Stenger Angvik barnehage umiddelbart

Publisert i dag kl. 10:42

Statsforvaltaren har vedtatt ei tidsavgrensa stenging av Angvik barnehage, som for tida er lokalisert i Heggem allaktivitetshus. Stenginga skjer umiddelbart.

Stenginga gjeld fram til Gjemnes kommune som barnehageeigar kan dokumentere at nødvendig driftsgodkjenning er på plass.

Bekymra foreldre

Sommaren 2026 fekk Statsforvaltaren i Møre og Romsdal ei bekymringsmelding frå foreldre i barnehagen. Dei spurte om lokala var eigna, og viste mellom anna til utfordringar knytt til luftkvalitet, temperatur og akustikk. Det blei også opplyst at enkelte barn etter foreldra si erfaring hadde fått meir luftvegsplager etter at barnehagen flytta inn i lokala. Barnehagen har vært i drift sidan august 2025.

Statsforvaltaren undersøkte på bakgrunn av bekymringsmeldinga om Angvik barnehage hadde nødvendig driftsgodkjenning. Gjemnes kommune bekrefta at slik godkjenning ikkje ligg føre.

Omsynet til barna avgjer

– Vi har følgd opp saka. Etter ei samla vurdering konkluderer vi med at omsynet til barnas helse, tryggleik og behov for eit godkjent og forsvarleg barnehagetilbod veg tyngre enn omsynet til framleis drift. Dei forholda som hindrar godkjenning må bli retta først, seier fungerande områdedirektør hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Grete Teigland.

Ho seier at stenginga vil vere belastande for familiane til barna. 

– Det er likevel snakk om ei tidsavgrensa belastning. Omsynet til belastninga for familiane, må derfor vike for omsynet til barnas beste, seier Teigland.

Driftsgodkjenning må på plass 

Stenging av barnehagen er eit stort inngrep overfor kommunen som barnehageeigar. Formålet er å sikre at drifta ikkje held fram før nødvendig godkjenning ligg føre. Etter barnehageloven er det eit krav at barnehagar har slik godkjenning før dei kan starte opp. Kravet til godkjenning før oppstart skal bidra til å forhindre at barn oppheld seg over tid i lokale som ikkje er vurdert og funnet eigna for barnehagedrift.

Kommunen bekrefta 13. oktober at nødvendig driftsgodkjenning framleis ikkje ligg føre. Dei opplyser at arbeid med ventilasjon, akustikk og andre forhold ved bygget framleis pågår, og at det også er avvik påpeika av brannmyndigheitene som skal bli følgt opp.

– For at vi skal oppheve vedtaket, må kommunen ha driftsgodkjenning på plass, og vise at forholda som har hindra godkjenning er retta.

Også alternative lokale må vere godkjente

– Vi ser at kommunen foreslår å ta i bruk lokale ved Angvik skole. Dersom desse skal i bruk, må også dei vere godkjente før lokala blir tatt i bruk, avsluttar Teigland.