Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Vil stoppe ørekyte på Hardangervidda

I august vil Fylkesmannen i samarbeid med Veterinærinstituttet gjennomføra ein rotenonaksjon på Hardangervidda for å hindre spreiing av ørekyte inn i Hordaland. Områda som skal behandlast er ved Stigstuv og Hætjørn.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 05.07.2013

Banner, Foto: Foto Uni Miljø v/Bjørn Barlaup

Ørekyte er ein framand art i Hordaland
Ørekyte er ein liten karpefisk som høyrer naturleg heime på austlandet og i Finnmark, men ikkje her vest. Spreiing av den framande arten er ein trussel for rekruttering av dei raudlista artane av dykkender på Hardangervidda, og for aure. Større aure et ørekyte, og dette kan føre til høgare kvikksølvinnhold i auren.

Tiltak for å stoppe ørekyte
For å hindre at ørekyta skal komme seg inn i Hordaland er det sett opp fiskesperrer for å lage ein buffersone i vasskilje mellom aust og vest på Hardangervidda. To av desse sperrene vert i år reparert, i tillegg skal det settast opp to nye. Målet er å hindre ørekyta å spreie seg. Men om dei kjem forbi sperrene er siste utveg bruk av plantegifta rotenon.

Sidan førre aksjon i 1999 og 2000, har situasjonen med ørekyte i dette området vore kontinuerleg overvaka kvart år. I 2009 vart ørekyte registret over sperrene ved Stigstuv. Ved hjelp av rusefangst er bestanden halden nede, men det vil ikkje fjerne bestanden av ørekyte.

Fylkesmannen søkte difor Klima- og Forureiningsdirektoratet (no Miljødirektoratet), og har fått løyve til, bruk av rotenon. Rotenon er ein plantegift som drep alt akvatisk liv som pustar med gjeller.

Bruk av rotenon
Etter førre aksjon vart det gjennomført etterundersøkingar på blant anna botndyr i behandlingsområdet. Ingen langvarige negative effektar av tiltaket vart påvist. Eit år etter behandlinga vart det ikkje vist signifikante skilnadar mellom før og etter rotenonbehandling.