Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Akvakultur

Havbruksnæringen produserer trygg, sunn og god sjømat, og skaper viktige arbeidsplasser og verdier. Norge har oppdrett av laks, regnbueørret og andre arter langs hele kysten og på innlandet. Langsiktig vekst i næringen er avhengig av at belastningen på miljøet holdes innenfor akseptable rammer. 

Statsforvalterens oppdrag er å vurdere om oppdrettsanlegget kan komme i konflikt med regionale og nasjonale interesser. Konflikter knyttet til friluftsliv, naturvern, vilt og fiskeinteresser står sentralt i Statsforvalterens  vurdering. Et vilkår for å få tillatelse til å drive fiskeoppdrett, er at det også blir gitt utslippstillatelse etter forurensningsloven. Det er Statsforvalteren som gir slike utslippstillatelser. Det blir også stilt krav til avfallshåndtering og kjemikaliebruk.

Fylkeskommunen har tildelingsmyndigheten og koordineringsansvaret for søknader om akvakulturtillatelser. Fylkeskommunen tar den endelige beslutningen, og gir tillatelse til å drive fiskeoppdrett.

Vis mer


12.09.2018

Revidert kapittel i FylkesROS - fiskesjukdomar og oppdrett

FylkesROS er oppdatert med revidert ROS-analyse for hendingar knytte til fiskesjukdomar og oppdrett


05.09.2018

For mykje kopar frå oppdrettsanlegga

Fylkesmannen har fått koparmålingane for Radfjorden som syner at heile fjorden er påverka av utsleppa. Koparmengda i sedimenta bryt grensene for dårleg miljøtilstand. Fylkesmannen har varsla at tiltak er naudsynt.


16.05.2018

Korleis kan verksemder hindre plastforsøpling?

Miljødirektoratet har laga eit faktaark om kva verksemder kan gjere for å redusere marin forsøpling og mikroplast. På Fylkesmannens tilsyn med forureining er plastforsøpling no fast tema.


22.02.2018

100 verksemder får tilsyn

Fylkesmannen i Hordaland skal gjennomføre om lag 100 tilsyn med forureining i 2018. Viktige tema vil vere prioriterte miljøgifter, handtering av farleg avfall og kjemikal, utslepp, forureining og internkontroll. I år vil marin forsøpling og vedlikehald vere tema på alle tilsyn.


14.02.2018

Færre avvik ved matfiskanlegga

Fylkesmannen gjennomførte hausten 2017 ein større tilsynsaksjon ved 17 matfiskeanlegg. Det vart ikkje gitt avvik på rammevilkår, men mange avvik på miljømål, rutinar og risikovurderingar. Fleire anlegg som har hatt tilsyn tidlegare, viste store forbetringar.


07.12.2017

Har trekt to utsleppsløyve

Miljødirektoratet stadfester Fylkesmannen sitt vedtak etter forureiningslova om å trekke to utsleppsløyve til akvakultur i Masfjorden.


23.06.2017

Er oppdrettarane gode på botnen?

Dette skal Fylkesmannen sjekke ut i august og september. Aksjonen er ei oppfølging av tilsynsaksjonen for akvakultur i 2011, og skal gjennomførast i alle kystfylka frå Rogaland til Finnmark. I år skal vi sjå på matfiskanlegga i sjø.


16.05.2017

Redusert miljøtilstand i Masfjorden

Fylkesmannen trekker tilbake utsleppsløyva frå Erko Seafood AS for lokalitetane Bergsvik og Barlingebotten. Havforskningsinstituttet og Engesund Fiskeoppdrett AS får redusert løyve på lokalitetane Knappen/Solheim, Smørdalen og Ådnekvamme.


23.09.2016

Høgt koparinnhald under fleire oppdrettsanlegg

Konsentrasjonen av kopar i sedimenta like under fleire oppdrettsanlegg har nådd eit urovekkande høgt nivå. I snitt er koparmengda ved dei undersøkte anlegga meir enn tre gongar høgare enn Miljødirektoratet reknar som akutt toksisk for dyr . Næringa nyttar om lag 1000 tonn kopar årleg til notimpregnering.


05.09.2016

Variert miljøtilstand på settefiskanlegga

Dei siste fem åra har Fylkesmannen gjennomført tilsyn ved alle dei 29 verksemdene og dei fleste av dei 45 settefiskanlegga i fylket. Fem anlegg hadde ingen avvik, men mange anlegg mangla mål for miljøtilstand i resipienten. Også risikovurderingane var mangelfulle på mange anlegg.


13.06.2016

Plan er beste verktøy for å avklare areal til akvakultur

Kommunal- og moderniseringsdepartementet meiner at kommuneplanen er det beste verktøyet for å avklare overordna arealinteresser for akvakultur og omsynet til mellom anna fiske, ferdsel, natur og friluftsliv.


26.02.2016

Utvida fiske etter rømt oppdrettsfisk i Ålfjorden

Fylkesmannen har utvida fiske etter rømt oppdrettsfisk med garn i Ålfjorden i Sveio ut 31. mars 2016. For å delta i fisket må du registerer deg hjå Fylkesmannen først.


17.02.2016

Akvakultur og planlegging

Framtidig utvikling i oppdrettsnæringa må skje gjennom plan, ikkje gjennom dispensasjon.


13.03.2015

Utvida fiske etter rømt oppdrettsfisk i Nordhordland

Fylkesmannen har utvida fiske etter rømt oppdrettsfisk med garn i Sørfjorden, Osterfjorden, Radfjorden og Herdlefjorden ut 31. mars 2015. For å delta i dette fisket må du registrere deg hjå Fylkesmannen først.


03.02.2015

Rømt oppdrettsfisk påverkar naturmangfaldet

Rapportar om nær 150 000 rømte oppdrettsfisk den siste tida gjev auka press på hardt prøvde bestandar av laks og sjøaure. Den rømte fisken kan få store følgjer for villfisken i Hordaland.


21.01.2015

Fiske etter rømt oppdrettsfisk

Skal du fiske etter rømt oppdrettsfisk med garn? Då må du først registrere deg hjå oss. Fisket etter rømt oppdrettfisk varar fram til 28. februar.


10.12.2014

Meiner forslag til forskrift må endrast

Fylkesmannen stør forureinar betalar prinsippet i forslaget til forskrift for utfiske av rømt oppdrettsfisk. Innføring av obligatorisk miljøfond og bruk av differensierte avgifter er òg fornuftig. Men vi meiner forvaltninga må styre avgiftsfondet.


24.11.2014

Urovekkande auke i bruk av koparimpregnering

Siste året har vi fått rapportar om auka bruk av kopar på oppdrettsanlegga, og Fylkesmannen har no for første gong gitt ein oppdrettar pålegg om å måle koparforureining under anlegget.


24.10.2013

Rømt oppdrettsfisk i Hardangerfjorden og Hjeltefjorden

Det har i det siste kome meldingar om mykje rømt oppdrettsfisk i Hardangerfjorden og Hjeltefjorden.  Frå 1. oktober til 28. februar er det opna for fiske etter rømt fisk med garn. Meld frå til Fylkesmannen for å delta i dette fisket.


01.06.2013

Fangstdagbok for garnfiske etter rømt oppdrettsfisk

Alle som fiskar med garn etter laksefisk i sjøen må melde inn fangsten. Bestill fangstdagbok på skjema under i god tid før sesongen.


18.03.2013

Felle skal fange rømt oppdrettsfisk i Etne

18. mars kom ei fiskefelle frå USA med båt til Bergen. Fella skal setjast ut i Etnevassdraget i midten av april. Føremålet er å fjerne rømt oppdrettfisk frå vassdraget.


01.12.2011

Nokre oppdrettarar er gode på miljøarbeid

Men dessverre arbeider ikkje alle like systematisk for å førebyggje og redusere miljøeffektar frå anlegga. Dette viser kontroll av 21 oppdrettsanlegg i Hordaland.