Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Redningsaksjonen for Vossolaksen - Ein oppdatering før årets sesong

Det går føre seg eit langsiktig forskings- og tiltaksarbeid for å redde den truga og berømte storlaksestamma i Vossovassdraget. Dei kommande åra vil gje svar på om tiltaka som er sett i gang, er nok til å reetablere Vossolaksen i vassdraget.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 05.06.2015

Redningsaksjonen for Vossolaksen
Ein av verdas mest storvokste laksestammer, Vossolaksen, var nærast utrydda seint på åttitalet. På trass av fredning i 1992, greidde ikkje bestanden å ta seg opp att. Det vart sett i gang ein rekkje tiltak og forsking, og i 2000 starta Vossoprosjektet opp. Føremålet var å identifisere trusselfaktorar og å finne moglege tiltak i både ferskvatn og i fjordane for å berge stamma. Prosjektet er eit bredt samarbeid mellom forsking, forvaltning, lokale interessenter og fleire næringsaktørar, i hovudsak oppdrettsnæringa organisert i Vossolauget, og vassdragsregulanten BKK.

Smoltslep – forsking og kultivering
Det er forventa at storparten av laksen som no er på veg mot Vossovassdraget, stammar frå smolt som er slept ut av fjordane. Rogn frå den opphavlege stamma av Vossolaks ligg i den nasjonale genbanken, og vert overført til Voss klekkeri årleg. Her fôrast dei fram til eittårig laksesmolt. Smolten slepast ut fjordane i ein spesialbygd perforert slepetank, og vert sleppt i ytre del av utvandringsruta; Ved Arna i Sørfjorden og Toska ved Manger. Slike smoltslep er gjennomført nesten årleg sidan 2000.

Målet er at laks som kjem attende frå slepa, skal bidra til å gje informasjon om trusselfaktorar. Dei har bla. vist at lakselus reduserer tilbakevandring med gjennomsnittleg 15-30 % for grupper med ubehandla smolt samanlikna med smolt som er gitt fôr som beskyttar mot luseangrep (Slice). Resultata syner òg store skilnadar mellom år, med både år utan effektar som følgje av lus (2009), og eit år med over 70 % reduksjon i antal gjenfangstar frå gruppa som ikkje vart gitt beskyttelse mot lus (2003).

Slepeforsøka viste at slep av smolt er ein egna metode for å bygge opp gytebestand. Det var med bakgrunn i dette Vossolauget tok initiativ til å oppskalere smoltslepa i femårsperioden 2009 -2013. Om lag 100.000 smolt vart slept ut årleg i denne perioden. Sidan Vossolaksen normalt er to eller tre år i sjøen, var det forventa at  oppskaleringa 2009 -2013 ville gje utslag med solide gytebestandar i åra 2011 -2016. Så langt har dette gått som planlagt, med markert auke i antal gytelaks i vassdraget i åra 2011 – 2014. Det er difor grunn til å tru at dette vil gjenta seg i 2015.

I tillegg til smoltslep, vert det planta ut store mengder rogn frå genbanken i vassdraget årleg.

Tiltak og dokumentasjon
For å redusere trusselen frå lakselus, går det føre seg eit samarbeid med oppdretterane om bla. å optimalisere tidspunktet for synkron våravlusing. Samstundes er det fokus på effektar og tiltak for redusere påverknadane frå vassdragsregulering i ferskvassfasen. Aluminium overvakast som mogleg trussel i brakkvatn og rømt oppdrettslaks fiskast ut av gytebestanden.


To ville og tre kultiverte laksesmolt fanga i storrusa på Herdla mai 2015. Fangstane av laksesmolt i ytre del av smoltens fjordvandring har bla. gitt grunnlag for å gje konkrete anbefalingar for å optimalisere tidspunktet for den synkrone våravlusinga. Slik kunnskap er eit viktig verkemiddel for å halde lusenivået lågast mogleg når smolt frå Vossovassdraget og dei andre elvane rundt Osterøy vandrar ut i fjorden i mai og byrjinga av juni. Foto: Uni Research Miljø v/Bjørn Barlaup

Innsiget av laks er godt dokumentert gjennom prosjektets registreringsfiske med kile- og sitjenøter. Sidan den slepte smolten er merka, veit vi at ca. 77 -88 % av laksen som vandra inn i Vossovassdraget i åra 2011 – 2014 stamma frå smoltslep. Det auka innsiget har ført til auka gyting og auka yngelproduksjon, som igjen gjev ein forventning om auka naturleg smoltutgang i femårsperioden 2014 -2018, med påfølgjande auka innsig av villaks. Overvaking av lakseinnsiget til vassdraget dei kommande åra, vil difor langt på veg kunne gje svar på om tiltaka som er satt i verk gjer at ein når målsettinga i redningsaksjonen – ein sjølvreproduserande og haustbar bestand av Vossolaks.

 

 

Figur 1.
Fangstar av villaks i forskingsnøtene på strekkja Stamnes – Bolstadfjorden i perioden 2000 – 2014. Oppgangen frå 2011 og utover, skuldast i hovudsak det auka antal smolt som er slept ut i femårsperioden 2009 – 2013. 

Figur 2.
Bruk av genbankmaterialet i form av slept smolt, har ført til at gytebestanden i løpet av 2000 –talet har endra seg frå ein bestand dominert av rømt oppdrettslaks til ein bestand dominert av villaks med opphav i ekte Vossolaks frå genbanken.

 

Aktuelt

Kontaktpersonar

Gry Walle
Fylkesmannen i Hordaland
Tlf. 55 57 23 32

Bjørn Barlaup
Forskingsleiar Uni Research Miljø
Tlf. 55 58 22 28.

Atle Kambestad
Miljødirektoratet
Tlf. 909 80 730