Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Spreieareal for husdyrgjødsel

Ein har bere lov til å spreie husdyrgjødsel på godkjent spreieareal, og ein må ha nok spreieareal i høve til dyretalet. Fulldyrka jord og overflatedyrka jord er automatisk godkjent som spreieareal. Dersom ein vil spreie husdyrgjødsel på innmarksbeite, må kommunen godkjenne arealet på førehand.

Føretak med høg produksjon i høve til arealgrunnlaget vil ofte ha for lite spreieareal dersom ein ikkje gjer tiltak. Dette gjeld til dømes mjølkeproduksjon med mykje innkjøpt fôr, grisehald og fjørfehald.

Dersom leigejorda ligg så langt unna at ein normalt ikkje har høve til å spreie husdyrgjødsel på staden, så er dette arealet ikkje del av spreiearealet. Berre areal som i praksis blir brukt til spreiing av husdyrgjødsel og som er i produksjon kan bli godkjent som spreieareal.

Spreieareal på innmarksbeite – send søknad til kommunen

For å kunne spreie husdyrgjødsel på innmarksbeite, må ein søkje kommunen. Areal der ein ikkje kan spreie husdyrgjødsel blir heller ikkje rekna som spreieareal. Dette gjeld til dømes inntil ope vatn, under kraftliner, der det er mykje stein og der ein ikkje kjem til med spreieutstyr. Av det resterande beitearealet blir to tredelar rekna som spreieareal. Dette betyr at 10 dekar godkjent innmarksbeite kan gi eit spreieareal på 6,7 daa. Årsaka til at 1 daa innmarksbeite gir mindre spreieareal enn 1 daa fulldyrka / overflatedyrka jord er at det er lågare produksjon og mindre næringsbehov på beite.

Spreieareal tilpassa dyretalet

Dyrehaldaren skal ha 4 dekar tilgjengeleg spreieareal per gjødseldyreining (GDE). Sjå tabellen under. Ein gjødseldyreining er så mange dyr som skal til for å «produsere» så mykje husdyrgjødsel at den inneheld 14 kilo fosfor. Oversikt for fleire dyreslag finst i vedlegg til forskrifta.

Tabell: Spreieareal og gjødseldyreiningar (GDE) for ulike dyreslag

Til dømes vil 10 mjølkekyr svare til 10 GDE og dermed krav om 40 daa spreieareal.  Tilsvarande kan det vere 30 ungdyr før det svarar til 10 GDE og det same kravet til areal. Når dyra beiter mykje i utmark kan ein korrigere for dette, slik at kravet til spreieareal blir noko mindre. Kor stort spreieareal ein har bruk for kan reknast ut med eige rekneark, sjå høgre marg.

Dersom ein ikkje har nok spreieareal , kan ein leige ledig spreieareal eller levere gjødsel til andre som har overskot av spreieareal. Mottakaren må òg inkludere gjødsla i gjødslingsplanen. Ein kan òg inngå avtale om organisert levering til eit mottak. All levering av gjødsel må  dokumenterast.

I lovverket: Forskrift om organisk gjødsel, § 24 og vedlegg 2.

Forbode med husdyrgjødsel i utmark

Det er ikkje lov å spreie husdyrgjødsel i utmark, sjølv om arealet har vore innmark tidlegare. Dersom ein har behov for å kultivere opp utmark til grasbeite ved hjelp av husdyrgjødsling, kan ein søkje kommunen om dispensasjon frå dette. Ein må då lage skriftleg oversikt både over behov for beite, korleis ein skal kultivere beitet og når det skal vere ferdig innmarksbeite. Det er særs viktig å vente med eventuelle tiltak til ein har fått skriftleg svar frå kommunen, då det er strengt forbode å spreie husdyrgjødsel i utmark.

I lovverket: Forskrift om organisk gjødsel, § 24 og 31.

Unngå gjødsling på artsrike areal

Artsrike areal er gjerne artsrike nettopp fordi dei aldri har blitt særleg gjødsla. Oftast vil det vere mogleg å få tilskot for å la vere å gjødsle slike areal, og for å ha ei drift som tek vare på verdiane vidare, til dømes gjennom Regionalt miljøprogram.

Dersom ein likevel ønskjer å gjødsle ei artsrik slåttemark, er det krav om å gi melding til kommunen. Sidan dette er ei utvald naturtype må ein få svar frå kommunen før ein eventuelt kan gjødsle. Gjødsling vil øydelegge den artsrike slåttemarka.

Artsrike beite er ikkje utvald naturtype, men kan likevel ha arter av planter og sopp som er utrydningstruga. Areala er oftast registrert i naturbase, og toler ikkje gjødsling. Som grunneigar og gardbrukar bør ein kjenne til kva som er registrert for eigne areal og leigeareal. Ein har plikt til å vise aktsemd.

I lovverket: Naturmangfoldloven § 6, 55 og kap ix. Forskrift om utvalgte naturtyper § 3,4.

Konsekvensar dersom ein bryt regelverket

Dersom drifta ikkje er i samsvar med regelverket, kan dette gi fare for ureining. Heile eller delar av produksjonstilskotet kan bli avkorta ved brot på regelverk som gjeld gjødsling og ureining frå landbruksdrifta. I ekstra alvorlege saker vil kommunen vurdere melding til politiet, som kan gi straff i tillegg til eventuelt tvangsgebyr og avkorting i tilskot.

I lovverket: Forurensingsloven § 7, 49, 50, 51, 73, 74, 75, 78. Forskrift om produksjonstilskot mv. i jordbruket § 11, 13. Forskrift om organisk gjødsel, §32.