Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Fiskeforbod for å hjelpe Vossolaksen

Fylkesmannen har oppretta fiskeforbod ved Bolstadstraumen i Vaksdal kommune 15. mai - 30. september. Forbodet gjeld alt fiske, - òg saltvassfiske.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 21.06.2013

Banner Vosso Foto Monika Haugland Fylkesmannen i Hordaland

Fiskeforbod mellom laksegilja og høgspentlina
Vedtaket om fiskeforbod gjeld innafor grensene som er merka av i kartet som ligg ved. Øvste grense går ved laksegilja oppstraums Straume bru. Nedre grense følgjer høgspentlina ved Gulløya og Høymolegrangen.

Mål om å fylle vassdraget med gytefisk
Målet med hjelpetiltaka er å fylle Vossovassdraget med gytefisk og sikre at gytebestandsmålet blir nådd over fleire år. Eit fiskeforbod i Bolstadstraumen vil minske den samla belastninga på laksebestanden.

Vi meiner fiskeforbodet er avgrensa og lokalisert på ein slik måte at tiltaket får god effekt. Det vert framleis høve til fiske i store område i fjorden.

Tiltaket er del av redningsaksjonen
Det går føre seg eit langsiktig arbeid for å byggje opp att den verdifulle laksebestanden i Vossovassdraget. Redningsaksjonen er inne i ein fase der ein byggjer opp gytebestanden ved hjelp av Vossorogn frå genbank. Det vert planta ut rogn, og sett ut setjefisk og smolt i stor skala. Ein har dei to-tre siste åra sett resultat av tiltaket ved at stadig fleir gytefisk vender attende til vassdraget.

Med aukande mengd laks har ein òg sett ei aukande interesse for fiske etter laks i området. Tilhøva ved lokaliteten rundt Bolstadstraumen gjer at laksen lettare let seg fange der enn elles i fjordsystemet.