Frivillig ordning
Verjemål er ei frivillig ordning. Det betyr at personen som treng verje, sjølv må samtykke til at det blir oppretta eit verjemål. Den det gjeld, anten det er deg sjølv eller nokon du kjenner, må samtykke til
- kva verjemålet skal omfatte
- kven som blir utnemnt som verje
Les meir og søk om verje på verjemålsportalen.
All informasjon om verjemål er samla på portalen vergemal.no. Nettstaden blir drifta av Sivilrettsforvaltningen i samarbeid med statsforvaltarane.
Viss du treng å snakke med oss, kan du ringe:
Telefonnummer
71 25 85 00
Telefontider
Måndag og torsdag kl 12.00–14.00.