Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Arbeider for å stoppe ørekyte på Hardangervidda

Dei to eksisterande fiskesperrene ved Stigstuv er no repartert og det er bygd to nye ved Hætjørn.  Neste steg for å fjerne ørekyte i buffersona på Hardangervidda er bruk av rotenon. Ein rotenonaksjon ved Hætjørn og Stigstuv vert gjennomført i august 2013.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 13.08.2013

Banner, Foto: Foto Uni Miljø v/Bjørn Barlaup

Ørekyt – ein uønskt art i Hordaland
Ørekyte høyrer naturleg heime i ein del vassdrag på austlandet og i Finnmark, men ikkje her vest. I Hordaland er arten framand og uønskt. Følgjene av introduksjon av ein framand art som til dømes ørekyte, er stor for det opphavlege samfunnet i vassdraget. På Hardangervidda har aure lenge vore det einaste fiskeslaget, og auren er nært knytt opp til friluftslivet på vidda. Ørekyte er både ein konkurrent og mat til større aure. Når ørekyte inngår i dietten til aure, kan det føre til auka kvikksølvnivå i auren.

Hardangervidda er òg eit viktig område for mange alpine dykkender. Bestandane av desse artane er i dag særs tynne og i negativ utvikling. Næringskonkurranse med fisk er truleg hovudårsak til dette.

Fiskesperre
Etter at to nye fiskesperrer kom opp i Hætjørnområdet, er det i dag seks fiskesperrer som sørgjer for ei buffersone på vasskilje mellom aust og vest på Hardangervidda. Ei sperre består av eit sprang på minst ein meter. 

Fiskesperre ved Stigstuv etter reparasjon august 2013. Fotograf: Stein Byrkjeland Fylkesmannen i Hordaland

Fiskesperre ved Stigstuv etter reparasjon august 2013. Fotograf Stein Byrkjeland, Fylkesmannen i Hordaland

Bruk av ruser – kombinert overvaking og utfiske
Sidan førre rotenonaksjon i 1999 og 2000 på Stigstuv, er det nytta ruser ovanfor sperrene ved Stigstuv for å overvake spreiing. I 2009 vart det for første gong oppdaga ørekyte i rusene, og bruken av ruser vart intensivert.  Sidan 2009 er det fanga ørekyte i rusene kvart år. Nytt av året er fangst av mange små ørekyter på rundt 3 cm. Så små individ har vi ikkje tidlegare registrert i rusene. Dette tyder på rekruttering ovanfor sperrene, inni buffersona på Stigstuv.

Ørekytefangst 23. juli 2013. Fotograf: Herman Stakseng

Ørekytefangst 23. juli 2013. Fotograf: Herman Stakseng

No kan ikkje bruken av ruser åleine fjerne ørekyte i buffersona ovanfor sperrene. Det vert difor gjennomført ein rotenonaksjon i områda ved Hætjørn og på Stigstuv i vekene 33 og 34.

Rotenon
Rotenon er ei plantegift som drep alt akvatisk liv som pustar med gjeller. Rotenon i dei dosane som vert nytta under behandlinga er ikkje giftig for pattedyr eller fugl. Men vi rår i frå å drikke eller bade i vatn i behandlingsområda den tida behandlinga  er i gang.