Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Mat frå Fjord-Noreg i Berlin

Også i 2014 er mat frå Hordaland med på stormessa for mat og landbruk, Internationale Grüne Woche i Berlin. Fokuset er mat- og kulturopplevingar for tyske turistar.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 22.10.2013 av Administrator

IGW 2013 - rett før åpningSom tidligare år satsar Landbruks- og matdepartemenet og Innovasjon Noreg stort på den norske presentasjonen på IGW. Messa er den største forbrukararenaen og det viktigaste møtepunktet for landbruk og mat- og bygdebasert reiseliv.

Noreg har i fleire år markert seg med ein stor og tydeleg designa stand der regionane har vore presentere i alt sitt mangfald. Aktørane på Vestlandet har lenge samarbeidd for ei heilskapleg framvising av matkultur og besøksmål i Fjord-Noreg. Måltidets Hus i Stavanger er prosjektleiar. Fylkesmennene og Innovasjon Noreg sine kontor på Vestlandet har etablert eit nettverk for å gje satsinga eit godt innhald kvart år. Toppkokkar frå regionen vår lagar smaksfulle matkreasjonar som underbyggjar fortelinga om Vestlandet som reisemål.

Kven som vert invitert med til IGW i 2014 er no avklart. I løpet av haust/vinter og før messa startar 17.januar 2014 ynskjer vi å presentere deltakarane frå Hordaland: Eikhaugen Gard, Håheim Gard, Skakke Foredling, Ostegården og Evanger pølsefabrikk.

Aktuelt

Den norske deltakinga er eit viktig bidrag til å teste og utvikle marknaden for norske mat- og reiselivsprodukt. Den norske standen tener og som ein næringspolitisk møteplass på høgt nivå. Internationale Grüne Woche er ei av verdas største forbrukarmesser for mat og landbruk med nær 400.000 besøkande, ca 1600 utstillarar frå 60 land og rundt 4000 akkrediterte journalistar.