Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Kandidat til Den nasjonale kulturlandskapsprisen 2014

Hordaland sin kandidat til den nasjonale kulturlandskapsprisen 2014 er husmannsplassen Kvemmadokkje på garden Børsheim i Ulvik herad.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 31.03.2014 av Administrator

Kvemmadokkje vann Hordaland sin kulturlandskapspris i 2013, der tema var «Ny bruk av ledige landbruksbygg» og er etter dette kandidat til den nasjonale kulturlandskapsprisen i år. Kvemmadokkje er eit unikt kulturminne, ein kulturarena og ein formidlingsarena om husmannsvesenet som elles primært finst på museum.

Børsheim har 270 dekar innmark; 90 dekar dyrka, 80 dekar beite, 100 dekar lauvskog som vert beita og om lag 500 dekar produktiv skog og 1000 dekar fjellareal. Eigarane Johan og Toril L. Børsheim har skapt eit heilskapleg driftsgrunnlag på garden gjennom tradisjonell drift som grunnlag for bevaring av eit kulturlandskap og restaurering av kulturmiljøet Kvemmadokkje frå 1820, som igjen vert nytta som kultur- og opplevingsarena. Garden vert drive med kjøtproduksjon på storfe og sau og skjøtsel og forvaltning av kulturlandskapet er med det ein del av den tradisjonelle drifta på garden. Heile ressursgrunnlaget på garden vert nytta som grunnlag for næringsverksemda, frå skogsdrift og tradisjonell husdyrdrift med beitemarker og stølsdrift, til tun med våningshus, eldhus og låve som arena for kulturbasert næring.

Restaurering og skjøtsel av landskap og kulturminne

Eigarane har sidan dei tok over Børsheim gard i 1978 hatt som mål å ta vare på husmannsplassen Kvemmadokkje. I 1998 starta restaureringa av våningshuset med den samanbygde låven og eldhuset etter antikvariske prinsipp. Det er nytta kvalifiserte, lokale handverkerar og rettleiing frå både kulturminne- og landbruksfagleg hald. I 2007–09 vart stovehuset utbetra for å kunne nyttast til utleige og arrangement, samstundes som det autentiske utrykket vart ivareteke. Dei gamle hagemarkstypane av opphavleg edellauvskog og barskog vart og tilbakeførte, med styvingstre av bjørk, ask og alm til for og hasselstuvar som tidlegare vart nytta som tønneband. Området inneheld også kulturminne som steingarder, restar etter eldre tunskipnad og gravhaug. Området vert nytta av Landbruksrådgjevinga i Hordaland som døme på restaurering av hagemarkstypar for husdyrbeite.

Kulturarena

Gjennom målretta arbeid har eigarane skapt ein eineståande arena for kulturformidling, mellom anna gjennom årlege husmannstreff, og ein nyskapande arena for konsertar og teater. Dei har klart å kombinere det lokale med det internasjonale, og har på denne måten skapt merksemd om kulturlandskapsverdiane for tusenvis av menneskje frå bygd og by som har valt kulturlandskapet på Børsheim gard som besøksmål.

Heile kulturmiljøet med bygg og kulturlandskap vert nytta som ramme for nokre av landets framste musikarar og kunstnarar, som Leif Ove Andsnes, Juni Dahr og Frikar, ofte i kombinasjon med lokale folkemusikkutøvarar.

Samarbeid og synleggjering

Kvemmadokkje Husmannsplass tek del i pakking av opplevingsprodukt spesielt ved lokale Brakanes Hotel, som satsar ein del på opplevingar innan lokal mat og historie.  Som konsertarrangør o.l. har dei eige heimeside og deltek i regionalavisa Bergens Tidende si tilbodsordning til abonnentar. Dei kommuniserer med dette ganske breitt ut til ålmenta og reisleivsnæringa og gjer med dette garden meir tilgjengeleg for breiare besøksgrupper som elles ikkje ville fått så tette opplevingar av historie, kulturlandskap og kulturmiljø. Gjennom deltaking i lokalt matnettverk byr dei på lokalmat for reiselivsgrupper og andre gjester som søker det beste Hordaland har og by på av opplevingar knytt til lokalmat og kulturlandskap. Dei har og rydda og held ved like turstiar rundt stølane for å gjere kulturlandskapet meir tilgjengeleg for ålmenta. Det lokale idrettslaget arrangerer årleg motbakkeløpet Kvasshovden Opp, som går over innmark og utmark på Børsheim gard.  

Vegen vidare

Torkjell Børsheim er neste generasjon og har allereie tatt valet om å føre drifta vidare, både med husdyrproduksjon og med kulturbasert næringsdrift. Han er utdanna veterinær, men også ein av Noregs framste folkedansarar, mellom anna knytt til dansegruppa Frikar. Han deltek allereie aktivt i skjøtsel av garden og kulturformidlinga gjennom historieforteljing og kulturarrangement.

På kort sikt er planen å gjere kulturlandskapet meir tilgjengeleg gjennom merking, skilt og infotavler, slik at ålmenta kan finne informasjon og vandre på eiga hand. I tillegg er det sett i gang eit pedagogisk opplegg for skuleelevar, for undervisning om natur, kultur og drift på garden i fortid og nåtid.