Før du søkjer
Pass på at du har vedlegga som må lastast opp. Vi treng vedlegga for å kunne behandle søknaden din:
- Dersom de har felles barn under 16 år, må du leggje ved ei meklingsattest.
- Dersom ekteskapet er inngått i utlandet, må du leggje ved vigselsattesten. Dette gjeld ikkje dersom de gifta dykk på ein norsk ambassade i utlandet eller i ei norsk sjømannskyrkje.
Ved samlivsbrot, separasjon og foreldretvister må alle med felles barn under 16 år møte til mekling. Målet er å hjelpe dykk med å lage ein foreldresamarbeidsavtale. Du skal legge meklingsattesten ved søknaden om separasjon.
Råd og rettleiing
Får du ikkje tilgang til det digitale søknadsskjemaet?
Du kan ikkje søke digitalt viss de allereie er registrerte som separerte i Folkeregisteret. Denne situasjonen kan oppstå hvis de har vore separerte tidlegare, men flytta saman att, eller aldri flytta frå kvarandre.
I slike tilfelle må du bruke papirskjemaet som ligg hos Statleg blankettarkiv.
Har du sendt inn ein søknad om separasjon og ønskjer å trekke søknaden, kan du gjere det så lenge Statsforvaltaren ikkje har behandla søknaden. Send melding om at du ønskjer å trekkje søknaden via Melding frå privatperson til Statsforvaltaren (Altinn). Dersom de har sendt inn ein felles søknad om separasjon, må de begge trekke søknaden tilbake.
Viss de held fram med samlivet, eller flyttar saman att, og dette er meir enn eit kortvarig forsøk på å gjenoppta samlivet, må de gi skriftleg beskjed til Skatteetaten. Meldinga er nødvendig for at de igjen kan bli registrerte som gift.
Skatteetaten har meir informasjon til deg som skal separerast eller skiljast. Her finn du også råd om økonomiske og praktiske forhold.
Dersom du har vore eller er utsett for
- overgrep og/eller alvorleg mishandling
- bigami
kan du fremje sak om skilsmisse for tingretten.
Kontakt tingretten der du bur for å få meir informasjon om korleis du går fram (domstol.no)
Du kan søke om skilsmisse direkte dersom du og ektefellen har budd frå kvarandre i minst to år.
Kva skjer etter at eg har søkt?
Når vi har behandla søknaden din, sender vi deg ei separasjonsbevilling. Det er gratis å søke om separasjon og skilmisse.