Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Barnehage

Barnehagen skal være en pedagogisk virksomhet som gir barn muligheter for lek, livsutfoldelse og meningsfylte opplevelser og aktiviteter. Alle kommuner har en lovfestet plikt til å tilby nok barnehageplasser. Ut over foreldrebetalingen er det kommunene som er ansvarlige for å finansiere barnehagene.

Statsforvalteren veileder kommuner og ikke-kommunale barnehageeiere etter barnehageloven og fører tilsyn med at kommunene utfører de oppgavene de skal etter barnehageloven og tilhørende forskrifter.

Statsforvalteren behandler klager på enkeltvedtak etter bestemmelsene i barnehageloven og tilhørende forskrifter. Hvis du ønsker å klage på et enkeltvedtak, sender du klagen til den instansen som har truffet vedtaket. Dersom denne instansen ikke gir deg medhold i klagen din, blir klagen automatisk sendt til Statsforvalteren for endelig behandling.

Vis mer


14.12.2017

Om 3-åringane i barnehagen

Fylkesmannen i Hordaland får mange spørsmål som gjeld 3-åringar i barnehagar. Bakgrunnen for dette er dei endringane som kjem fram i forskrift om pedagogisk bemanning og dispensasjon.


07.12.2017

Kyrkjebesøk for barn i barnehagar

Barnehagen skal byggje på grunnleggjande verdiar i kristen og humanistisk arv og tradisjon. Kyrkjebesøk kan vere ein aktuell aktivitet i den samanheng. Samstundes blir det framheva i barnehagelova at barnehagen skal bli driven i samsvar med dei ynskjer foreldra har for omsorg og oppseding av barna.


29.11.2017

Presentasjonar frå samling for kommunane

Her finn du presentasjonane frå samlinga for fagansvarlege og rådgjevarar i barnehagesektoren i kommunane 22. - 23. november på Grand Hotel Terminus.


08.11.2017

Rapporteringskrav. Midlar til symjeopplæring for barn i barnehage for 2017

Kommunen eller den som er tilskotsmottakar skal rapportere til Fylkesmannen om kor mange som har gjennomført symjeopplæring. Det skal også rapporterast på kor mange timar symjeopplæring som er gitt, og kor mange som er i kommunal og privat barnehage. Frist for rapportering er 1. desember 2017.


16.10.2017

Presentasjonar frå barnehagekonferansen i Bergen

Den 29. september gjekk årets GLØD- fagkonferanse for barnehagesektoren av stabelen. Tema var henta frå Ny Rammeplan for barnehagen. Presentasjonane frå konferansen er tilgjengeleg under Dokument i margen til høgre.


28.08.2017

Døme på vedtak i klagesak om tilrettelegging i barnehagen

Fylkesmannen har laga eit døme på eit vedtak frå Fylkesmannen i ei klagesak om tilrettelegging i barnehagen for barn med nedsett funksjonsevne. 


07.07.2017

Nytt til barnehagestart 2017

Utdanningsdirektoratet har lagt ut oversikt over kva som er nytt til barnehagestart. Saka blir oppdatert når det kjem noko nytt.


05.07.2017

Ny rammeplan for barnehagar er lagt fram

Kunnskapsdepartementet har lagt fram ny rammeplan for framtidas barnehagar. Den nye planen er tydlegare på barnehageeigar sitt ansvar og kva som er personalet sine pliktar. 


04.07.2017

Jobbar du i barnehage og har lyst til å ta fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget?

Her får du tilbod om å få ta teoriutdanninga i Barne- og ungdomsarbeidarfaget gratis. Fylkesmannen tilbyr eit tilbod om gratis utdanning for dei som har brukt opp vaksenretten sin. Tilbodet gjeld frå hausten 2017. 


04.07.2017

Er du barnehageeigar og har tilsette som søkjer vidareutdanning hausten 2017?

Barnehageeigarar kan også neste studieår søkje om midlar for å leggje til rette for studium for eigne tilsette. På grunn av at det er ulike lokale behov i landet, vil det hausten 2017 bli lyst ut midlar for lokale prioriteringar i tillegg til midlar som Utdanningsdirektoratet gir gjennom søkjarportalen.