Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Vossolaksen – ei legende vender tilbake?

Den storvaksne Vossolaksen var nær ved å bli utrydda. Arbeidet med redningsaksjonen går etter planen. Prognosane syner at det for tredje år på rad vil kome mykje laks attende til gyteplassane i Vossovassdraget.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 21.03.2013

Banner Vosso Foto Monika Haugland Fylkesmannen i Hordaland

Ny rapport om redningsaksjonen
Dette er eit resultat av langsiktig forsking og tiltaksarbeid, summert opp i rapporten ”Redningsaksjonen for Vossolaksen”. God framdrift i prosjektet gir grunn til håp om at bestanden kan verte reetablert. Resultat frå forsking indikerer likevel at det er fleire menneskeskapte truslar som må verte stabilisert på eit bærekraftig nivå for at redningsaksjonen skal lukkast på lang sikt. Dei viktigaste kjende faktorane som verkar på bestanden er lakselus i fjord- og kystområdene, innblanding av rømt oppdrettslaks i gytebestanden og giftig aluminium i brakkvannsområda. Den omfattande innsatsen i redningsaksjonen er basert på eit aktivt samarbeid mellom forvaltning, forsking, næringsinteresser og lokale krefter.

Vossolaksen eit symbol
Stamma av storlaks i Vosso er unik i nasjonal og internasjonal samanheng.  Vossolaksen er òg eit viktig symbol for den storslåtte Vestlandsnaturen. Dersom ein lukkast med redningsaksjonen vil det gje gode utsikter for næringsutvikling og naturopplevingar.

Genbanken avgjerande
Omfattande undersøkingar ligg til grunn for den tiårige redningsaksjonen som er sett i verk. Bestanden hadde eit samanbrot på slutten av 1980-talet, og med høgt innslag av rømt oppdrettslaks var bestanden nær ved å bli utrydda. Heldigvis blei den opphavlige Vossolaksen teken vare på i nasjonal genbank driven av Direktoratet for naturforvaltning.

Utsett fisk kjem tilbake for å gyte
Redningsaksjonen er basert blant anna på storstilt tilbakeføring av rogn frå genbanken. Vossolauget har bidrege mykje til oppskalering av produksjon av smolt i fem år. Smolten blir behandla mot lakselus og frakta i store slepetankar i retning havet, for å sikre best mogleg overleving under utvandring. Det er venta at denne storsatsinga i femårsperioden 2009-2013 vil gje fem til seks år med relativt store gytebestandar frå og med sesongen 2011. Så langt har dette slått til og resultert i tilbakevandring av mykje Vossolaks dei to siste åra. Ein ventar at mykje gytelaks vil føre til auka naturleg produksjon av yngel og smolt.

Mange utfordringar
Når smoltslepene vert avslutta i 2013, er målet at den naturleg produserte smolten skal overleve utvandringa gjennom fjordsystemet og sikre gytebestanden dei følgjande åra. Det gjenstår å avklare i kor stor grad giftig aluminium i brakkvassområda verkar på laksebestanden. Forskingsresultata viser at det er fleire aktive, menneskeskapte truslar, og peiker på angrep frå lakselus på utvandrande smolt. Delen av rømt oppdrettslaks i vassdraget har vore svært høg i den perioden bestanden av Vossolaks har vore liten. Dette er truslar som må verte stabilisert på bærekraftige nivå for at redningsaksjonen skal lukkast på sikt.

Arbeide må halde fram
I perioden med storstilt utsetting av smolt, har andel rømt laks i gytebestanden blitt kraftig redusert. Oppdrettsnæringa og Mattilsynet har òg lukkast i å redusere påverknad av lakselus i to av dei siste fire åra.

For å ta vare på den positive utviklinga må ein fortsetje innsatsen med å holde menneskeskapte truslar i sjakk.

Aktuelt

DN-utredning 1-2013 Redningsaksjon for Vossolaksen

Relaterte dokument

DN-utredning 1-2013 Redningsaksjonen for Vossolaksen

 

Kontaktpersonar

Gry Walle, Fylkesmannen i Hordaland, tlf 55 57 23 32

Atle Kambestad, Miljødirektoratet, tlf 909 80 730

Bjørn Barlaup, forskningsleiar Uni Research Miljø, tlf: 992 05 951

Nils Inge Hitland, leiar Vossolauget, tlf 913 07 371