Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Ikkje funn av ørekyte på Hardangervidda i år

Overvakinga av ørekyte på Hardangervidda viser at rotenonbehandlinga i 2013 til no har fungert for å hindre vidare spreiing av ørekyte vestover.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 19.11.2014

For å hindre spreiing av ørekyte inn i Hordaland, vart plantegifta rotenon nytta  i område ved Stigstuv og Hætjørn i Eidfjord kommune i 2013. Det vart samstundes etablert nye fiskesperrer, og eldre sperrer vart reparert. 

Overvakinga i bufferområdet ved Stigstuv og Hætjørn starta opp att i år ved utlegging av ruser i seks vatn.  Områda har òg tidlegare vore overvaka gjennom rusefangst sidan første rotenonbehandling i 1999/2000.

Rusene er røkta jamnleg frå juni til september i 2014. Resultata viser at det ikkje er fanga ørekyt i år. Så langt ser det såleis ut til at rotenonbehandlinga i 2013 har fungert for å hindre vidare spreiing av ørekyte vestover.


Ny fiskesperre etablert i 2013 ved utløp av Hætjørn. Foto Gry Walle, Fylkesmannen i Hordaland

Ørekyte – liten tass med store konsekvensar

Ørekyte høyrer ikkje heime i Hordaland, og arten er uønskt i vårt fylke. Følgjene av introduksjon av ein framand art, som til dømes ørekyte, er stor for det opphavlege samfunnet i vassdraget. På Hardangervidda har aure lenge vore det einaste fiskeslaget, og auren er nært knytt opp til frilufstlivet på vidda. Ørekyte er både ein næringskonkurrent og mat til større aure. Når ørekyte er del av dietten til aure, kan det føre auka kvikksølvnivå i auren.

Hardangervidda er òg eit viktig område for mange alpine dykkender. Bestandane av desse artane er i dag svært tynne og i negativ utvikling. Næringskonkurranse med fisk er truleg ein av dei viktigaste årsakane til nedgangen.

Vidare tiltak mot spreiing av ørekyte

Fylkesmannen i Hordaland vil halde fram med overvaking og vurdering av tiltak mot  ørekyta.

På andre sida av fylkesgrensa arbeidar Fylkesmannen i Buskerud for å hindre vidare spreiinga av ørekyte vestover. Dei har i desse dager tiltak for å hindre spreiing på høyring, med høyringsfrist 5. desember.