Munningsfredningssoner

Oppdatert 23. september kl. 18:04

I overgangen mellom elv og sjø kan det vere munningsfredningssoner med særskilte reglar for fiske. Slike fredningssoner kan strekkje seg fleire hundre meter frå sjølve elvemunningen.

100-metersona 

Frå grense elv-sjø og 100 meter ut i sjøen er det berre lov å fiske med stong og handsnøre frå land, og berre når fisket i vassdraget er opna. I sjø er fiske med stong og handsnøre ein allemannsrett. 

Munningsfredningssoner

Munningsfredningssona strekkjer seg utover 100-metersonen, og vanligvis flere hundre meter frå grensa mellom elv og sjø. Slike soner er oppretta utanfor dei viktigaste elvane med anadrom laksefisk, og munningsfredningssona kan vere inntil to kilometer ut frå vassdraget. I munningsfredingssona er fisket strengt regulert for å gi bestandane av anadrom laksefisk ekstra vern. 

Gi oss ei tilbakemelding
Fann du det du leitte etter?

Du har 400 teikn igjen.
Her svarer me ikkje, men treng du hjelp kan du bruka skjemaet sikker melding.
Me bruker svaret ditt til å gjera nettsida betre.