Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Einslege mindreårige si psykiske helse

Fylkesmannen oppfordrar til fortsatt samarbeid for å møte dei utfordringene avgrensa opphald kan medføre for den psykiske helsa til barna.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 02.01.2017

I løpet av fjoråret fekk 316 einslege mindreårige avgrensa asylsøkjarar opphald frem til dei er 18 år. I januar 2017 fekk 98 einslege mindreårige avgrensa opphald.

I fjor fekk i tillegg 270 einslege mindreårige opphald på humanitært grunnlag, og 49 einslege mindreårige fekk det i januar 2017. Flesteparten av desse fekk ein ettårig tillatelse som var avgrensa på grunn av manglande dokumentasjon på identitet. Tillatelsen kan fornyast.

Regjeringa har no bestemt at dei einslege mindreårige med avgrensa opphald på grunn av tvil om identitet skal busetjast i kommunane. Fylkesmannen oppfordrar til fortsatt samarbeid for å møte dei utfordringene avgrensa opphald kan medføre for den psykiske helsa til barna.

I samband med dette vil Fylkesmannen arrangere eit seminar for kommunane og andre om situasjonen for dei einslege mindreårige: Samling 17. mars 2017

 

Kontaktpersoner