Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Korleis utvikle lokalmat i Bergen og Hordaland?

Matstrategien «Vegval for lokalmat Hordaland» vart presentert på MØTEPLASS MAT 10. mars. Vi vil gjerne høyre tilbakemeldingar frå næring og publikum.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 13.03.2014 av Administrator

Norsk Sjømatsenter, Bergen kommune og den regionale partnarskapen (fylkeskommune, Innovasjon Noreg og Fylkesmannen) arrangerte nyleg den første MØTEPLASS MAT, som skal vere ein fast samarbeids- og utviklingsarena for mat i Hordaland.

Eit stuvande fullt auditorium i Mathallen vitna om stor interesse, ikkje minst frå den urbane restaurantbransjen, for det blå-grøne samarbeidet for å få meir lokalmat på menyen. Ein kunne ikkje bedt om ei betre ramme for lansering av matstrategien «Vegval for lokalmat Hordaland» utforma av konsulentselskapet Dreis AS for partnarskapen og presentert av fylkesvaraordførar Mona Hellesnes Haugland. Samstundes lanserte fylkesvaraordføraren også ein konkurranse for kokkar og matentusiastar elles. I samband med markeringa av Grunnlovsjubileet 1814 – 2014 ynskjer Hordaland Fylkeskommune å få inn forslag for eit festmeny. Vinnaren av konkurransen får ære, heiderleg omtale og serveringa på jubileet si markering 14.mai.

Dokumentet er fram til no gjennomarbeida i partnarskapen med ein del utvalde næringsmiljø. Partnarskapen meiner strategien tek opp eit viktig og engasjerande tema og kjem til rett tid. For det skjer skjer mykje i matregionen Bergen akkurat no. Bergen kommune sin søknad om opptak i UNESCO sitt Creative City-program under kategorien Gastronomy vert sendt i desse dagar, og kan vonaleg vente svar til neste år. Mange tema og tiltak i matstrategien heng saman med denne søknaden. Bergen Matfestival veks seg stadig større og femner stadig meir. I september vert den arrangert saman med BØ! Bergen Ølfestival og nytt av året Barnas Matfestival. Nye arenaer for sal og historie rundt lokal mat og produkt dukkar opp heile tida.

Innspel til «Veivalg for lokalmat Hordaland» kan sendast innan 1.april til Dirk Kohlmann hjå Fylkesmannen si landbruksavdeling. Heile dokumentet er tilgjengeleg på www.veivalglokalmat.wordpress.com

Kontaktpersoner

Aktuelt

Hugs frist for innspel 1. april!

MØTEPLASS MAT er ein samarbeids- og utviklingsarena for landbruk, sjømat, reiseliv og forsking i Hordaland. Norsk Sjømatsenter står som arrangør av tre møter årleg i Mathallen, i samarbeid med og finansiert av Hordaland fylkeskommune, Bergen kommune og Fylkesmannen i Hordaland. Ulike tema skal bidra til auka samhandling i heile verdikjeda, på tvers av blå og grøn sektor.