Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Søknad om familiesameining for einslege mindreårige flyktningar - verja og kommunen si rolle

Einslege mindreårige flyktningar tar ofte opp familiesameining (familiegjenforening) når vi er på tilsyn i institusjonar, og spør om kven som kan hjelpe den mindreårige når familien vil søke om familiesameining. Både verje og miljøpersonale skal hjelpe, men har ulike oppgåver.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 27.02.2017

Etter regelverket er verja sine arbeidsoppgåver å representere og hjelpe barnet i høve til offentlege styresmakter, men verja skal ikkje ha ansvar for dagleg omsorg og oppfølging. Dette tilseier at verja har hovudansvaret for dei formelle oppgåvene i saker som gjeld familiesameining, medan miljøpersonalet i omsorgsbustad eller institusjon har hovudansvar for dei praktiske oppgåvene.

Verja må forsikre seg om at barnet forstår søknadsprosessen og konsekvensane av at familiemedlemene kjem til Norge. Verja deltek saman med barnet i eit eventuelt intervju eller samtale med styresmaktene (UDI), og signerer saman med barnet. I denne prosessen representerer verja barnet, men verja er ikkje fullmektig for familiemedlemene. Det er familiemedlemene som står som søkjarar, medan barnet er «referanseperson» i Norge og har i utgangspunktet få og avgrensa oppgåver. Det er familiemedlemene som må skaffe nødvendig dokumentasjon, fylle ut søknadsskjema, reise til aktuell ambassade for å søkje, betale søknadsgebyr med meir.

Vi ser at søkjarane (familien) i mange tilfelle ber barnet om hjelp til ein del av desse meir praktiske oppgåvene. Fylkesmannen oppfordrar til at barnet sjølv, verja og omsorgspersonane i bufellesskapet finn fram til ei fornuftig deling av arbeidsoppgåvene. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet uttaler til dette at:  «vi ser det som naturlig at ansatte i kommuner eller på institusjoner som gjennom sin jobb er i nær kontakt med enslige mindreårige enten som omsorgspersoner, kontaktpersoner eller i en annen rolle, må kunne bistå i form av råd, veiledning og praktisk hjelp når det gjelder den mindreåriges behov/ønske om å fremme søknad om familiegjenforening.» Vidare presiserer direktoratet at dette gjeld uavhengig av om den mindreårige bur på institusjon, i bufellesskap eller på hybel, og at:  «Dersom vergen som er oppnevnt, avgrenser sin rolle til det rent formelle, er det spesielt viktig at en annen person som den mindreårige opparbeider et godt og tillitsfullt forhold til, følger opp dette».

Kontaktpersoner