Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Ein million til kulturlandskapet

I 2013 delte fylkesmannen ut litt over ein million kroner i Hordaland til skjøtsel av kulturlandskap med særskilte naturverdiar. Målet er å ta vare på kulturlandskap med eit særleg stort mangfald av blomar, gras, insekt og smådyr, og som er arbeidskrevjande å drive.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 14.02.2014 av Administrator

Viktige område

Skjøtselmidlane er viktige for å ta vare på naturverdiane i verdifulle kulturlandskap i Hordaland. Dei mest verdifulle områda er areal med tradisjonell drift. Her finnst eit mykje større mangfald av blomar og gras enn i moderne oppgjødsla landbruksareal. Dette tiltrekker seg igjen eit stort mangfald av insekt og smådyr. Det er no få som driv på tradisjonelt vis, og artane som er knytt til desse areala har få levestader. Vi prøver derfor å ta vare på dei mest verdifulle områda vi har att.

Prestekrageeng på Melandshovden i Voss kommune
Frå ei prestekrageeng på Melandshovden i Voss kommune. Foto Øyvind Vatshelle

Havrå på Osterøy, Lygra i Lindås (lyngheisenteret) og mange større og mindre slåttemarker og kystlyngheier i heile fylket får no slike midlar. Det er berre dei mest verdifulle områda med registrerte naturverdiar som får skjøtselsmidlar.

Totalt har vi no avtale om skjøtsel av ca 230 daa slåttemark og meir enn 17 000 daa kystlynghei. Vi jobbar for å få skjøtseslavtaler i fleire verdifulle område.

Dei utvalde naturtypane i kulturlandskapet er:

  • Slåttemark, som krev årviss slått og beiting, samt liten eller ingen tilførsel av gjødsel.
  • Kystlynghei, som krev heilårsbeite og jamnleg brenning.
  • Haustingsskog, som krev hausting/styving av trea. 

Dei mest aktuelle skjøtselsmetadane er beite, brenninge og slått. Her frå Fitjarøyane og frå HavråDei mest aktuelle skjøtselstiltaka er beiting, brenning og slått. Her fra Fitjarøyane (bilete 1 og 2) og frå Havrå på Osterøy (bilete 3). Foto Solveig Kalvø Roald og Øyvind Vatshelle

Eksempel på område som har avtale om skjøtsel og som årleg får skjøtselsmidlar: 


Frå Lyngheisenteret på Lygra
På Lyngheisenteret i Lindås kommune får dei skjøtselsmidlar for å halde fram med brenning og beiting i lyngheiene. Foto Magnus Johan Steinsvåg

Eggøy i Fitjar kommune
På Eggøy i Fitjar kommune får dei skjøtselsmidlar for å halde fram med beiting og brenning i kystlyngheia. Foto Solveig Kalvø Roald

Sitkagran på Eggøy
I Fitjar får dei og midlar til å ta ut sitkagran frå verdifulle kystlyngheiområde, mellom anna her på Eggøy. Foto Solveig Kalvø Roald

 Ulvund på Voss
Artsrik slåttemark krev sein slått og høytørking, noko dei får tilskot til på Ulvund i Voss kommune. Foto Solveig Kalvø Roald

Havrå  på Osterøy
På Havrå på Osterøy får dei skjøtselsmidlar for å ta vare på dei artsrike slåttemarkene rundt tunet. Foto Solveig Kalvø Roald

Kjeåsen i Eidfjord
På Kjeåsen i Eidfjord kommune er det no nye folk som har tatt over slåtten av dei artsrike slåttemarkene. Som kompensasjon for det tunge arbeidet får dei skjøtselsmidlar. Foto Eric Kuijf

Meir informasjon