Tilskot til utvikling av dei sosiale tenestene i NAV-kontoret
- Søknadsfrist:
- 1. februar 2020
- Målgruppe:
- Nav-kontora i Møre og Romsdal
- Ansvarleg:
- Helse og sosialavdelinga
- Kven kan søke:
- Nav-kontor
- Rapporteringsfrist:
- 1. februar 2021
Det er no utlyst tilksot til utvikling av sosiale tenester i NAV-kontora. Formålet med tilskotsordninga er å stimulere til å utvikle sosiale tenester som er heimla i sosialtenestelova.
Det overordna målet er å gi eit heilskapleg og samordna tenestetilbod tilpassa behova til brukarane. Gjennom nye arbeidsmetodar og samarbeidsformer skal brukarane oppleve auka kvalitet i tenestene, og gjennom dette også betra levekår.
Målgruppa for ordninga er sosialt og økonomisk vanskelegstilte som har behov for sosiale tenester, og andre som står i fare for å kome i ein vanskeleg livssituasjon.
Følgjande område vil bli særskilt prioriterte i 2020:
- bruk av ordinært arbeidsliv
- oppfølging av barnefamiliar, ungdom og innvandrarar
- sikring av sårbare overgangar, blant anna lauslating etter straffegjennomføring, overgangar mellom ulike tenester, utdanning og arbeidsliv
Særskilt for 2020: Arbeids-og velferdsdirektoratet (Avdir) ønskjer å prøve ut ulike modellar og verkemiddel for å få meir kunnskap om gode tiltak og korleis dei kan spreiast.
For 2020 er målet å få erfaring med desse verkemidla for vidare utvikling av tilskotsordninga, og Avdir ønskjer blant anna å prøve ut nettverk/ klyngesamarbeid og ekstern prosessevaluering på enkelte tiltak som melder si interesse i søknadsskjemaet.
For meir informasjon sjå fullstendig utlysningstekst i høgremenyen. Der finn du også regelverk og søknadsskjema
Søknadsfrist 1. februar 2020
- Søknadsfrist:
- 1. februar 2020
- Målgruppe:
- Nav-kontora i Møre og Romsdal
- Ansvarleg:
- Helse og sosialavdelinga
- Kven kan søke:
- Nav-kontor
- Rapporteringsfrist:
- 1. februar 2021