Fiske med stang og handsnøre er tillete heile året i Hordaland unntatt i indre del av Hardangerfjorden. Fiskeforbodet gjeld innanfor ei linje ved Bleiknes ved Husnes til Ystadnes ved Ølve i Kvinnherad kommune i perioden 1. mars til og med 30. april.

I munnings- og fredingssoner er det kun tillete å fiske etter anadrome laksefisk i den tida vassdraget er ope for sjøaurefiske. Vi har mange små sjøaurebekkar og 100- meters forbodet gjeld òg for desse. Det er ikkje tillatt å fiske frå båt nærmare enn 100 m frå elvemunning

I tillegg til dei agntypane som er tillatt i ferskvatn, er det i sjøen òg tillatt med anna agn, som t.d. brisling og reke.

Ved fiske frå land er det tillatt å nytte ei stang eller eitt handsnøre pr. person. Det er tillatt med inntil 2 agn pr. stang eller handsnøre. Ved fiske frå båt er det tillatt å bruke 2 reiskap (stang eller handsnøre) pr. båt, men berre eitt agn pr. reiskap.

Oter

Fiske med oter er i Hordaland tillatt frå 1. oktober til 28. februar, med unntak av Sørfjorden i Hardanger innenfor en linje fra Trones til Kyrkjenes.
  

Kilenot og lakseverp

I Hordaland er det stengt for fiske med kilenot og lakseverp i ordinær fiskesesong (1. juni til 4. august).

Fiske etter rømt oppdrettsfisk med kilenot og lakseverp er tillatt i Hordaland frå 1. september til 28. februar.

Kilenot og lakseverp

Krokgarn

I Hordaland er det stengt for fiske med krokgarn i ordinær fiskesesong ( 1. juni til 4. august).
 
Fiske etter rømt oppdrettsfisk med krokgarn er tillatt i Hordaland frå 1. september til 28. februar.
Krokgarn

Registrering

Før fiske med kilenot, lakseverp eller krokgarn startar må fiskaren registrere seg hos Fylkesmannen. Frist for registering i Hordaland er ein månad før fisket tek til. Registreringa skal gjerast i Sjøfangstregisteret, sjofangst.no.

Fiske med fastståande reiskap er knytt til grunneigarretten. Kilenot, lakseverp eller krokgarn må ikkje setjast nærmare enn 100 m frå elvemunningane eller i fredingssonene.

Fiske med setjegarn etter rømt oppdrettsfisk

Fiske med setjegarn etter rømt oppdrettsfisk er tillatt i Hordaland frå 1. oktober til 28. februar. Maskevidda må vere minst 58 mm.

I Sørfjorden i Hardanger innanfor ei linje frå Trones til Kyrkjenes er det ikkje opna for fiske etter rømt oppdrettsfisk med setjegarn.

Setjegarn

 

Løyve til fiske med setjegarn i vinterhalvåret er gitt fordi det er mykje rømt oppdrettsfisk i fjordane, og om vinteren relativt lite villaks og sjøaure. Løyvet gjeld likevel ikkje i fredingssonene utanfor vassdraga eller nærare enn 100 m frå elvemunningane.

Alle som fiskar er pliktige til å melde inn fangst. Ta difor kontakt med Fylkesmannen si miljøvernavdeling på epost fmhopostmottak@fylkesmannen.no i god tid før fisket opnar for å få tilsendt fangstdagbok. Oppgi namn, adresse, fiskekommune og telefonnummer. Klikk på bildet til høgre på sida for å bestille fangstdagbok. Fangstdagbøkene vil bli sendt ut i september.

Utkasting

Garnet skal setjast ut på ein slik måte at ein ikkje får laks og sjøaure. Skulle de likevel få laksefisk på garnet, må denne kastast ut att, uavhengig av om fisken er daud eller levande. For dei som deltar i fiske etter rømt oppdrettsfisk og har fått fangstdagbok, gjeld ikkje påbodet om utkasting av laksefisk.

Nedsenking av garn

I perioden 1. mars - 30. september er det berre tillatt å nytte setjegarn til fiske etter marin fisk. Alle garn som har maskevidde over 32 mm skal senkast ned slik at heile fangstdelen står minst 3 meter under overflata.

For Hardangerfjorden innanfor Bleiknes ved Husnes og Ystadnes ved Ølve, og heile fjordsystemet rundt Osterøy innanfor Nordhordlandsbrua gjeld nedsenkingskravet alle maskevidder.

Påbodet om nedsenking gjeld ikkje yrkesfiskarar som fiskar etter anna fisk enn laksefisk.

Innanfor fredingssonene i Hordaland skal alle garn, uansett maskevidde, senkast ned til minst 5 meter. Ingen fastståande reiskap kan setjast nærare enn 100 meter frå elvemunningane. I nokre fredingssoner er det heilt forbod mot garn- og/eller notfiske.

Nedsenking

Merking av reiskap

Reiskap skal vere tydelig merka. Setjegarn skal merkast med navn og adresse. Fastståande reiskap skal merkast med fylkesregistreringsnummer.

Fredningssoner

I Hordaland er det innført fredingssoner utanfor ei rekkje vassdrag. Vedlegg 1 i forskrifta viser kva elvar dette gjeld. Fredingssonene er skilta.

Nokre fredingssoner har ekstra strenge reglar for fiske med not- og garn etter marine artar. Sjå § 2 i forskrift om fiske ved vassdragsutlaup, Hordaland.

Fredningssoner oversiktskart Fredningssoner detaljkart
Fredningssoner Fredningssoner

Kontaktpersonar