Rapporteringa gir Statsforvaltaren nødvendig informasjon om produksjon, utslepp og reinseeffekt ved anlegga. Opplysningane bruker vi til å følge opp løyve etter forureiningslova og i tilsynsarbeidet.
Kven skal rapportere?
Årsrapporteringa gjeld:
- anlegg utan reinsekrav
- anlegg med krav om reinsing
Verksemder som rapporterte i fjor, skal sende inn årsrapport for 2026. Verksemder som ikkje tidlegare har rapportert, skal sende inn opplysningar for perioden 2021–2026.
Verksemder som ikkje hadde drift i 2026, skal sende inn ein kort statusrapport med informasjon om planlagd oppstart og venta utvikling i produksjonen. Det er ikkje krav om å nytte eige skjema for denne rapporteringa.
Kva skal rapporterast?
Rapporteringa skal mellom anna omfatte opplysningar om:
- årleg biomasseproduksjon
- årleg fôrforbruk
- reinseanlegg og reinseeffekt
- oppsamla slam og slamanalysar (der dette er relevant)
- kvar oppsamla slam blir levert
- eventuelle utsleppsavvik i rapporteringsåret
- koordinatar for utsleppspunkt
Verksemder utan reinsekrav skal rapportere biomasseproduksjon, fôrforbruk, om anlegget har reinseanlegg og koordinatar for utsleppspunktet. De treng ikkje bruke eit bestemt skjema når de rapporterer.
Verksemder med reinsekrav skal rapportere alle opplysningane nemnde ovanfor. Desse verksemdene skal òg nytte Statsforvaltaren sitt rapporteringsskjema i Excel-format for utrekning og rapportering av utslepp til sjø.
Rapporteringsskjema
Her finn de rapporteringsskjema og utsendingsbrev:
Årsrapporteringsskjema for landbaserte akvakulturanlegg i Møre og Romsdal med rensekrav (Excel)
Det er førebels ikkje etablert ei løysing for rapportering gjennom Altinn. Rapporten skal derfor sendast til Statsforvaltaren på e-post: sfmrpost@statsforvalteren.no
Bakgrunn for rapporteringa
Mange landbaserte akvakulturanlegg har krav om årleg rapportering i utsleppsløyvet. For verksemder som ikkje har eit slikt krav, hentar Statsforvaltaren inn opplysningane som ein del av si tilsynsverksemd.
Rapporteringa gir meir kunnskap om utslepp frå landbasert akvakultur og eit betre grunnlag for å følge opp miljøpåverknad og etterleving av regelverket.
Gebyr
Verksemder må betale gebyr for Statsforvaltaren si behandling av eigenkontrollrapportar og for gjennomføring av tilsyn. Gebyret følgjer føresegnene i forureiningsforskrifta § 39-5. Satsen for 2026 er 5 300 kroner.
Det endelege gebyret blir fastsett ut frå ressursbruken i den enkelte saka. Dersom saksbehandlinga har eit avgrensa omfang, kan gebyret reduserast eller falle bort.
Frist
Fristen for å sende inn årsrapport for 2026 er 1. mars 2027.
Kontakt oss
Send oss ein e-post, og skriv kva saka gjeld i emnefeltet.
Då blir e-posten sendt til rett fagperson.