Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Å skapa perlekjede

Perlene ligg tett langs turistvegane. Korleis kan vi knyte dei betre saman?

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 28.03.2014 av Administrator

Satsinga «Å skapa perlekjede» er initiert av reiselivsaktørar i Odda, og har sitt kjerneområde i nordre del av Folgefonnhalvøya. Det finst relativt få store reiselivsaktørar i området. Om dei små og store perlene blir ein del av eit perlekjede, gjennom samhandling, framsnakking og utvikling av pakkar, vil både kvar perle og det samla perlekjedet kunna bli sterkare og meir synleg. «Å skapa perlekjede» er ei konkret satsing innanfor produktutvikling gjennom nettverk.

Mobilisering i ei ny tid

Nordre del av Folgefonnhalvøya opplever reduksjon i buss- og ferjetrafikken som følgje av nye infrastrukturprosjekt, samstundes som nye moglegheiter opnar seg.  Korleis kan ein møta endringane på ein offensiv måte? Mobilisering, erfaringsutveksling og innovasjonsarbeid er sentrale oppgåver for Fylkesmannen si landbruksavdeling.  Me ynskjer med denne satsinga  å bidra til auka samhandling mellom samfunnsentreprenørane og reiselivsnæringa, for å fremja utvikling av ei robust næring.

Samspel mellom lokalsamfunn og næringsliv

Ei positiv næringsutvikling på reiselivsområdet føreset gode hjelparar og lokale drivkrefter.  Dette vert understreka mellom anna i Telemarkforsking sin rapport «Duett eller duell». Fylkesmannen i Hordaland, Hordaland Fylkeskommune og Innovasjon Noreg har gode erfaringar med reiselivsinnovasjon i nettverk, og områdesatsingar knytt til lokalsamfunn og landskapsparkar i fylket.  Erfaringane vil nyttast i det praktiske arbeidet framover. Folgefonnhalvøya har landskapsparkar, LivOGLyst-satsingar og andre positive drivkrefter som har gjeve si tilslutning til satsinga, og vil leggja til rette og heia fram lokalt reiselivsarbeid.

I april møtest reiselivsaktørar og samfunnsentreprenørar til tankesmie.

Kontaktpersoner